Verdidebatt

Facebook er Satans rike på jorda

Eg ser på Facebook med tilhøyrande aktivitetar som ein manifestasjon av Satans rike på jorda.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi er nøydde til å ty til mytologiske omgrep for å forstå kva som står på spel. Det er ein kamp om sjela til menneska som utspeler seg.

Difor forsakar eg Facebook og alle gjerningane hans og heile hans vesen.

Djevelen har aldri hatt horn og hale. Han går i moteriktige klede og er sleip som ein ål. Med meir moderne termar er Facebook med alle sine aktivitetar eit griskt og monopolkapitalistisk føretak, og eit overvakings- og påverknadsapparat.

Vi har til dømes aldri fått ei tilfredsstillande forklaring på Facebook si rolle i skandalen kring Cambridge Analytica og det seinaste presidentvalet i USA. Denne skandalen får trolla til Putin til å likne ein søndagsskule.

President Bush tok grueleg feil då han meinte at vondskapens akse gikk mellom Teheran og Pyongyang. Nei, vondskapens akse går mellom Facebook og Google.

For å verne om demokratiet, europeiske verdiar frå opplysningstida, og det frie ord (som skil seg frå løgn og sladder), er dei europeiske demokratia nøydde til å blokkere tilgangen til Facebook og alle aktivitetane hans.

Redd deg, Europa!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt