Verdidebatt

Gøymer oss bak fine formuleringar

Kyrkja må ta vårt profetiske ansvar og peike på det grunnleggjande problemet i klimaspørsmålet og i samfunnet vårt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kyrkja går høgt på bana i klimasaka. Det kjem resolusjonar frå møter og råd, biskopar uttaler seg og vi har gudstenester og går pilegrimsgang for klimaet. Når vi gjer alt dette, må vi samstundes spørje oss sjølve: Kvifor peiker vi ikkje på det største trugs­målet mot klimaet vårt? Kvifor kriti­serer vi ikkje det økonomiske systemet som ligg som eit grunnteppe for klimaproblema.

Avhengig av press

Vi har eit økonomisk system som bygger på vekst. Utan økonomisk vekst fungerer ikkje samfunnet slik det skal, og for å skape denne ­veksten er vi avhengige av eit stadig høgare forbruk der. Vi er også avhengige av å presse ned utgiftene i produksjonen av ­varer, samstundes som ein pressar opp inntektene når ein sel desse ­varene.

Dette fører til at råvarer ofte vert frakta over lange avstander for å bli vidareforedla før meir transport ventar til ein ny ­fabrikk for montering før den ­endelege varen igjen forflyttar seg langt for å nå marknaden med mest forteneste. Ingenting i dette er ukjent for oss. Vi er alle klar over korleis det fungerer. Vi er alle klar over at dette ikkje kan fortsette. Det er det rett og slett ikkje ressursar til.

Basert på slaveri

Like eins er vi alle klar over at dei same mekanismane driv millionar av menneske ut i slaveri eller slaveri­liknande høve. Sentrale ledd i prosessen fram til mange av dei viktige byggesteinane i det økonomiske systemet vårt er ­basert på slaveri, gjerne med born som dei som må gjere det farlegaste arbeidet. Vi veit dette­, men vi snakkar sørgjeleg lite om det.

Vi snakkar ikkje om den institusjonaliserte vondskapen som ligg i delar av det økonomiske systemet vårt.

Kva seier så kyrkja om klimasaka? Kirkemøtet i år sa mykje vakkert og rett om moralsk ­ansvar og korleis Den norske kyrkje vil «bidra til å omforme vårt samfunn i en bærekraftig retning». Det er mykje bra i det som blir sagt, men ein seier for lite. Klimapilegrim sitt krav til styresmaktene er at «Jeg vil ha en rettferdig klimapolitikk der Norge bidrar med mindre utslipp og mer penger til klimatiltak i utviklingsland». Det skulle berre mangle.

Såg alvoret

Samarbeids­rådet for kristne kirker i Barentsregionen (SKKB), som er leia av biskopen eg jobbar for, kom med ein uttale om klimapolitikk på sitt møte i oktober i 2018. Dei såg alvoret og sa «Det er for oss et spørsmål om åndelig innsats å unngå fristelsen til individuell, forretningsmessig, nasjonal ­eller kontinental egoisme. Kristen­dom er primært om Jesu Kristi offer «… for verdens liv» (ortodoks liturgi). På samme måte er vi kalt til å ofre oss selv, våre liv og vår materielle rikdom for kommende generasjoner.» SKKB ser at det som må gjerast er eit offer, men heller ikkje dei peiker på kva vi må gjere eller identifiserer det grunnleggande problemet.

Kyrkja peiker også på kva vi kan gjere som privatpersonar og kyrkjelyd. Vi kan reise mindre, ete mindre kjøt, reparere kleda våre og alle mogelege gode tiltak­. Endring må sjølvsagt skje hos oss alle, og ein kvar samfunnsomvelting må vere rotfesta hos folk flest. Samstundes er dette fokuset med på å fjerne fokuset frå det grunnleggjande problemet, samstundes som vi pålegg enkelt­personar eit urealistisk ansvar. Vi problematiserer ikkje korleis varer for å skape profitt vert forflytta over enorme avstander før dei hamnar i ­butikken, medan vi latar som om «papirlause møter» er eit klimatiltak. Vi kan ikkje redde klimaet berre med å bytte brukte klede og sykle til jobben. Vi må gjere noko med systemet. Så kvifor seier ikkje kyrkja dette?

Må forkastast

Vi er redde. Vi er redde for å bli skulda for å blande religion og politikk. Vi er redde for å bli kalla for sosialistar eller kommunistar om vi seier at den kapitalistiske vekstøkonomien vi held oss til ikkje kan fortsette å vere styrande for samfunnet, men må forkastast. Vi er redde for å framstå som useri­øse når vi seier at heller ikkje dei klassiske, økonomiske motstykka på venstresida har vist seg brukande. Vi er redde, men det kan ikkje hindre oss i å seie sanninga! Vi treng eit nytt ­økonomisk system. Vi må forkaste den vekstbaserte kapitalismen.

No hastar det. No kan vi ikkje lenger vere feige og gøyme oss bak fine formuleringar om ­moralsk ansvar og at endringa startar i heimen og i det små. Kyrkja må ta vårt profetiske ­ansvar og peike på det grunn­leggjande problemet i klimaspørsmålet og i samfunnet vårt. Kyrkja må tørre å setje namn på problemet: Den kapitalistiske vekst­økonomien. Vi må vere røysta i øydemarka som roper «vend om!» Vi må vere dei som seier at vi treng eit nytt økonomisk system for å klare klimakampen.

Steinar Sneås Skauge

Teologisk rådgjevar, 
Nord-Hålogaland bispedømme

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt