Verdidebatt

Vi som elsket Amerika

Å vere norsk er også å vere under sterk påverknad frå amerikansk kultur. Bør det vere slik?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Då eg vaks opp, var USA noko veldig kult. Frå vi var born, såg vi amerikansk TV og film, las amerikanske teikneseriar, høyrde på amerikansk musikk, spela japansk-amerikanske TV-spel. Det var Donald Duck, Turtles, «Arnold» og ZZ Top. I matvegen gjekk det også ofte i amerikansk: Fast food, Cola, snacks og søtsaker. Som ung vaksen lengta eg etter å besøke USA. Det vart fleire spennande og opplevingsrike turar til New York og omegn. Den amerikanske kulturen vart ein sterk del av mi eiga sjel, på godt og vondt.

Eit land i krise

I dag, når eg kjenner historia betre, så veit eg at denne sterke kulturelle påverknaden frå USA særleg skriv seg attende til tida etter andre verdskrigen. Noreg vendte då andletet mot vest. Dette skjedde ganske medvite, om enn noko motvillig. Vi trong økonomisk og militær stønad frå USA. Til gjengjeld skulle vi opne marknadane våre for amerikanske varer og amerikansk kultur. Kanskje var dette ei fornuftig vurdering den gongen. Men i dag …?

Det er rimeleg å seie at USA for tida er eit land i djup krise. Krisa kjem framfor alt til uttrykk i den politiske situasjonen, med svekka demokratiske institusjonar og prinsipp, ei realitystjerne som president, usanningar i media, maktkonsentrasjon hjå dei rikaste, mislukka krigføringar på falskt grunnlag. Men reint sosialt og kulturelt slit USA også, mellom anna med mykje fattigdom, einsemd og smerte. (Sjå til dømes Harvard-professor Robert Putnam sine studiar «Bowling alone» og «Our kids»). I nyhenda kan ein nærast dagleg høyre om masseskytingar; så langt i 2019 har det vore 297(!) av dei.

Ein avgrensa tradisjonsarv

Kva har gått gale? Kva er rotårsakene til det som no skjer i USA? Den kanskje beste faglege utgreiinga av desse spørsmåla, gjev den amerikansk-jødiske sosiologiprofessoren Morris Berman i sin «Why America Failed»-trilogi. Hans hovudpoeng er dette: USA som «idé» sprang ut av ein svært avgrensa del av den vestlege tradisjonsarven. USA vart bygd på ideal om moderne demokrati, kristen protestantisme, sosial individualisme og framfor alt økonomisk marknadskapitalisme.

Men andre kulturtrekk vart ofte neglisjerte, anten medvite eller umedvite: Gresk-romersk og jødisk-kristen arv; katolisisme og ortodoksi; tradisjonar for handverk og kunst; teknologikritikk; høgkultur; djup spiritualitet; naturkontakt; fagforeiningsarbeid; sosiale velferdsordningar; tradisjonar for næringsrik og god mat. «A nation of hustlers» har USA treffande vorte kalla. Men eit folk kan ikkje på sikt ha «fri marknad,» forbruk og rå konkurranse som sine livskjelder.

Indre og ytre reise

Sosiologen Berman peikar på at «vanlege folk» som er under sterk påverknad frå amerikansk kommersiell og individualistisk kultur, vil måtte trenge å gjere ei reise. Anten ved å fysisk flytte til eit landområde med ein rikare og djupare og meir godarta kultur. Eller ved ei indre reise, lik den ein finn att i dei historiske klosterrørslene. Det vil seie: Leve livet sitt i ein samanheng, eit fellesskap, som kultiverer dei verkeleg djupe og viktige tinga i livet. Og som samstundes vernar mot dei skadelege og overflatiske tinga.

Det er godt når den kristne kyrkja er med på å spele ei slik rolle. Det vil seie: Når ho forvaltar og ber fram godarta og rike sider av vår kulturhistorie og kulturtradisjon. Når ho er ei motvekt mot «mammon», og hegnar om det som verkeleg er verdt noko. Når ho er med på å binde saman, skape fellesskap, søke fred, verne om dei sårbare.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt