Verdidebatt

Om debatten som vart tatt i feil rekkefølge i DnK

Nokre hevdar at "det går seg nok til" når det gjeld dei to ulike syn på vigsel av likekjønna i DnK. Fordi der er ein klar kopling til barna sine rettigheiter i denne saka, vil eg hevde at "det å late det gå seg til" er ein lite farbar veg å gå. For barna si skuld, er det svært viktig å ha klar tale i dette spørsmålet. Det er også fullt mogleg å ha klar tale utan å ha ei konfronterande haldning i denne nødvendige og viktige debatten.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Som observatør på sidelinja og engasjert i spørsmål knytta til barn og deira rettigheiter, vil eg hevde at DnK har tatt debatten om vigsel av likekjønna i feil rekkefølge. Kyrkja som historisk har kunne smykka seg med rolla som forsvarar og talsperson for barnet og barnet sine rettigheiter, har valt å skifte side gjennom vedtaket om vigsel av likekjønna. No veg omsynet til ei gruppe vaksne (LHBT-gruppa) tyngst; sjøl om vi vel alle er samde om at barna er den aller svakaste gruppa?

Barna vert ramma fordi vedtaket i sterk grad bidreg til at innhaldet i ekteskapet vert endra. Derigjennom vert også foreldreskapet endra. Historisk har ekteskapet å gjere med oppdraging av barn; noko som avspeglar Staten sin interesse i å regulere dette. Så det einsidige fokuset på kjærleik, og retten til å elske den ein vil, er ikkje det som er hovdsaka i spørsmålet om ekteskapet. Eg unner alle å elske den ein vil, uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet og legning. Dette er i mi oppfatting ein klar og udiskutabel menneskerett. Men ekteskapet handlar ikkje om følelser mellom to vaksne eller retten til å elske den ein vil, men om kva rammer samfunnet skal vedta som beste ordning for foreldreskap og oppdraging av barn.

Gjennom vedtaket om vigsling av likekjønna, så vert barnet sin naturgitte rett til både ei mor og ein far stilt til side. Dette er etter mitt syn alvorleg, då ein gjennom dette vedtaket gir aksept til påstanden om at kjønn på foreldrepartane/omsorgspersonane ikkje spelar nokon rolle for barnet. Mi mangeårige røynsle som barnepsykolog og barnefagleg sakkyndig, er at kjønn spelar ei stor og viktig rolle. Ei mor og ein far har ulike roller overfor barnet, og dei har klart ulike funksjonar som identifikasjonsfigurar for barnet. Dette er vesentleg i barnets sin identifikasjonsprosess, og ein far kan ikkje bytast ut med ei medmor, og ei mor kan ikkje bytast ut med ein medfar i denne samanhengen.

Nødvendigheita av debatt, må også settast i samanheng med at FRI og Prideideologien hadde som hovudparole i fjorårets prideparader;  retten til familie. Dette inneber også ein rett til barn. At ei gruppe kan påberope seg ein slik rett, finn eg klart urimeleg. Ingen, uansett kjønn og legning, har rett til barn. Barn derimot har rett til foreldre.

Då Pride vart arrangert i Ålesund for første gong ifjor, uttalte sokneprest Kari Vatne som representant for DnK (til Sunnmørsposten) at debatten om familie tar vi etterpå. Førebels har eg ikkje sett nokon invitasjon til debatt frå hennar side, og eg fryktar at denne debatten no kjem i seinaste laget. Men likevel trur eg ikkje det er for seint.

Debatten skulle imidlertid ha kome før ein drøfta vigsel av likekjønna, og før posisjonane og standpunkta vart fastlåste slik dei framstår idag. Situasjonen er no prega av fenomenet som på mitt fagspråk kallast "kognitiv dissonans". Det betyr at ein søker informasjon som forsterkar eigne standpunkt, framfor å innta ei lyttande og open haldning overfor ny informasjon og overfor andre sine argument.

Risikoen for at dette fenomenet inntrer, er ekstra stor dersom standpunkta er hardt tilkjempa gjennom ein lang og konfliktfylt prosess.

Når situasjonen er slik, vil innstillinga karakterisert gjennom utsagnet " det går seg til", vere ein altfor defensiv haldning - dersom ein ønskar å fremme barneperspektivet i denne saka.

Amerikanske Katy Faust som har danna den internasjonale organisasjonen "ThemBeforeUs" og som kjemper for barna sine rettigheiter, er eit godt døme på at ein kan ha klar tale utan å ha ei konfronterande haldning i desse og tilgrensande spørsmål som gjeld barn og deira velferd og deira rettar. Hennar utgangspunkt er eit kristent livssyn. Eg vil råde flest mogleg å lytte til hennar klare og velfunderte tale.

Faust syner ein aksepterande og open haldning overfor alle uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet og legning. Men ho er samstundes veldig tydeleg på kva som er barna sine behov og barna sine rettar. Ho talar om dette til trass for at ho sjøl har positive omsorgserfaringar med si eiga lesbiske mor og hennar partnar gjennom mange år.

Det er og viktig å vere klar over at stadig fleire donorbarn byrjer å kome til orde med sine vitnemål. Særleg i USA der eggdonasjon og surrogati har hatt frislepp lengst. På nettsida "AnonymousUs" fortel mange om opplevingar av sorg og sakn av biologiske foreldre. Eg minner forøvrig om at australske Millie Fontana har som ein av dei første blant "donorconceived children" kome med eit rørande vitnemål om korleis ho kjempa for å oppnå kontakt til sin biologiske far og slekta på farssida. Ho fortel om korleis bitane i identitets-pusslespelet hennar fall på plass etter mange års slit og psykiske problem som følge av dette.

Viss det er nokon som har uttalerett, så er det vel desse barna/no unge vaksne, som opplever konsekvensane direkte av denne radikale kjønnsideologien?                                                                                                         (Eg har tidlegare skrive om donorbarna og barna "on the other side of the rainbow", under tittelen " Historier vi ikkje vil høyre".)

I årets Pride som aktuelt går av stabelen i Oslo, er triste og vonde historier frå homofile, lesbiske, bifile og transpersonar i fokus. Det er, utan tvil, viktig å lytte til disse og ha stor forståing for deira vanskelege livsituasjon.

MEN liksom i DnK, så saknar eg - og fleire med meg - barna si stemme både i vigseldebatten og i Pridefeiringa som aktuelt grip om seg.

Eg vil hevde at vi gjer barna ein stor urett ved å skyve deira behov og deira rettigheiter til side slik det er gjort gjennom vedtaket om vigsel av likekjønna i DnK. Eg er og redd at ettertida vil kritisere både DnK og samfunnet forøvrig, for å ha late vaksne sine ønskar og behov få forrang for barna sine rettar. Eg trur at ein om nokre tiår vil sjå det som no skjer, som ein av notidas "blindspot".                                                                                   Men der fins faktiske motstemmer og vektige argument mot denne utviklinga som no er på gang både i DnK og elles i samfunnet. Og desse kan ein velge både å lytte til, og å tillegge vekt.

Forøvrig er det eit anna og talande eksempel på at FRI og prideideologien verkeleg har fått innpass i DnK; nemleg samarbeidet som er innleiia med FRI si fagavdeling; Rosa Kompetanse. Denne er ein storaktør når det gjeld påverknad av barn og unge i forhold til FRI sin radikale kjønnsideologi. Kanskje dette samarbeidet og at ein gjennom det støtter opp om denne ideologien, er noko DnK burde bekymre seg for i samband med fenomenet Rapid Onset Gender Dysforia (ROGD) ? Eit tema som eg tidlegare har omtala med bekymring i eit innlegg her på Verdidebatt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt