Verdidebatt

KRIK og samlivsteologien

Diskusjonen som for tida pågår i KRIK om spelereglane for friviljuge leiarar i organisasjonen, og spesifikt korvidt homofile og sambuande skal kunne inneha slike verv, er høgst aktuell og interessant. Men det er òg naudsynt å stille spørsmål med korfor ein organisasjon som KRIK i det heile må ha eit standpunkt i omstridte teologiske spørsmål.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den aktuelle diskusjonen dreier seg om dei såkalla spelereglane for KRIK-leiarar (sjå s. 29-30 i dette heftet). Desse spelereglane står som ein del av eit rettleiingshefte for lokallag, i kapittelet «En god leder». Der heiter det i eit av punkta at «Det er ekteskapet mellom mann og kvinne som er Guds gode ordning for samliv». Spørsmålet er då korleis ein skal handtere dette: skal homofile og sambuande inneha friviljuge leiarverv i organisasjonen?

Uavhengig av kva organisasjonens landsstyre kjem fram til i si viare behandling av saka, bør ein stille spørsmål med korfor KRIK i det heile har eit utprega teologisk standpunkt i så omstridte spørsmål som det samlivsspørsmåla er. KRIK påberoper seg i det tidlegare nemnte rettleiingsheftet å vere «tverrkirkelig og ha rom for mangfoldet» (s. 9), og å «arbeide på tvers av … kirkegrenser» (s. 8).

Som tverrkyrkjeleg organisasjon, har ikkje KRIK ein utprega konfesjonell identitet, og er ikkje forplikta til bestemte vedkjenningsskrift. Ein finn deltakarar og leiarar innan så å seie heile breidda av det norske kyrkjelandskapet innan organisasjonens mange lokallag. Det finst generelt få uttalte teologiske standpunkt i organisasjonens offentlege dokument, og dermed skil punktet om samliv seg særskilt ut.

Samlivsspørsmål er dessutan, som kjent, særs hett diskuterte og splittande spørsmål for tida. Dette gjeld heller ikkje berre innanfor Den norske kyrkja; stadig fleire frikyrkjesamfunn tek opp spørsmål som gjeld i kva grad homofile og sambuande kan ha leiaransvar og delta i kyrkjelydsfellesskapen. Og som Vårt Land kunne melde den 7. mars i fjor, er det store skilnadar på korleis dei ulike kyrkjene og organisasjonane i frikyrkje-Noreg handterer dette i praksis.

Dersom KRIK verkeleg ynskjer å ha rom for mangfald og arbeide på tvers av kyrkjegrenser, er det besynderleg at dette mangfaldet må ha si yttergrense i samlivsteologien. KRIK sitt arbeid burde handle om å spreie idrettsglede, og å vere eit lågterskeltilbod der mange unge menneske får eit positivt møte med den kristne trua og den kristne fellesskapen på tvers av konfesjonelle grenser.

Eg har sjølv mange gode erfaringar og minner frå ulike lokallag i KRIK, med mange ulike leiarar, og på same vis som eg sjeldan tenkjer over kva kyrkjesamfunn dei andre tilhøyrer, kva sakramentsyn dei har, eller kva dei tenkjer om forsoninga, er det sjeldan det er særleg relevant kva for ei samlivsform dei andre leiarane praktiserer. Det opplevest tvert om som ein rikdom at me er mange ulike menneske som kan samlast til leik og trening, på tvers av teologiske og kyrkjelege grenser.

For på KRIK-trening er me ikkje mann og kvinne, lutheranar og pinsevenn, homo og hetero, sambuar og gift – me er alle ein i idrettsgleden.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt