Verdidebatt

Når berre du vil snakka

Sjekking på offentleg transport funkar ikkje, men det gjer høflegheit.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

På forunderleg vis har genane etter den introverte urmennesketypen – den typen som til alle tider har skult på framandfolk frå eit nedisa hus på tundraen – fått dominera Noregs største by. Særleg kollektivtrafikken.

Sjølvsagt finst det unntak, men anekdotiske bevis slår fast at ni av ti unntak er innflyttarar frå landsdelar og land med utovervendt gendominans.

I andre byar i verda høyrer ein stadig «unnskyld, kan eg komma forbi?», «så klart, beklagar!» i bygater og bussar. Smil og høflege fraser er olje i storbymaskinen. Men ikkje i Oslo.

Snakketabu

I juni skreiv psykologistudenten Markus Sanden ein kronikk på Ytring, der han slår eit slag for eit samfunn der det ikkje er tabu seia «hei» til den ukjende jenta og potensielle kjærasten på t-banen.

Kronikken fekk massive reaksjonar. Svært mange kvinner er nemleg skeptiske til framande menn som vil starta samtalar med dei på offentlege transportmiddel. Christine Krieg, som jobbar med sosiale medium, starta emneknaggen #villebarepratelitt. Der fortel eit utal kvinner om uønska og ofte truande tilnærmingar frå ukjende menn som «berre vil snakka litt» – og som ikkje let seg avvisa.

Det er gjerne nettopp i ei full t-banevogn eller på den siste nattbussen heim, at den framande mannen du svarte for å vera normalt høfleg, viser seg å vera ein ubehageleg person som det er vanskeleg å sleppa unna.

«Unormalt»

Typisk nok har dette blitt ein debatt mellom «metoo-vennlege» og dei som tykkjer at lettkrenka kvinner må skjerpa seg.

Men det har også blitt ein debatt om det generelt er greit å snakka med framande på offentleg transport. Mange hevdar at det er unormalt for skandinavar å ønskja kontakt med framande i det offentlege rommet.

Eg tenkjer at både dei og Markus Sanden har vore for lite utanfor Oslo. I store delar av landet, ikkje minst i kystområda, så finn du stadig framande som snakkar med kvarandre. Rogalendingar og bergensarar ertar til og med folk for å bli kjende med dei.

Folkeskikk

Men heller ikkje i lands-delane der dei utovervende genane dominerer, har unge kvinner lyst til å bli med pågåande, framande menn heim frå bussen. Det skjer stort sett berre i erotiske fantasiar, eller med kvinner som er ekstra sårbare for overgrep.

Heldigvis er slike menn i mindretal. Dei fleste har normal folkeskikk. Men det vil alltid finnast folk som ikkje skikkar seg og som trakasserer andre på ulike måtar. Dei blir ikkje betre av at alle vender seg endå meir innover. Derimot kan det hjelpa at andre passasjerar følgjer med og støtter den som blir plaga.

Ikkje åleine

Psykologstudent Sanden vil slett ikkje vera ein representant for pågåande og ubehagelege menn. Det handlar om «snakkekulturen i Norge og hvor vanskelig det kan være å oppnå kontakt med folk» seier han eit intervju med Morgenbladet.

Nå har han nok innsett at offentleg transport er ein dårleg sjekkearena. Men det betyr ikkje at det er håplaust!

Mange drøymer om kollektiv transport i Oslo med mindre taus skubbing og mutte 
fjes. Eit ubede råd til Sanden er å vera 
generelt oppmerksam mot folk på t-banen, aller mest andre enn dei han kunne tenkt seg som kjærastar.

Ved å hjelpa gamle som treng støtte bort til eit ledig (hans eige?) sete, småbarnsforeldre med barnevogner, folk som har med seg for mange koffertar – så kan det bli lettare å snakka med framande i alle slags kvardagssituasjonar. Også potensielle kjærastar.

Håp for sjenerte

Og kven veit, kanskje sit det ei jente på t-banen til Blindern og ser kor hyggjeleg han er med andre folk, så hyggjeleg at ho smiler til han og dei begge får lyst til å prata saman på veg oppover til universitetet.

Enn så lenge får han ta sommaren til hjelp. Då kjem til og med oslofolk ut av 
boblejakkeskalet sitt. Som andre tundrafolkeslag kan dei ikkje bruka opp spekklaget på å engasjera seg i framande om vinteren.

Viss ingenting nyttar, så er det alltid ei løysing å ta med seg dei sjenerte genane sine og flytta til Vestlandet eller Nord-Noreg, der ein kan trena snakkemusklane.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt