Lederartikkel Vårt Land

Statleg løgn

Akkurat no har Innovasjon Noreg like mykje truverd som dei meiner det er klokketimar på Sommarøy. Null.

Publisert: 26. jun 2019  /  543 visninger.

Det var noko naivt vakkert over det vesle øysamfunnet Sommarøy utanfor Tromsø, som i eit samla opprop ville kvitte seg med tida. Dei ville stresse ned, klokka var ein hemsko, og no ønskte dei endring. Saka spreidde seg i norske medium og vidare ut i verda. Tysdag kunne NRK avsløre at det heile var blank løgn. Statlege Innovasjon Noreg stod bak, med god hjelp frå eit PR-byrå.

I september i fjor lanserte reiselivsdirektør Bente Bratland Holm Innovasjon Noregs auka satsing på innhaldsproduksjon. Direktøren lova marknadsføring i verdsklasse. Dei skulle selje Noreg med «historieforteljing». Konfrontert med løgna om tidlause Sommarøy var det lite anger å spore. «Noen vil kanskje føle seg lurt, men man kan ikke annonsere seg til oppmerksomhet lenger, man er nødt til å fortelle en god historie», sa reiselivsdirektøren.

At historiene må vere sanne var underordna. Løgn var berre eitt av fleire verkemiddel for å selje Noreg som ein attraktiv turistdestinasjon for stressa rikfolk. Innovasjon Noreg omtalte saka som eit vellukka stunt, laga av kreative sjeler. Vi meiner dette er eit drygt overtramp frå ein statleg aktør.

For sjølv om Holm meiner annonsering ikkje fungerer, kan ikkje løysinga vere å hoppe etter russiske løgnfabrikkar. Sanninga i saka er at Innovasjon Noreg har kontakta øysamfunn med ein plan, gått i ledtog med ein lokal næringsaktør, fabrikkert eit politisk opprop, fabrikkert bilde av klokker som folk har hengt frå seg på brua over til øya, for så å skryte av det når løgna blir avslørt. Samla er det brukt ein halv million statlege kroner på løgna. Ein halv million kroner på å lage, spreie og skryte av falske nyheiter.

Toppsjefen i Innovasjon Noreg la seg flat onsdag, men skaden er allereie skjedd. Det store fleirtalet av dei som har lest saka kjem aldri til å få vite at det var løgn. Ekstra trist blei saka då ho enda som hovudoppslag i siste utgåve av Aftenposten Junior. Småbarnsforeldre rundt om i Noreg må forklare små barn at saka var oppspinn, produsert av «kreative sjeler».

Noko av det mest unike med Noreg er tilliten. Både mellom enkeltmenneske og mellom aktørar. Journalistar skal vere kritiske til pressemeldingar, men media har ein god porsjon tillit til at statlege aktørar ikkje sender ut gjennomfabrikkert løgn. Akkurat no har Innovasjon Noreg like mykje truverd som dei meiner det er klokketimar på Sommarøy. Null.

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Pride har nådd sin peak
av
Tonje Gjevjon
23 dager siden / 8315 visninger
Vi som ikkje forstår Pride
av
Emil André Erstad
24 dager siden / 6270 visninger
Sangens elv stopper opp
av
Harald Bjørkøy
18 dager siden / 3353 visninger
Isolerte menigheter
av
Vårt Land
13 dager siden / 2619 visninger
Det er normalt å bli eldre
av
Magne Nylenna
21 dager siden / 2147 visninger
Sant og usant fra Lomheim
av
Merete Thomassen
9 dager siden / 1949 visninger
En verdig død for alle
av
Marie Aakre
11 dager siden / 1699 visninger
Oase og snever kritikk
av
Vårt Land
7 dager siden / 1693 visninger
Den tunge arven
av
Ingrid Nyhus
7 dager siden / 1544 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere