Aksel Johan Lund

4

Ikkje bra nok, KRIK!

KRIK sitt landsstyre har no vedteke at organisasjonen framleis skal «løfte opp ekteskapet mellom mann og kvinne som Guds gode ordning for samlivet». Samstundes insisterer dei på å vere tverrkyrkjelege og lågterskel. Desse to tinga er ikkje i samsvar.

Publisert: 27. aug 2019  /  620 visninger.

Det har vore store diskusjonar knytte til den omstridte formuleringa i KRIK sine spelereglar, der organisasjonen har trekt fram ekteskapet mellom mann og kvinne som Guds gode ordning for samlivet. Mange har reagert kraftig på denne formuleringa, og har krevd at organisasjonen fjernar formuleringa og ikkje legg seg opp i samlivsforma til sine friviljuge leiarar.

Den 26. august fatta eit ekstraordinært landsstyremøte vedtak i saka, som konkluderte med at dei framleis skal «løfte opp ekteskapet mellom mann og kvinne som Guds gode ordning for samlivet», samstundes som dei «respekterer vi at våre ledere kan ha et annet syn og praksis enn KRIK i dette spørsmålet. Samlivsform skal derfor ikke være avgjørende for hvorvidt man kan være frivillig leder på KRIK-leir.»

At KRIK ikkje lenger vil diskriminere friviljuge leiarar på bakgrunn av samlivsform er godt, og slik sett er dette vedtaket eit framsteg. Likevel er det langt i frå godt nok. KRIK insisterer nemleg framleis på at dei er ein tverrkyrkjeleg organisasjon med ein låg terskel, trass at dei tek eit tydeleg standpunkt i det som i vår kontekst er eit omstridt teologisk spørsmål. Respekten for andres syn vert då kun overfladisk – sjølv om ein ikkje diskriminerer i praksis, anerkjenner ein ikkje den andres syn fullt ut.

Idrettsprest Bjørnulf Tveit Benestad framhever KRIK som ein lågterskel og tverrkyrkjeleg organisasjon. Han skriv at KRIK har arbeidd «på tvers av uenigheter som opp gjennom historien har vært såpass dype at de har splittet trosfellesskap», og at KRIK aldri har vore brukt «som en teologisk kamparena». Tveit Benestad insisterer på at på trass av dette vedtaket, kjem KRIK til å fortsetje å vere ein brubyggjar, og «gå den balansegangen som kreves for å nå de andre ikke når, og samle de andre ikke samler».

Dette er eit prisverdig mål, og eg skulle vone at KRIK verkjeleg kunne vere ein slik organisasjon. Slik opplevde eg sjølv at KRIK var i min ungdom, og slik veit eg mange andre har opplevd det. Men faktum er at landsstyrets vedtak er eit vedtak som set terskelen for høgt for mange. Ved å ta eit standpunkt som kun anerkjenner det klassiske ekteskapssynet, er den andres syn implisitt feil, og dermed mindreverdig.

At KRIK ikkje lenger vil diskriminere er bra. Men det er ikkje bra nok. Organisasjonen burde ikkje ta standpunkt i nokon form for teologiske spørsmål – verken samlivsetiske eller andre – som er splittande. Ved å fatte dette vedtaket har landsstyret tydeleg plassert KRIK på den eine sida i det som i kyrkje-Noreg er ein splittande debatt. KRIK er ikkje lenger ei kampfri sone og eit brubyggjande fellesskap, slik det i så mange år har vore. Slik så mange av oss hadde håpa at det framleis kunne vere.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Ja vi elsker alle i dette landet
av
Jarle Mong
5 dager siden / 2771 visninger
Mel gir stabilitet
av
Ingrid Vik
28 dager siden / 1884 visninger
Er far og hans slekt uten betydning?
av
Øivind Benestad
2 dager siden / 1278 visninger
Hvem skal bli født?
av
Paul Leer-Salvesen
8 dager siden / 1002 visninger
Mor eller menneske?
av
Liv Osnes Dalbakken
30 dager siden / 687 visninger
Hjemlengsel
av
Joanna Bjerga
3 dager siden / 620 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere