Verdidebatt

Gut eller jente?

Den gamle dama spør mor mi med blikket på meg: «Kor gammal er han, då?»

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg var nesten femten år og hadde ein heilt gjennomsnittleg ungjentekropp, men håret var nettopp blitt kort. Hjå frisøren hadde eg vore for feig til å barbera hovudet som popidolet Sinéad O’Connor, så det blei ein litt døll gutesveis i staden. Nå stod eg på eit gatehjørne i Stavanger saman med mor mi, med nystramma tannregulering, og venta på at ho skulle bli ferdig med å snakka med ei gammal dame ho ikkje hadde sett på tjue år. Plutseleg går minnefilmen over i slow motion, i det dama spør mor mi med blikket på meg: «Kor gammal er han, då?»

Skamraude kinn 

Ei rasande tenåringsjente vekslar mellom å skula bort på hespetreet og sjå ned på sine eigne joggeskor med skamraude kinn. Då mor mi svarer høfleg om dotter si, seier dama at «hehe, det er så vanskeleg å sjå forskjell på dei nå for tida». Mens eg hatar henne (me hatar gjerne folk som får oss til å skamma oss), ser eg febrilsk rundt meg etter meir jentete jenter som eg burde kopiera stilen til. For eg vil jo ikkje vera noko anna ei heilt vanleg, og helst litt fin jente. Berre litt tøff samtidig.

Om ein nå skal la seg leia av etterpåklokskapen sitt milde ljos, kan det faktisk ha vore grunnlag for at den eldre kvinna blei litt kjønnsforvirra på mine vegne. For mens ho sjølv hadde på seg den kvinnelege treeininga kåpe, hatt og handveske, hadde eg endeleg fått meg Levis 501 – buksa med den ikoniske gutefasongen som framheva at eg er ganske hjulbeint.

Langt hår sidan

Truleg er dette tenåringstraumet er ein av grunnane til at eg alltid har hatt langt hår sidan. Sjølv om eg som vaksen tenkjer at det ikkje burde vera krise å bli tatt for å vera gut, var det uansett vanskeleg då. Tilliten til marknadsverdien min som jente var for låg.

Samtidig er det som ikkje skjedde i perioden med kort hår og cowboybein, det aller viktigaste i denne teksten: Eg opplevde aldri, verken før eller sidan, teikn på at folk var i tvil om eg var jente.

Akkurat det ser ut til å ha forandra seg. Eg opplever stadig oftare at både vaksne og ungar går ut frå at ein ungdom med jentekropp, men med kort hår og «guteklede», vil bli rekna som gut. Det kan sjølvsagt vera tilfelle, men er det bra at den vurderinga skjer på autopilot?

Fleire land, blant anna Noreg og Sverige, opplever ei eksplosiv auke av barn og unge som blir viste til kjønnskorrigerande behandling. Fagfolk som legar og psykologar i begge land er urolege for at for mange blir behandla – og kan komma til å angra på irreversible inngrep.

Mindre forvirrande

Kan me kvinner og menn, som utgjer det undervurderte mangfaldet kalla «folk flest», bidra til å gjera barne- og ungdomsfamlinga rundt identitet og kjønn mindre forvirrande? Dagens ungar ser ut til å vera eksponerte for ein mal for kjønnsuttrykk som er mykje meir einsretta og smal enn han var i min generasjon. Medieflodbølga som skyl over dei frå mobilhanda er i stor grad dominert av eit skjønnheitsideal som nesten kunne vore støypt i plastformene til Barbie og Ken.

Det er gjerne dei skeive som går i front når det gjeld å leika med strenge kjønnskodar. I mange konservative kretsar, ikkje minst religiøse, blir slik grensesprenging møtt med rynka nasar. Ein opplever at slike uttrykk byggjer ned «naturlege» skilje mellom kjønn. Men her i Vesten treng ein ikkje å vera religiøs for å til dømes vera skeptisk til menn i skjørt. Med mindre dei er skotske.

Likte å gå i sarong

Då eg jobba i ein annan kristen organisasjon for ein del år sidan, blei det ved fleire offentlege høve fortalt at den dåverande generalsekretæren likte å gå i sarong heime. Med skrekkblanda fryd viste ein bilde av den konservative mannen iført eit stort tøystykke som eit langt skjørt. Det behagelege klesplagget hadde blitt med heim etter mange års arbeid i Indonesia, og det fungerte minst like godt som ein slåbrok etter ein ettermiddagsdusj. Generalen møtte berre respekt for sarongen frå tida «ute». Men kva om han hadde føretrekt kona sine skjørt?

Det er ikkje gudgitt at menn må gå i bukser, eller at femtenårige jenter må ha langt hår, det berre verkar sånn. Vil ikkje alle – ikkje minst dei som ønskjer at flest muleg skal finna seg til rette i kjønnskategoriane «menn» og «kvinner» – tena på at dagens kjønnsuttrykk blir lausare i snippen?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt