Verdidebatt

Afrika og vårt nærvær

Historia om Afrikas framvekst treng ein realitetssjekk. Behovet for vårt nærvær blir ikkje mindre fram mot 2030.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

KrFs utviklingsminister Dag Inge Ulstein vil fattigdomsorientere norsk bistand igjen. Særleg vil han konsentrere meir av innsatsen om Afrika. Det er godt, for afrikanske land står nå overfor større utfordringar enn dei nokon gong har gjort. Samtidig har Dagfinn Høybråten heilt rett i innlegget i Vårt Land 7. august, der han på vegner av dei «fem store» bistandsorganisasjonane seier at den lokale forankringa av norsk bistand har blitt svekka dei seinare åra.

Fleire utviklingstrekk gjer det nå nødvendig å revidere vårt bilde av det afrikanske kontinentet ennå ein gong. Carlos Lopes, tidlegare sjef for FNs økonomiske kommisjon for Afrika, peikar  i ei ny bok på at realitetssjekkinga er tilbake i debatten om Afrika. Forteljinga om Rising Africa bleiknar. Nyare studiar stiller spørsmål ved om den eksportleia modellen vil føre fram. Afrika må finne sin eigen modell, seier han. Eg meiner han har rett.

Det går framover

Visst går det framover i Afrika. Men det økonomiske bildet er slåande todelt. Den eine sida er dynamisk og til dels storslagen. Den andre kan ta motet frå dei fleste.

Byar som Dar-es-Salaam, Luanda og Accra er ikkje til å kjenne att. Nedslitne jernbanenett blir moderniserte og nye bygde med kinesisk investering. Addis Ababa har fått sin eigen metro. Men ein kvart milliard menneske bur i slum i dei raskt veksande byane.

Unge gründerar i titusental tar informasjonsteknologien i bruk og startar små bedrifter. Somme veks seg store. Men berre ein av tre ungdommar kan rekne med å finne arbeid, og i 2050 vil det finnast over 800 millionar ungdom mellom 15 og 35 år.

Ein kan ikkje sjå bort frå den oppsiktsvekkjande framgangen når det gjeld utdanning og helse. Og i løpet av dei siste 25 åra har prosenten av ekstremt fattige i Afrika gått ned frå 54 til 41 prosent. Likevel har det absolutte talet på ekstremt fattige auka.

Afrika har for første gong fleire ekstremt fattige enn Asia, og 33 av dei 47 minst utvikla landa i verda er afrikanske. Ikkje ein gong i mellominntektslandet Kenya, som har hatt ein vekst på om lag fem prosent i året det siste tiåret, har talet på ekstremt fattige gått særleg ned.

Problem i kø

Nå hopar problema seg opp. Den asiatiske vegen, å basere seg på eksport av industrivarer ved å utnytte billig arbeidskraft og til dels ny teknologi, synest så godt som stengd. Digitalisering og automatisering gjer det svært vanskeleg for afrikanske land å følgje etter Vietnam, Bangladesh og andre asiatiske land i å byggje opp ein industri for eksport på verdsmarknaden.

Teknologisk nyvinning skaper store mulegheiter. Men det digitale gapet mellom dei fattigaste landa og andre land aukar. Klarer ein ikkje å minske det gapet, vil også teknologien bidra til at forskjellane aukar.

Så kan ein leggje til klimaendringane, som FNs generalsekretær Antonio Gutteres seier kan bli ein katastrofe for Afrika. Og interne væpna konfliktar og opprør som har spreidd seg så langt sør som i det nordlege Mosambik, sjølv om omfanget av krigar har gått sterkt ned sidan 1990-talet,

Kunnskap for å kunne forstå

For at vi skal kunne bidra best muleg er det avgjerande å ha kunnskap om korleis samfunna fungerer. Det som med få unntak pregar afrikanske land er den svake staten; svak når det gjeld evna til å møte befolkninga sine behov. Afrikansk stat og maktforhold er ennå sterkt dominert av tradisjonane, der det såkalla big-man-syndromet står sterkt, og der folk som har pengar ofte heller investerer i relasjonar enn i produktiv verksemd. Det tradisjonelle brytest mot det moderne. Resultatet er ofte at ting ikkje er som dei synest. Korleis tradisjonar og maktforhold utfaldar seg i kvart enkelt land kan ein berre prøve å skjøne ved å vere til stades.

La meg ta eit enkelt eksempel. I vestlege land er det godt dokumentert at skatt verkar utjamnande. Men den argentinske forskaren Nora Lustig fann at i fire av fem afrikanske land som teamet hennar undersøkte, var nettoeffekten av skatt og overføringar at talet på ekstremt fattige auka. Det var først og fremst middelklassen som nytte godt av skatteinntektene. Det er svært gode grunnar til å gi bistand til å gjere skattesystem betre i fattige land, men det er samtidig nødvendig å vere sterkt til stades, kunne planleggje kontinuerleg og kunne analysere verknadene av samarbeidet.

Behovet for nærvær blir ikkje mindre ved at større delar av den norske bistanden går gjennom multilaterale kanalar og globale program. Norske pengar har ein lang veg gjennom globale ordningar før dei når fram til dei som skal nyte godt av bistanden, og det er viktig at Norge er til stades for å følgje opp effektivitet og resultat.

Bistand framleis viktig

Eg skriv dette vel kjend med at internasjonalt utviklingsarbeid er i rask endring. Men bistand kjem framleis til å vere viktig for fattige land fram mot 2030 og seinare. Sjølv om internasjonal bistand i 2017 berre utgjorde 11 prosent av den totale finansflyten til utviklingsland, var den på 36 prosent for låginntektslanda. Direkte investeringar var på 21 prosent i desse landa.

Dei mange og samansette hindringane afrikanske land står overfor når dei, som Carlos Lopes seier, skal finne sin eigen modell, gjer det viktig at Norge brukar heile spekteret av kanalar og verkemiddel, frå globalt samarbeid til statleg bistand og til ulike organisasjonar og næringslivet. Og som Høybråten peikar på, er det avgjerande å ha nok kunnskap om dei aktuelle landa, og ikkje minst høyre på dei som programma skal vere til nytte for.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt