Verdidebatt

Open for alt ikring

Kanskje treng ein ikkje alltid å snakke om kjensler. Men er det tilrådeleg å leve utan nær kontakt med sitt indre liv?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

‘Nordmenns kjensleuttrykk er underfundige og dempa. Ikkje vis negative kjensler, og i alle fall ikkje aggresjon. Du kan vise positive kjensler, men ver varsam. ­Kropprsrørsler er ikkje tillatne,­ ­heller ikkje lyd.» Det skriv Julien S. ­Bourrelle i «The social guidebook to Norway», ei lita bok fylt med strek-teikningar og humoristiske innsiktar om nordmenn.

Eg trur Bourrelle set ord på noko reelt ved nordmenns kjenslemønster. Men – om dette er tilfelle, er det i så fall eit problem? Treng vi å uttrykke kjenslene våre, og kanskje jamvel å snakke om dei? Det var tema i ein artikkel i Vårt Land nyleg, der fagfolka var usamde. («Må vi snakke om døden?», 25. juni).

Det moderne livet

Vi er ulike som ­menneske, det er sikkert. Menn og ­kvinner har også ulike måtar å forholde seg til kjensler på. Men er dette alt som er å seie? Finst her ikkje nokon sunne retningar, noko som er «godt» for eit menneske? Éi side av saka er at det ikkje er så ­enkelt å tenke klart om desse tinga innanfor ­ramma av det moderne samfunn. Ideala her peikar ofte på det effektive, rasjonalistiske, økonomiske, systematiske, teknologiske. Det indre livet har derimot å gjere med det ærlege, sårbare, levande,­ drøymande. Her trengst ikkje stress og nyttekalkylar, men derimot tid, ro og ­eksistensiell tryggleik. Å foreine desse to «livsformene» er ikkje alltid enkelt, eller mogleg.

I alle høve trur eg det er viktig å understreke at det å vere ute av kontakt med det indre livet har ein pris. Og denne prisen kan vere høg. Eg har etter kvart skjøna at det verkeleg er sant og viktig, det som står i Bibelen: «Ta vare på hjarta ditt framfor alt du tek vare på, for livet går ut frå det». Livet går ut frå hjarta. Eg trur Halldis ­Moren Vesaas var inne på noko av dette i sitt dikt «Å vera i livet». Ho sa at sann rikdom er å vere «open for alt ikring, bunden med sterke røter til menneske og til ting.» Men: «Fattig var du om aldri i livet du kjenne fekk at mellom deg og dei ­andre levande straumar gjekk.»

Dei levande straumane

Naturfilo­sofen Stephen H. Buhner, som eg har lært mykje av, skriv ein del om nettopp korleis ein kan bli kjent med desse «levande straumane». Han seier: Når du møter ein ny situasjon, eit menneske, eit fenomen, eit natur­fenomen, eller også kunst og ­musikk, så kan du spørje deg sjølv: «Korleis kjennest dette for meg? Kva seier hjarta mitt?» Så bindast røter til røyndomen, og livets fargepalett kan bli rikare. Eg trur nok at Buhners «metode» her har mykje til felles med klassisk kristen mystikk. For er det ikkje Gud sjølv som er den levande kjelda for alt dette som hjarta vårt kan sanse og erkjenne som godt?

Men som det vart understreka i den nemnte Vårt Land-artikkelen, er det også risiko knytt til det å opne seg opp. Kven veit kva ein kan kome i kontakt med, av krefter og straumar og konfliktar? Kven veit kva som vil skje? Sjølv har eg til dømes noko røynsle med å reise på stille retreat. Eg kan skrive under på at ein slik retreat er sunn og lækjande. Men å konfronterast med seg sjølv kan også vere krevjande. Etter nokre dagar med stillheit vakna eg på natta med levande mareritt.

Kyrkja har makt

I møte med slike indre spenningar treng kyrkja visdom og varsemd. Dei som står på avstand frå kyrkja veit ofte betre enn dei som står nær, kva makt kyrkja faktisk har. Den har makt til å styrke og nære og opne det indre livet – ja, til å skape tru og håp og kjærleik. Men den har også makt til å smadre det indre livet og gjere uoppretteleg skade.

Sjølv gler eg meg kvar gong eg ser at kyrkja i Noreg framviser ei økumenisk og audmjuk ånd, og hentar inspirasjon frå djupe og vise spirituelle tradisjonar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt