Knut Arnold Kvalsvik

3

Homofile og kyrkje med opne armar

Ei kyrkje er ikkje opa og inkluderande nok dersom den fordømer homofili.

Publisert: 23. jul 2019

Oftast har eg ikkje kapasitet til å skrive så mykje på nettet. Men eg vil likevel prøve å seie nokre ord om dette med homofili og kyrkje/kristendom, særleg ut frå eit innlegg av Torgeir H. Persett: «Ønsket om en kirke med åpne armer og lave terskler». 

Persett skriv m.a.:

Møt gjerne og selvfølgelig alle med likeverdighet og nestekjærlighet, men er det det en nødvendigvis gjør når en sidestiller samliv basert på en formålsløs kjønnsdrift,  med samliv basert på en basal biologisk forutsetning for å kunne innfri hensikten, reproduksjon?

I mitt hode fremstår praktiseringen av Åpen Folkekirkes hovedsak mer som et narrespill, uten respekt for skaperen, skaperverkets oppbygning og menneskenes forskjellighet. Inkludert ulike konsekvenser av denne forskjelligheten. Vi er alle ulike og unike, men har alle likevel samme verd, og ikke minst, dette menneskeverdet sitter ikke i kjønnsdriften. Og takk for det!

Opplevd fordøming

Jau, mon ikkje noko av menneskeverdet sit i kjønnsdrifta? Vår seksuelle legning er ein del av vår identitet, del av oss sjølve. Så når ein seier til homofile at deira seksuelle legning er feil og syndig, så seier ein at ein del av dei er feil og syndig. Då vert bodskapen effektivt at dei er mindre verde og ikkje like velkomne som heterofile. Då seier ein effektivt at «du er ikkje like bra som ein heterofil person, og kan ikkje leve fullt ut som deg sjølv, slik heterofile kan».

Denne bodskapen vert naturlegvis oppfatta, og talar sterkare enn reint verbale forsikringar  om at dei er likeverdige og like velkomne osv. Det siste vert berre tome ord. Homofile møter ei opplevd fordøming. Kvifor er det så vanskeleg å forstå?

Likebehandling og nestekjærleik

Kjerna i mitt eige syn er dette: Som heterofil tillet eg meg å leve med ein seksualpartnar som eg faktisk er tiltrukken av, som eg vart forelska i pga. mi seksuelle legning. Då kan eg ikkje nekte ein homofil å gjere akkurat det same. Då kan eg ikkje nekte vedkommande å leve med ein seksualpartnar som den homofile er tiltrukken av og vert forelska i, på akkurat same måte. Å nekte det er forskjelsbehandling, det er diskriminering, det strider mot nestekjærleik.

Kanskje tek det litt tid å innsjå dette. Det er ein prosess før det går opp for ein. Eg har tenkt på det ein god del år, og det synest ganske så klart etterkvart.

Dei dårlege frukter

Den fordøminga dei homofile opplever, kan vere tung å bere. Det har valda nokre ganske så store sjelekvaler; dei går inn i depresjon pga. denne fordøminga. Nokre har til og med teke livet sitt! Då har fordøminga fått veldig drastiske virkningar.

«På fruktene skal de kjenne dei», sa Jesus (Matteus 7,16–20). «Eit godt tre ber god frukt, eit dårleg tre ber dårleg frukt.» Kan ei lære som har så negative virkningar for menneske, vere rett? Når ein ser kva fordøminga av homofili fører til av tunge tankar, forkrøpla liv og for tidleg enda liv, så er det vanskeleg å forstå at ei slik fordøming kan vere rett. Skal vi ta Jesu tilrådde frukt-test på alvor, så må det vere noko feil med denne fordøminga, same kor «bibelsk» fordøminga tilsynelatande er for nokon.

Menneskearta og individet

Eg må innrømme at eg slit med å forstå Persett sin tankegang. Han synest å bevege seg frå det som gjeld kollektivt for menneskearta, til det individuelle; og frå det som kan beskrivast til det som skal føreskrivast.     

Javisst er naturen si hensikt med sex at ei art skal formere seg. Og då må dette vere ulikekjønna sex. Det gjeld for menneskearta, og det gjeld for dei fleste andre arter, bortsett frå veldig primitive arter som formerer seg på andre måtar. Vi kan beskrive at det er slik. Og vi kan gjerne legge til at det også er skaparen si gode hensikt.    

Men der er ingen tvingande logisk overgang frå det, og til at alle  enkeltindivid i ei art må reprodusere seg. Typisk i naturen vil mange individ av ei art komme til å ikkje reprodusere seg, oftast fordi dei døyr før kjønnsmoden alder. Slik har det i stor grad vore også for menneska, og er det tildels enno i nokre samfunn. Ei art kan godt overleve og vekse, sjølv om ganske mange individ av arta ikkje gjer det.    

Eg kan heller ikkje forstå at fordi ein kan beskrive ulikekjønna sex som måten å reprodusere seg på, så er der ei plikt til å berre ha ulikekjønna sex. Det er ingenting tvingande ved den overgangen heller.

Menneska sine hensikter med sex

Når to menneske bestemmer seg for å leve saman i eit seksuelt samliv, så er det vanlegvis ikkje fyrst og fremst for å reprodusere seg. Det fremste poenget for dei fleste, i alle fall i vestlege samfunn, er å oppleve det nære fellesskapet seg imellom, helst med sex og gledene ved sex som det ytterste uttrykk for dette. Difor har ein ofte heller ikkje sex for å reprodusere seg, men berre for å oppleve den glede og nyting det gjev. Naturlegvis kjem det stunder då heterofile par bestemmer seg for å lage born, og då har det som eitt av poenga ved sex. Men dei aller fleste har vel mykje meir sex enn det som trengst for å lage born. Naturen si hensikt og det enkelte par si hensikt er ikkje nødvendigvis det same.

Og korleis vert, for homofile, slik nyting av sex «et narrespill, uten respekt for skaperen, skaperverkets oppbygning og menneskenes forskjellighet»?   Når menneske bestemmer seg for å ha sex, så kan eg ikkje sjå føre meg at nokon – enten dei er homofile, heterofile eller bifile – gjer det for å gjere narr av skaparen eller skaparverket eller av noko som helst. Dei gjer det vel berre rett og slett fordi sex er godt?

Og er ikkje det at homofile har likekjønna sex, nettopp å vise respekt for at dei er forskjellige frå heterofile? Det respekterer vel nettopp deira «forskjellighet»? Gud har skapt dei annleis enn heterofile, og dei handlar deretter.

Augustin og hans innvirkning

Eg veit ikkje kor mykje Persett hadde kyrkjefaderen Augustin i tankane her. Eg kunne i alle fall ikkje la vere å ane noko av hans innflytelse bak orda. Eg skal ikkje påstå at eg har så veldig god greie på Augustin. Men såvidt eg forstår, utforma han ein del tragiske idéar som dessverre har fått prege store delar av kristendomen i lang tid etterpå. Det fylgjande vert sikkert noko unøyaktig og karikert, men slik forstår eg han:

Augustin meinte at det å reprodusere seg er ei plikt, gjeva oss av Gud. Samtidig er all sex syndig, etter syndefallet. Dette skaper eit umuleg dilemma, der er inga fullgod løysing. Så Augustin søkjer ei «synds-mimimerande» løysing:  Ein må berre ha sex i den hensikt å lage born, og ein må ha så lite glede av det som muleg. Då har ein berre «synda litegrann», og det var nødvendig å «synde» såpass for å oppfylle plikta til å reprodusere seg.

Med dette synet vert naturlegvis all likekjønna sex utelukka. Ein kan heller ikkje ha sex viss ein ikkje (lenger) er i stand til å få born. Ein kan ikkje bruke prevensjon. I det heile teke kan ein ikkje ha sex berre for å ha glede av det, gleda må tvertimot vere så lita som muleg.

Eg er ute av stand til å sjå at det finst noko bibelsk grunnlag for å sjå det slik. Så var vel heller ikkje Augustin berre påverka av Bibelen, han synest meg å vere vel så mykje påverka av diverse filosofar, spesielt Platon og ny-platonske filosofar.

Heldigvis er det få i dag, i alle fall i Norge, som ville vere samde i Augustin sitt syn. Der er i alle fall tre grunnar til at eg mislikar tankegangen hans, ja synest den er direkte frykteleg:

1) Det devaluerer mennesket og ekteskapet. Som ei naturleg fylgje av synet over, meinte Augustin at den fremste hensikta med ekteskapet er reproduksjon. Då vert automatisk fellesskapet dei to imellom av mindre vekt, og dermed dei sjølve av mindre vekt. Dei eksisterer då nærmast berre for å reprodusere seg, ikkje for sjølve å oppleve fellesskap og glede. Frykteleg!

2) Det synest meg også heilt utenkjeleg at Gud skulle gje ei befaling som ein måtte «synde» for å oppfylle, om så berre «litegrann». Det er ikkje den Gud eg kjenner. Gud går ikkje på kompromiss med synd.

3) Der er ingenting i Bibelen som tilseier at sex er synd. Tvert imot framstiller vel Bibelen sex som noko av det Gud har skapt. Og som Paulus seier (1 Timoteus 4,4): «alt det Gud har skapt, er godt, og ikkje noko skal forkastast når det blir motteke med takk».

Er reproduksjon ei plikt?

Eg finn ingen spor i Bibelen av ein tankegang som Augustin sin, heller ikkje at det skal vere noka Gud-gjeva plikt å reprodusere seg. Der er rett nok eit bibelvers som kan misforståast til å tyde det siste. Det er 1 Mosebok 1,28a:

Gud velsigna dei og sa til dei: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk!»

Ein ting er at dette er sagt til menneske-ætta som heilskap, ikkje til den enkelte. Men det er heller ikkje noka befaling, men ei velsigning. Velsigninga er rett nok gjeva i ei befalande form. Men akkurat som dei mange andre Guds befalingar i same kapittel, så er det ikkje ei befaling til nokon. Ingen styrtar fram for å utføre nokon av befalingane. I staden er det Guds eiga kraft som utfører befalinga. Gud byd, og det skjer.

I dag må vi seiast å både ha vorte mange og fylt jorda, til overmål. Det er altfor mange av oss på denne planeten, vi kunne trenge å verte færre. I staden vert vi berre fleire og fleire. Overbefolkning er eitt av menneska sine største problem, etter mi meining. (Og også eit problem for andre arter.)

La oss fjerne tersklane!

Eg ser ingen rasjonelle grunnar til at ikkje homofile og bifile skulle kunne ha likekjønna sex, like mykje som at heterofile har ulikekjønna sex. Men fordøminga av likekjønna sex, støyter menneske bort frå kyrkja. Det støyter både bort homofile og bifile, og det støyter vekk menneske som ynskjer ei kyrkje utan slik fordøming. Det vert ein terskel, eit unødvendig hinder for å komme inn i kyrkja.

Ei opa folkekyrkje kan ikkje ha unødvendige tersklar. Å påstå at ein er open og ynskjer alle velkomen, men samtidig fordømer, vil ikkje fungere. Menneska er veldig vare for fordøming, og vil halde seg på god avstand om dei luktar det minste snev av fordømande haldningar.

Åpen folkekirke sine nettsider står det m.a.: «Åpen folkekirke vil ha en kirke som løfter mennesker opp». Eg kjenner eit jublande «Ja!» inni meg til dette. Eg har tenkt å stemme på dei til hausten.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere