Verdidebatt

Kan kyrkjepolitiske lister passivisere lokaldemokratiet

Betyr kyrkjepolitiske lister overkøyring av det lokale kyrkjedemokratiet? Korleis skal forholdet mellom "partilinje" og omsyn til høyringsprosessar handterast? Dette er viktige spørsmål som gjer meg skeptisk til ordninga med partilister i kyrkjevalet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er gode sider ved at kandidatar til Bispedømmeråd og Kyrkjemøtet blir valde på grunnlag eit forpliktande program, slik som det har blitt argumentert sterkt for i denne valkampen. Baksida ved denne ordninga er at den forpliktar representantane slik at dei i enkelte saker må sjå bort frå klare lokale votum. Når kyrkja samstundes har prosessar med involvering av dei lokale ledda i kyrkja, skaper det sterk frustrasjon hos dei som uttaler seg men føler at dei ikkje blir høyrt. Vi har sett klart uttrykt at medlemmer i Åpen Folkekirke forventar at dei som er innvalde på deira lister skal bruke makta si til tilsetje biskopar står på «partiet» si linje i vesentlege spørsmål.

Det er for så vidt demokratisk og legitimt å bruke makta som veljarane har gitt i opne val, men det kan vere øydeleggjande for det lokale kyrkjedemokratiet. Når sokneråd og andre brukar kreftene sine til å levere høyringssvar og lese lange og krevjande saksutgreiingar, blir det provoserande og dessverre passiviserande når dei opplever at sakene som dei har jobba seriøst med blir oversett fordi høyringssvaret går mot ”partilinjer” hos dei som har den endelege beslutninga.  Kven vil engasjere seg i saker der du kaster bort tida?

Dei som sit i kyrkja sine sentrale posisjonar brukar mykje tid på sakene og les kilovis med sakspapirer kvart år. Dei skal også stå til ansvar for beslutningane som blir tatt.  Har ikkje dei betre grunnlag for å gjere dei rette vala enn lokale soknerådsmedlemmer som kanskje berre har eit perifert forhold til ei saksutgreiing?

Vi treng å drøfte desse problemstillingane, utan engasjerte og inspirerte lokale kyrkjeleiarar stivnar kyrkja og misser kraft i lokalmiljøet. Vi må skape eit kyrkjeleg demokrati som engasjerer og inspirerer også dei lokale tillitsvalde.

Eg ynskjer å arbeide for at det lokale leddet blir involvert og høyrt i samspel med dei sentrale beslutningstakerane. Eg vil også arbeide for ein forenkling i prosessane slik at dei er betre tilpassa det lokale kyrkjedemokratiet og har eit klarere mandat for dei som bruker tid og energi på å involvere seg. Når ein søkjer råd må ein lytte til råda.

Difor er det også eg stiller til val på Nominasjonskomiteen si liste, eg tenkjer at det gir det beste grunnlaget for å utvikle eit slikt kyrkjedemokrati.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt