Marita Bjørke Ådland

10

«Hei du, lenge sidan sist?» Om årets valbrosjyre til kyrkjevalet

I desse dagar har medlemmane i DNK fått valbrosjyre og valkort i posten. Kva ynskjer DNK å kommunisera med årets brosjyre?

Publisert: 5. aug 2019  /  2344 visninger.

Eg er glad for å vera prest i Den norske kyrkja (DNK). Eg er stolt over alt vi får til, stolt over å jobba i ei kyrkje som er inkluderande, har diakonalt fokus, som femner mange, som forkynner håp, nestekjærleik, frelse og nåde, som er nærværande i lokalmiljøet og som eg er heilt sikker på at betyr masse for veldig mange. Eg er eit skikkelig folkekyrkjemenneske. Eg er glad i å prata med menneske, stolt over det budskapet vi har å komma med, audmjuk overfor muligheten vi har til å nå ut med evangeliet kvar einaste søndag, i gravferd, vigsel, glede og sorg og i kvart einaste menneskemøte. Tenk at vi er 3,7 millionar menneske som utgjer fellesskapet Den norske kyrkja. Det er ganske fantastisk.

Men då eg fekk årets valkort i posten, blei eg flau. Flau over måten Kyrkjerådet henvender seg til sine 3,7 millionar medlemmar (eller dei av oss med stemmerett). Flau over den defensive måten å kommunisera med medlemmane. «Hei du, lenge siden sist?». Viss eg skal vera heilt ærleg, og det skal eg jo, for eg er jo prest, tenkte eg rett og slett følgjande: «Er det mulig!?» Kvifor tenker eg det?

Fordi: Eg opplever DNK som ein organisasjon som kvar dag jobbar jamt og trutt både frå toppen og frå botn for at kyrkja skal vera open, framoverlent, vidsynt, inkluderande og at noko av det viktigaste som blir kommunisert frå sentralt hald, og som eg støttar 100%, er at alle medlemmar betyr like mykje. Det er ikkje eit a-lag og eit b-lag. Vi sorterer ikkje mellom dei som går ofte, og dei som går sjeldan i kyrkja. Vi er eit fellesskap! Eitt fellesskap! Med denne brosjyren og budskapet som blir formidla gjennom den, klarer DNK på uvanleg effektivt vis, nettopp å dela opp i a-lag og b-lag. 

For kva er det som skjer? Det er fleire ting. For det første; DNK framstiller seg sjølv som lite relevant i folk sitt liv. («Hei, lenge sidan sist?») Og det må då vera feil strategi om ein vil at flest mogleg skal stemma ved kyrkjevalet? For det andre: Dei som framleis er medlemmar i DNK, men som i hovudsak har sitt fellesskap på bedehus og forsamlingshus rundt omkring i vårt mangfoldige og langstrakte land, vil tenka at DNK i hovudsak henvender seg til ein medlemsmasse som DNK i liten grad har kontakt med, og eg tenker at det er nettopp her noko av spenninga ligg mellom DNK og t.d. Normisjon eller Misjonssambandet i dag. Kva er ein menighet? Kva er eit fellesskap? Kva er ei levande forsamling? Dermed vil mange tenka at kyrkja nærast unnskyldar sitt nærvær i menneskers liv. (Hei hei, vi er her, hugsar du oss?) Og det er jo så langt frå den virkeligheten vi som jobbar ute  i DNK, både ser og ynskjer. For det tredje: Dei som går ofte i kyrkja, kan kjenna seg framandgjort i møte med ein slik måte å kommunisera på. (Nei, det er faktisk ikkje lenge sidan sist for ganske mange av oss). Dermed tenker eg at denne brosjyra treff bortimot ingen av medlemmane på ein særleg god måte, og det er jo mildt sagt uheldig.

Eg skjønar ikkje at det er mogleg å senda ut ein slik brosjyre i 2019. Eg synest det er pinleg, defensivt og veldig slett håndverk. «Hei, lenge sidan sist? Var det i jula, i ei gravferd eller i eit bryllaup i fjor sommar…?» Uansett når den som held valkortet i handa, var i kyrkja sist, så må vi jo tru at det betydde noko for det mennesket, og at det betydde noko for oss som fellesskap, at dette mennesket var der akkurat då?

Eg er heilt sikker på at Kyrkjerådet og eg meiner det samme om den saka, men eg meiner at måten Kyrkjerådet prøver å få fram budskapet på, ikkje er god nok. Difor må eg skriva dette. Det er sjeldan eg har følt så sterkt for å seia frå. Men den brosjyren ligg på kjøkenbenken, og kvar gong eg ser på den, blir eg irritert. Difor berre må eg skriva dette. For dette er så viktig! Det er det aller viktigaste framover; korleis vi kommuniserer det vi er, det vi trur, det vi trur på og det vi ønsker å bety for folk!

Den kyrkja eg er så glad i, er den kyrkja som femner alle, som ser alle som likeverdige medlemmar anten ein er sjeldan eller ofte på gudsteneste. Så lenge eit menneske er medlem i DNK, går eg ut frå at det medlemsskapet betyr noko for den personen. Det er underleg, og svært sjeldan, som medlem av eit fellesskap/forening/lag å motta ein brosjyre der det står «Hei du, lenge sidan sist?» Det skaper i alle fall ikkje noko engasjement hos meg. Eg ville ønska meg ei brosjyre der det stod «Kjære medlem, takk for at du er med og støtter og skapar levande fellesskap rundt om i våre kyrkjer kvar dag gjennom heile veka! Takk for at vi saman er med på å skapa det unike fellesskapet som DNK er. Det er tid for å stemma, og di stemme er viktig». Vanskelegare er det ikkje, spør du meg. Men det var ingen som spurte meg om akkurat det, berre om det var lenge sidan sist.

6 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Idiotforklarer kristen høyreside
av
Espen Ottosen
29 dager siden / 1725 visninger
Servietter og skam
av
Merete Thomassen
22 dager siden / 1659 visninger
Ord som truer vår religionsfrihet
av
Trond Bakkevig
22 dager siden / 1505 visninger
Hva skjer Hanvold?
av
Bendik Storøy Hermansen
20 dager siden / 1455 visninger
En samfunnsskapende kraft
av
Berit Hustad Nilsen
24 dager siden / 1380 visninger
Tenåringstrass i regjeringen
av
Usman Rana
rundt 1 måned siden / 1362 visninger
Glansbilder av Sjømannskirken?
av
Arnfinn Eng
rundt 1 måned siden / 1273 visninger
170 år med misforståelser
av
Joanna Bjerga
10 dager siden / 976 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere