Aksel Johan Lund

4

Den liturgiske kuttemanien

Det er viktig at gudstenester i Den norske kyrkja tek omsyn til den konteksten dei vert feira i. Men korfor resulterer omsynet til konteksten så ofte i ein reduksjon av liturgien til eit absolutt minstemål?

Publisert: 24. aug 2019

«Stadeigengjering» og «fleksibilitet» er to av verdiane som vert lyfte fram når ein snakkar om gudstenestereforma i Den norske kyrkja. Det er gode og prisverdige mål at gudstenesta skal vere stadeigen, slik at den opplevest nær og relevant for kyrkjelyden, så vel som fleksibel, og at det er rom for fleire ulike måtar å tenkje om gudstenesta på.

I kyrkja finn me svært mange paradoks: Gud som er tre, men samstundes éin, Jesus, som er menneske, men samstundes Gud, menneske som er rettferdiggjort, men samstundes syndarar, brødet og vinen, som samstundes er Jesu legeme og blod. Gudstenestefeiringa er òg eit slikt paradoks: gudstenesta er universell, og strekkjer seg på tvers av tid og rom, og vert feira saman med den verdsvide kyrkja gjennom alle tider. Samstundes feirar me ho her og no, i vår tid, i vår kultur.

Som gudstenestefeirande fellesskap har den kristne kyrkja alltid stått med ein fot planta i skrifta og den kristne tradisjonen, og den andre i eins eigen kultur og samfunn, eller kontekst, som me gjerne kallar det. På eitt vis feirar me gudstenesta slik me alltid har gjort det. Samstundes har gudstenesta alltid vore i endring, og har alltid vore – og er framleis – særeigen for si tid og sin kontekst.

Spørsmålet er difor ikkje korvidt gudstenestefeiringa bør vere kontekstuell, tilrettelagt og prega av vår samtid, men heller på kva vis me gjer gudstenesta aktuell og relevant.

I min eigen kontekst, som er Stavanger bispedøme, har liturgireformen utvilsomt ført mykje godt med seg. Det er fleire medarbeidarar i gudstenestene, nattverd vert feira langt oftare enn før, og mange friviljuge og tilsette har òg lagt mange timar arbeid ned i å lage sine eigne, lokale gudstenesteordningar. Som fylgje av trusopplæringsreforma er òg mange fleire gudstenester særleg tilrettelagt for enkelte grupper, som born, ungdom, eller dåpsfylgjer.

Alt dette bør me utvilsamt vere takksame for. Samstundes meiner eg me treng å rette eit kritisk blikk mot måten me tilrettelegg somme av gudstenestene våre på. Svært ofte resulterer nemleg denne såkalla tilretteleggjinga i ei reduksjon av liturgien heller enn ei tilpassing av han.

Om me til dømes skal ha gudsteneste med mange dåp, då bør me kutte syndvedkjenninga, slik at dåpsfylgja ikkje trur me vil påføre dei skam. Om me skal ha gudsteneste der eit trusopplæringstiltak deltek, så bør me nok kutte Kyrie – seksåringar er neppe kyndige i gresk. Om me skal ha gudsteneste der det er mange ungdommar, så likar vel dei helst moderne musikk, så me byter ut salmane med moderne lovsongar. Eller om me skal ha ei gudsteneste der me ikkje forventar så mange folk, då er det nok lurt å forkorte nattverdliturgien til eit minimum, den er jo så ordrik.

I denne iveren etter å gjere gudstenesta lett tilgjengeleg for folk flest, risikerer me å miste noko på vegen. Me risikerer at kontakten med kyrkja sin tradisjon, med den verdsvide gudstenestefeiringa som strekkjer seg på tvers av tid og rom, forsvinn. Og kva hjelper det vel om dåpsfylgja og ungdommane kjende seg velkomne på ei gudsteneste der dei var spesielt inviterte, om dei ikkje kjenner igjen den same kyrkja på ein vanleg sundag?

For nokre år sidan var eg på tur i Kina. I løpet av turen var det lagt opp til at me kunne dra på gudsteneste på sundagen. No har det seg slik at kinesisken min begrensar seg til «hei», «takk», og «hyggjeleg å møte deg». Det var heller ikkje omsetjarar på den gudstenesta me gjekk på. Likevel, på trass av at eg ikkje forstod eit ord, forstod eg på eit vis alt. Liturgien var på eit framand språk, men svært gjenkjenneleg. Eg kjende på kjensla av å vere ein del av ei verdsvid kyrkje, som feirar gudsteneste saman, på trass av kulturelle og språklege grenser.

Dersom me forsøkjer å gjere gudstenesta tilgjengeleg gjennom å redusere alt det som kan vere vanskeleg å forstå, kan me komme i skade for å miste kontakten med tradisjonen og den verdsvide kyrkja fullstendig. Så i staden for å tenkje at tilretteleggjing av gudstenesta handlar om å fjerne det som ikkje passar inn, kan me kanskje våge oss å tenkje meir kreativt.

Eg meiner ikkje dermed at kvar gudsteneste i vår kyrkje burde feirast som ei fullverdig høgmesse. Somme gonger er nok det rette å redusere liturgien noko. Men kanskje vel så ofte ligg ikkje løysinga i å fjerne, men i å tilretteleggje: gjennom å finne nye formuleringar som kjem i kontakt med vår kontekst, gjennom å finne nye måtar å synge gamle songar på, gjennom å halde oss trufast til ein tradisjon som me samstundes stadig fornyar.

Den kristne gudstenesta har halde seg i snart to tusen år. Ho har endra seg mykje, men er samstundes svært gjenkjenneleg. Og med ein fot trygt planta i vår kristne arv og tradisjon, og den andre i vår eiga samtid, vonar eg at me fortset å feire gudstenester i minst to tusen år til.

4 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Sjelesørgeren Alf Gjøsund
av
Vebjørn Selbekk
26 dager siden / 5286 visninger
Hva KRIK er og skal være
av
Bjørnulf Tveit Benestad
27 dager siden / 2403 visninger
Støre-saken: Blodtåke i NRK
av
Vårt Land
24 dager siden / 1811 visninger
KRIK ved et veiskille
av
Øivind Benestad
28 dager siden / 1794 visninger
KRIKs spagat
av
Vårt Land
26 dager siden / 1759 visninger
Religiøs fyllefest på Visjon Norge
av
Levi Fragell
rundt 1 måned siden / 1756 visninger
En løsning som inkluderer
av
Berit Hustad Nilsen
21 dager siden / 1696 visninger
Kravet om bagatellisering
av
Espen Ottosen
27 dager siden / 1477 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere