Verdidebatt

Kva er ei demokratisk kyrkje?

Avstanden mellom dei som soknar til kyrkja og dei som styrer ho, må ikkje bli for stor.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg les diverse lesarinnlegg i Vårt Land. Nokon forsvarar fellesrådet, medan andre ser dei som udemokratiske og til hinder for sokneråda. Og det todelte leiarskapet i kyrkja vert problematisert, enten det er lokalt, på prostinivå eller sentralt.

Soknet har ei sterk rolle i kyrkja vår, også i lovgjevinga. Eller skal eg seie, berre i lovgjevinga? Mitt utgangspunkt er at eg er kyrkjeverje og dagleg leiar for tre sokneråd. I alle saker av betydning, er det mi oppfatning at korkje prostar eller Kyrkjemøte er synleg opptekne av kva sokneråda måtte meine.

Uviktige sokn 

Dei seinare åra har det til dømes vore eit utal med høyringar om liturgi og kyrkjeordning. Men ingen av våre sokn opplever at det dei seier er viktig. Til dømes då dei ikkje såg nokon grunn for å endre liturgi, men brukte mykje jobb på det. Og resultatet må seiast å vere «berget som fødte ei mus». I alle fall har ein neppe oppnådd det som var føremålet; at born og unge skulle finne seg meir heime i gudstenesta.

Fellesrådet er eit alternativ til å slå saman sokn. Eg ser at fleire går for å gjere det siste, og gjerne ha eit fellesråd på prostinivå. Det ryddar ikkje opp i formelle prinsipp om strukturar eller gjer arbeidsforma til kyrkja meir demokratisk. Men det kan vere rett likevel, fordi det kan gjere oss meir profesjonelle og effektive på den måten at vi frigjer pengar og folk til kyrkjelydsarbeid. Viss det siste er målet, så er det ganske sprøtt viss kyrkja, som har si største utfordring i å rekruttere prestar, vil gjere desse til administrative leiarar. Men det er ei anna sak.

Mangfaldig land 

Det er heller ikkje demokratisk at ein prest er medlem i soknerådet, utan å vere valt. I neste omgang kan han vere med å behandle dei same sakene i fellesrådet. Men det er ei ordning som kyrkja har arva etter embetsstaten, og som ein ser på som ein måte å ivareta tilsynet på.

Kyrkja må ta inn over seg at Norge er svært ulikt. Både folketal, geografi og lokal kultur må takast omsyn til. Eit Kyrkjemøte som trur midlar blir rettferdig fordelt når det skjer etter folketal, har på ingen måte skjøna dette.

Og valordninga til kyrkja sitt «storting» – Kyrkjemøtet – er så vanskeleg at knapt nokon skjønar ho. Då er det optimistisk å håpe på stor valdeltaking, viss det blir sett på som eit mål for demokrati.

Forvitring

Eitt er i alle fall sikkert: Viss ein vil ha ei levande, landsdekkande og lokal folkekyrkje, så kan det ikkje vere for langt mellom soknerådet (dei som styrer) og dei som soknar til kyrkja. Då forvitrar lett det ansvaret folk kjenner på og det frivillige engasjementet for å trø til med både kyrkjeleg arbeid og anna dugnadsarbeid. Det trur eg ikkje kyrkja vår har råd til.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt