Arve Kjell Uthaug

7

Kyrkja er lokal

Og ho er verdsvid. Alle nivå mellom desse to er litt mindre viktige.

Publisert: 5. sep 2019

Den universelle kyrkja kryssar grensene mellom kyrkjesamfunn og nasjonar. Heldigvis er ikkje grensene slik dei ein gong var. Fellesskapet med ein pinseven og ein katolikk kan vera like sterkt og naturleg som med ein med-lutheranar.

Like viktig er den lokale kyrkjelyden. Utan dette fellesskapet blir kyrkja mest teori. I den lokale forsamlinga møter vi menneske ansikt til ansikt, lyttar til Guds ord i lag, deler brød og vin og slår av ein prat over ein kopp kaffi. Det er viktig å ikkje konstruera ein konflikt mellom det pulserande kristne fellesskapet og den store medlemsmassen i kyrkja. Tvert om. Ein levande, lokal kyrkjelyd og menneska der kan nå ut til både passive medlemar og ikkje-medlemar. Vi blir Kristus-etterfølgjarar i fellesskap med andre som trur, og det er større grunn til glede over eitt menneske som kjem til tru enn over ti prosents auke i deltakinga ved kyrkjevalet.

Derfor er det viktig at dei som blir valde til bispedømeråd og kyrkjemøte, har tru på den lokale kyrkjelyden. Våg å satsa på dei lokale fellesskapa, sjølve berebjelken i kyrkja! Dei lokale kyrkjelydane må få større ansvar, fleire oppgåver og meir tillit. Eit viktig steg er å la kyrkjelyden ta over ansvaret for å tilsetja prestar, og ikkje berre få uttala seg. Den endelege avgjerda bør liggja lokalt. Forvent òg større økonomisk innsats i form av gjevarteneste som kan gå direkte til styrking av det lokale arbeidet. Og legg gjerne kyrkjevalet til kyrkjene like etter gudstenesta eit par, tre søndagar i valåret. Det er vel ikkje urimeleg at dei som vil styra framtida for kyrkja, prioriterer å stikka innom ei gudsteneste i ei kyrkje nær seg?

Den norske kyrkja må satsa på vekst nedanfrå.

Arve Kjell Uthaug,

kandidat på Nominasjonskomiteens liste til kyrkjevalet i Bjørgvin

 

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Sjelesørgeren Alf Gjøsund
av
Vebjørn Selbekk
20 dager siden / 5170 visninger
Religiøs fyllefest på Visjon Norge
av
Levi Fragell
28 dager siden / 3137 visninger
Hva KRIK er og skal være
av
Bjørnulf Tveit Benestad
21 dager siden / 2330 visninger
Snevert om synd
av
Torunn Båtvik
28 dager siden / 2205 visninger
Støre-saken: Blodtåke i NRK
av
Vårt Land
18 dager siden / 1773 visninger
KRIK ved et veiskille
av
Øivind Benestad
22 dager siden / 1749 visninger
KRIKs spagat
av
Vårt Land
20 dager siden / 1734 visninger
En løsning som inkluderer
av
Berit Hustad Nilsen
15 dager siden / 1671 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere