Verdidebatt

Kjære kristensosialistar

Medan regjeringa opnar nye oljefelt, kan du kutte utslepp i fylket og kommunen din.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg veit om mange som ikkje klarar å bestemme seg for kva dei skal stemme i år. Som kanskje til og med vurderer å stemme blankt fordi dei ikkje vil stemme KrF etter regjeringsskiftet. Å vise motstand er viktig, men kjære kristensosialistar, i år er ikkje tida for å stemme blankt. I år treng barna og skaparverket stemma di. Da må den gå til dei som alltid sett miljøet vårt først.

Amazonas brenn, og årets heitaste debattema er bompengar. Donald Trump vil hindre informasjon om klimaendringar og regjeringa nektar å ta imot menneske som er stranda på båtar i Middelhavet. Det er mykje som ser mørkt ut for oss som streikar for klimaet. Heldigvis er det ikkje vi unge som er håpet dykkar for framtida, det er de som er håpet for framtida vår.

Eit av mine førebilete heiter Frøya. Ho er nettopp blitt 13 og har streika for klima kvar fredag sidan februar. Vi har 10 år på å halvere verda sine klimagassutslepp. Når Frøya kan stemme for første gong, har vi berre 4 år på oss igjen. Vi kan ikkje vente til Frøya har stemmerett med å ta ansvar. Det er ikkje ho som skal løyse problema med tap av vill natur og global oppvarming. Det er vårt ansvar, vi som har stemmerett.

Dei viktigaste avgjerdene gjer vi lokalt. Å kutte utslepp i by og bygd har mykje å seie for planeten vår: Det er i byane at dei største utsleppa blir gjort, og da er det i byane dei største kutta må bli gjort. Og medan presidenten i USA prøver å snike seg unna Parisavtalen, lagar dei største byane i USA avtalar om at dei skal kutte sine utslepp. Medan regjeringa opnar nye oljefelt, har du moglegheit til å kutte utslepp i fylket og kommunen din. Dei fleste kommunar og fylker i Noreg har vallister med politikarar som alltid vil prioritere klima og miljø framfor maktposisjonar. Derfor er det ikkje tid for å stemme blankt i år. I år er det tid for å gi stemma di til naturen, dyra og borna.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt