Verdidebatt

Grillskam eller etisk kjøttproduksjon?

For noen kan det vera gode grunner til å eta mindre kjøtt, men omsynet til klima er definitivt ingen god grunn dersom vi held oss til kjøtt produsert i Noreg.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

No midt i den beste grillsesongen kan det vera på sin plass å stille seg spørsmålet: Er det etisk forsvarleg å legge kjøtt av storfe og sau på grillen? Er det ikkje ­betre å velje kylling, gris eller ­aller helst laks? Du visste kanskje ikkje at norsk, grasfora kjøtt er meir klimavenleg enn kjøtt ­produsert i dei aller fleste kjøttproduserende land i verda. Dette blir slått fast i FAO-­rapporten «Tackling Climate Change through livestock» frå FNs organisasjon for ernæring og landbruk.

Beitande grasetarar

Du ­visste kanskje heller ikkje at professor Johan Rockström, som står bak landbruksdelen i EAT-rapporten, anbefaler kjøttproduksjonen med beitande grasetarar på areal der det ikkje kan dyrkast korn eller grønsaker. Han har fleire gonger uttalt at grasfora kjøtt med den skandinaviske produksjonsmåten er berekraftig, der ein kan tenke seg eksport av kjøtt frå sau og storfe, og ikkje meir kjøttimport, slik det blir om Noreg inngår ein handelsavtale med dei store kjøtteksportørande MERCOSUR-lande i Sør-Amerika.

For noen kan det vera gode grunner til å eta mindre kjøtt, men omsynet til klima er ­definitivt ingen god grunn dersom vi held oss til kjøtt produsert i ­Noreg. Forklaringa er at vi i ­Noreg har avla fram storfe som veks raskare og er friskare enn beitedyr på den ­argentinske pampasen. Desse dyra treng to til tre gonger så lang tid på å nå slaktevekt som norske storfe. ­Utsleppa av klimagassar minkar når effektiviteten aukar, noe som betyr to-tre færre år med ­raping og promping. I 1946 var det 800.000 kyr og 1.700.000 vinter­fora sauer i Norge, mens det var 9.000 traktorar og 100.000 bilar. I dag er det 317.000 kyr og 997.000 vinterfora sauer, eller ei halvering av drøvtyggande mordyr. Til samanlikning var det i 2018 285.000 traktorar og 2.365.000 fossile bilar, flyreiser ikkje nemnt.

Gallopperande auke

Det er ikkje kyr, sauer og geiter som har «spist opp fremtiden til våre barne­barn», men meir den gallopperande auken i bruken av fossilt brennstoff. I Norge slår rapporten frå teknisk berekningsutval av jordbruks­relaterte klimautslepp fast at husdyr og gjødsel frå desse husdyra står for 6,1 prosent, av klimagass­utsleppa på i alt 8,4 prosent frå eit samla landbruk.

På grunn av den norske produksjonsmåten er norsk gras­fora kjøtt berekraftig og meir klima­venleg enn andre kjøttslag og importert kjøtt. Dette kjem av at det berre er dei husdyra som beitar som kan nyttiggjera seg gras og halm. Gris og kylling som blir hylla som dei husdyra som gir minst utslepp av klimagassar pr kilo produsert kjøtt, beitar ikkje og er derfor mindre klimavenlege fordi dei konkurrerer meir med oss menneske i matfatet. I ei verd som på kort tid, sannsynlegvis innan 2050, vil få tre milliardar fleire menneske og trenge 70 prosent meir mat, er kjøtt frå beitedyr ein nødvendig del av sunt og berekraftig kosthald.

Treng protein

Vi menneske, og særleg dei som veks, treng protein, både frå kjøtt og plante­vekstar. Derfor er eit godt måltid med raudt kjøtt, norske ­poteter og grønsaker eit klimavenleg og berekraftig måltid. Den norske kua, Norsk Raudt Fe (NRF), er avla fram for å produsera både mjølk og kjøtt av god kvalitet. Denne kombinasjonskua er svært klimavenleg fordi klimagassane mjølkekyr slepper ut kan fordelast både på mordyra som produserer mjølk og kalvane som produserer kjøtt. Sau som nesten ikkje får kraftfôr og beitar i norske skogar, heiar og fjell, er også klimavenleg fordi den ikkje konkurrerer med oss i matfatet. Historisk ville det ikkje vera mogleg å leva i mange norske lokalsamfunn i innlandet utan beitande dyr. Ljåen og dyre­mulen har skapt livsgrunnlaget og det levande, opne kulturlandskapet vi er så glade i.

Menneske kan ikkje fordøya gras, slik som husdyra ku, sau og geit og ville hjortedyr. Fordøyinga deira kan utnytta ­næringa i graset til å laga mjølk og kjøtt. I Noreg er ­berre tre prosent av arealet dyrka mark. Utmark derimot, har vi mykje av, heile 95 prosent av landarealet vårt er utmark, der så mye som halvparten er godt eigna som beite. I dag utnyttar vi berre halvparten av dei kaloriane som fotosyntesen gir oss frå utmarka. Derfor er det sløseri og matsvinn å la utmarka stå urørt.

Resistente bakteriar

Norske husdyr er blant dei friskaste i verda og norsk husdyrhold er på botnen i Europa i bruk av antibiotikum, noe som også er bra for å redusera førekomsten av resistente bakteriar som vi kan smittast av. Årleg døyr 750.000 menneske i verda etter å ha vorte smitta av resistente bakteriar. Det betyr at du slepp å bekymra deg for å bli sjuk av å eta norsk kjøtt. Norske dyr er friske og god dyrehelse er eit mål i avlen på lik linje med lynne og kvaliteten på kjøtt og mjølk. Alle norske kyr har til dømes eit helsekort der informasjon om dyrets helsestatus blir dokumentert.

Samanliknar vi oss med ­andre land, har Noreg strenge lover om korleis dyra skal ha det, korleis dei blir slakta og korleis dei blir transporterte. Den norske kua har òg lov­pålagt uteliv: I minst åtte veker i året skal norske kyr og kalvar vera ute i friluft. Dei fleste går ute mykje lengre, frå det er grønt om ­våren til det blir for kaldt og hustrig om hausten.

Klimavenleg måltid

Men er ikkje raudt kjøtt kreftframkallande seier du? Sterkt omarbeidd kjøtt i store mengder kan føra til kreft hos noen, særleg om det er svartbrent. Det gjennomsnittlege norske inntaket av raudt kjøtt er ikkje kreftframkallande, seier professor i ernæringsfysiologi, Anna Haug ved NMBU til nettsida forsking.no. Med tanke på kreft er røyking, alkohol, eksos frå diesel, asbest, luftforurensing, radon, UV-stråling frå sol og solarium vel så viktig å unngå. «Dessuten trenger kvinner i fruktbar alder å få i seg nok B12, jern, sink og protein, som finnes i melk, kjøtt og animalske produkter. Det er veldig lite B12 i grønnsaker, og vegetarianere må ta tilskudd for å unngå mangeltilstand», sier professor Haug, som legger til: «Det er lite jern og sink i vegetabilske matvarer, og det jernet som tas opp, absorberes mye dårligere enn det som tas opp fra animalske matvarer».

Skal du grille med godt samvit, legg norsk, grasfora kjøtt frå storfe, sau eller geit på grillen. Med gode grønsaker og potet er dette eit berekraftig og klima­venleg måltid.

Reidar Almås

Professor emeritus NTNU og senior­forskar Ruralis

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt