Verdidebatt

Hadde ­luddittane rett?

Netthandelen kan gjera det uhyggeleg stille der ute.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var då eg såg enden på ein ettermiddagstung og blodsukkerlåg kvardagshandel, at eg høyrde mannen framføre meg spørja ho som arbeider i kassen: «Skal de få slike kassar med sjølvbetening her?»

– Nei, då stenger nok sjefen heller butikken. Me går ikkje på akkord med servicen her, kom det kontant. Ho retta ryggen, og eg flirte litt for meg sjølv. Han ho snakka med, er heilt klart glad i-ny-teknologi-typen: Ja til alt som kan gjera livet enklare, kjappare og gi han kjensla av å vera sjølvhjelpt. Eg veit det, for eg er gift med han. I dei butikkane som har automatiske skannarar, vel han dei.

Ein kan jo lura på om ho hadde misforstått, dreiv med ønskjetenking eller at sjefen hadde snakka over seg. Eller er kjøpmannen ny-ludditt?

Øydela fabrikkmaskinar

Luddittane var engelske vevarar og tekstilarbeidarar som gjorde opprør mot industrialiseringa. Mellom 1811 og 1814 øydela dei fabrikkmaskinar i protest mot at jobbane deira og gamle handverkstradisjonar forsvann. Rørsla blei slått ned av militæret og ved hjelp av dødsstraff og deportasjonar. Og ikkje minst har historia gjort dei til latter som bakstrevarar. Dagens teknologiskeptikarar blir i ein del debattar kategoriserte som ny-luddittar.

Samtidig er det ikkje lenger berre håplause pessimistar som er uroa for «teknologisk arbeidsløyse» i nær framtid. ­Automatisering og robotisering kjem til alle bransjar. I fjor var det 376.100 tilsette i varehandelen i Noreg, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Det er den nest største yrkesgruppa vår, berre helse- og omsorgssektoren er større. Korleis vil tala sjå ut om ti år?

Så langt har butikken med den mystiske sjefen ingen skjerm-kassar, og den ligg i Noregs-toppen for omsetning. Det er ikkje så rart: Når køen har nådd to personar, blir ein ny kasse bemanna på få sekund. Handlekorgene er alltid nyvaska. Alt er friskt, ferskt og ryddig. Yrkesstoltheita ligg som ein vennleg og varm tone hjå medarbeidarane. Foreiningar får lotteripremiar, sponsing eller avtale om å levera ubrukte varer etter arrangement. Alt dette betyr sjølvsagt lojale kundar.

Den fåmælte kjøpmannen

Men kva slags samfunnsstøtte kjøpmannen verkeleg er, blei tydeleg for meg, då ein far fortalde meg om 17-åringen sin. Guten hadde droppa ut av skulen, sleit sosialt og trong noko å gå til. Så faren spurte om det var råd å få praksisplass i den hyggelege butikken. Den fåmælte kjøpmannen let blikket gli mellom butikkhyllene, der det allereie var fullt av folk i arbeid. «Me har svært mange inne på ulike tiltak her nå, og det er mykje å følgja opp», sa han stille. Sekundet etter kom det: «Men me har jo alltid plass til ein til.»

Netthandel er enkelt, billeg og nesten kjekt. Den er Framsteget. I snitt handla nordmenn fysiske varer på nett for over 2.000 kroner kvar månad i fjor.

Samtidig vil me ha bygder og bysentrum det er fint å vera i. Me vil ikkje tome butikkvindauge eller berre frisør, bingo og solarium. Me veit at me får dei butikkane me fortener, og at me ikkje kan få både i lokalbutikk-pose og Amazon-sekk. Men ørsmå tannhjul festa til den globale økonomiske vekstmotoren har umerkeleg fått ein plass i sjela vår, og det gode me vil, det gjer me ikkje.

Ut av huset

Det er lenge sidan me var jegerar og sankarar, men ludditten i meg tenkjer at det er noko veldig menneskeleg ved å gå ut av huset for å skaffa seg mat. Viss det blir stadig meir meiningslaust å gjera ærend utanfor si eiga stove, kan det bli uhyggeleg stille der ute. Til og med for dei av oss som ikkje likar småprat.

Då eg stod i ein lang kø i ein svær butikk på andre sida av elva, la eg merke til kor blidt ho i kassen snakka med kundane. Det stod «Trude» på namneskiltet hennar.

– Korleis klarar du det ein heil dag? spurde eg. Klokka nærma seg åtte fredagskvelden.

– Veit du, når det kjem eldre menneske som pratar frå dei legg varene på bandet til dei har pakka ned i posane, då tenkjer eg: Dette er kanskje den einaste sam-­
talen dei har i dag. Då må den bli ­hyggjeleg, sa Trude.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt