Verdidebatt

Fine ord, men tomt prat?

Synkron venstre-retorikk frå høgresida.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det har vekt reaksjonar i Frankrike at President Macron under ILO si 100-års jubileumsmarkering i Geneve, framstod på det næraste som ein talsmann for venstresida, samstundes som alt franskmennene opplever frå presidenten sin på heimebane er at han favoriserer dei få og rikaste.

Under ILO-møtet, som altså er FN sin arbeidsorganisasjon, snakka Macron om «ein kapitalisme som har blitt galen (devenu fou)» og at den no meir og meir  «favoriserer dei få og rike». I Paris er han derimot pådrivar for ein politikk som nettopp favoriserer finansnæringa og dei rike, og får hundretusenvis av arbeidsfolk til å protestere i gatene mot den usolidariske politikken han faktisk står for. I desse dagar typisk nok gjennom ei innstramming av reglane for arbeidsløysetrygd.

Betyr dette at vi har å gjere med to ulike Emmanuel Marcon? spør France Culture på si nettside den 17. juni. Ein Macron i Frankrike som strammar inn på vilkåra for arbeidsfolk, og ein annan i utlandet som slår alarm om den øydeleggande ultraliberalismen?

Det som er påfallande er at den faktisk høgreorienterte Macron ikkje er åleine om å ri to hestar på denne måten. Også norske politikarar får kritikk for å kome med fine ord på ILO-møtet, medan politikken på heimebane ikkje står i stil til orda. Eksempelvis var arbeids- og sosialminister Hauglie (H) på talarstolen i Geneve, der ho hylla trepartssamarbeidet i ILO. «ILO ble grunnlagt etter første verdenskrig. Organisasjonen har arbeidet målrettet for å fremme full sysselsetting, arbeidstakerrettigheter, sosiale sikkerhetsnett og partssamarbeid i arbeidslivet. Grunnlaget for ILOs virke var forståelsen av at varig fred bare kan sikres gjennom sosial rettferdighet», kan vi lese på regjeringa si nettside.

LO-leiar Gabrielsen meiner den praktiske politikken til regjeringa fortel ei heilt anna historie: «Når arbeids- og sosialministeren snakker om betydningen av trepartssamarbeidet og ILO, er det helt avgjørende at vi også på hjemmebane får en mer aktiv politikk for å understøtte dette. Det har vi ikke i dag. Et velorganisert arbeidsliv er en bærebjelke i både den norske modellen og trepartssamarbeidet. Og regjeringen gjør lite for å støtte opp om det organiserte arbeidslivet. I stedet bruker de regjeringsplattformen til å anerkjenne det uorganiserte arbeidslivet. Det er i seg selv oppsiktsvekkende, og i strid med statsrådens budskap i Geneve».   (Frå nettsida FriFagbevegelse). Gro Lillebø, hovedtillitsvalgt for Norsk Sykepleierforbund ved St. Olavs Hospital, er tilsvarande irritert på statsminister Solberg: «… Det lyder derfor hult når statsministeren i en regjering som aktivt anerkjenner retten til å være uorganisert, roser det organiserte arbeidslivet fra Genève. Vi tror ikke at du mener det, Erna, før du fjerner det punktet fra regjeringserklæringen din». (Klassekampen 18. juni).

Det er tydeleg at dei høgreorienterte politikarane lærer av kvarandre internasjonalt når dei i fine talar seier ein ting, men i praktisk politikk gjer noko heilt anna. I alle fall var det påfallande at fleire høgreorienterte politikarar likna kvarandre når dei prøvde å framstå som arbeidstakarvenlege på dette ILO-møtet. Det kan vere ein bevisst strategi for å roe ned kritikken frå venstresida og tåkelegge reelle motsetnader i politikken.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt