Verdidebatt

Krig med Iran løyser ingenting

Når nokon ropar på krig bør alle andre rope høgt og tydeleg tilbake at det ønskjer vi ikkje.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

‘Selvfølgelig må vi stå sammen med vår hovedallierte USA mot en av den frie verdens verste fiender, ayatolla-regimet i Iran», skreiv Vebjørn Selbekk på si 
Facebook-side for ei veke sidan. Redaktøren for den kristne avisa Dagen kommenterte striden mellom dei norske 
regjeringspartia i spørsmålet om Norge 
bør støtte President Donald Trumps krigsførebuingar i Persiabukta. Når krigs-
hissarane er på stien bør alle vakte seg vel. Krigsstien er sjeldan den beste vegen å gå.

Den store barten

Situasjonen i Persia-
bukta er alvorleg – ikkje berre for 
regionen, men for verdssamfunnet. Den næraste utanrikspolitiske rådgjevaren til President Trump, John Bolton, er langt farlegare enn sin avvæpnande utsjånad tilseier. 71-åringen med den store barten er ein notorisk hauk. Måten han har fått Trump til å eskalere situasjonen i Persia-bukta med det iranske prestestyret, er urovekkande. Time for time er vi vitne til ein situasjon som kan ende med krig viss ingen av partane modererer seg.

Vi veit kor kompromisslaust prestestyret i Iran er. USA bør no vere den ansvarlege og modererande. Norge bør vere blant dei som gjer alt dei kan for å støtte ein folkerettsleg tilnærming.

Det fins dei som latar som om krig berre 
er ein slags fotballkamp der vi heier på det eine laget. Som om krig ikkje er dreping sett i system. Som om krig ikkje øydelegg samfunn for mange tiår framover. Som om krig ikkje er granatsplintar gjennom uskuldige menneskekroppar. Dei som tar lett på krig er enten dumme eller vondskapsfulle. Det finns knapt noko meir systematisk krenking av menneskeverdet enn krig.

Sett til side

Dessverre blir dei folkerettslege reglane for å beskytte sivile, infrastruktur og humanitære verdiar i krig alt for ofte sett til side. Ikkje minst har vi sett det dei siste åra i konfliktane i Syria, Irak og Jemen. Er det éin ting vi må arbeide for, så er det å unngå ny krig i regionen. Det er i krig dei verste og flest brot på menneskeverd og -rettar finn stad.

Parolen «Det finns ingen alternativ til krig», er krigshissaren sitt fremste våpen. Saman med andre effektive verkemiddel som å umenneskeleggjere motstandaren og spreie falsk informasjon, er målet til krigshissaren å skape ei stemning som gjer krigen legitim. Det er dette som skjer i spørsmålet om Persiabukta no.

Vi må halde fram alternativa. Diplomatiske verkemiddel har fungert i mange 
intense konfliktar før, og bør få spele si rolle fullt ut i spørsmålet om Persiabukta 
òg. Her er det Tyskland, Frankrike og 
andre EU-land vi bør støtte. Dei som forsøker å halde liv i Iran-avtalen og styrke en diplomatisk og folkerettsleg tilnærming.

Segle trygt

USA har bede Norge og 
andre allierte land om å bidra med 
militære styrker «for å trygge den internasjonale skipstrafikken» i Persiabukta. Det er i og for seg eit godt mål. Skip og sjøfolk skal kunne segle trygt. Likevel har ikkje ein slik aksjon så langt noko FN-mandat. Norge gjer klokt i å samordne sin politikk her med resten av EU.

Ein viktig komponent i ei folkerettsleg tilnærming er å legge konflikten fram i Tryggleiksrådet i FN. Viss Trump ønskjer å trygge skipstrafikken i Persiabukta, bør han gå til FN og be om eit folkerettsleg mandat for aksjonen. Her vil EUs linje saman med synspunkta frå Storbritannia, Russland og Kina veie tungt.

Det vil sjølvsagt vere vanskeleg å komme 
til einigheit her, men det er like fullt 
avgjerande å bruke dei folkerettslege 
mekanismane som finst for å hindre krig.

I 2003 sa Norge nei til å bidra til USA sin invasjon av Irak, ein krig dei fleste i ettertid har sett dei negative konsekvensane av. Invasjonen var basert på sviktande folkerettsleg grunnlag. Norge bør også no prioritere folkerett og diplomati.

Grunn til bekymring

Ingen kan hevde at menneskerettssituasjonen i Iran er god, det er den langt frå. At landet ønskjer å skaffe seg atomvåpen gjer òg grunn til stor bekymring. Men ein krig om Hormuz-stredet vil ikkje løyse verken menneskerettskrisa eller konflikten om atomvåpen.

Det er urovekkande at delar av den norske regjeringa ser ut til å støtte Trumps appell om fleire internasjonale styrkar i Persiabukta utan mandat frå FN.

Svaret på situasjonen i havområdet utanfor Iran må vere diplomati tufta på felles internasjonalt press for å få Iran til å følgje internasjonale spelereglar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt