Verdidebatt

Kjønnsideologi på avveie

Kanskje er det mogleg å få ein meir open og kunnskapsbasert offentleg debatt om barn og kjønnsidentitet? La oss håpe det!

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I fleire vestlege land har det vore ein formidabel auke blant barn og unge med raskt oppkommen kjønnsdysfori. Tilstanden inneber at barnet/ungdommen opplever manglande samsvar mellom sitt biologiske kjønn og den opplevde kjønnsidentiteten.

Sårbare barn

No ropar både foreldrenettverk og stadig fleire fagfolk varsku om ei utvikling der radikal identitetspolitikk har fått trumfe biologi og vitskap i omsorga for desse sårbare barna. Særleg bekymringsfullt er det at stadig yngre barn blir utsette for irreversibel feilbehandling.

Det er på tide å spørje: Kva ansvar har media for denne alvorlege situasjonen? I media og på nettet vert dei unge eksponerte for einsidig og ubalansert informasjon om temaet, samstundes som der er eit sterkt påtrykk for at den rette løysinga er å få stadfesta den nye kjønnsidentiteten gjennom kjønnsbekreftande behandling med hormon og kirurgiske inngrep.

I skulen og etterkvart i stadig fleire barnehagar, vert barna eksponerte for Prides radikale kjønnsideologi. Senter for likestilling arrangerer gratis kurs for tilsette i skular og barnehagar med formål opplæring av den oppveksande generasjonen. Kurset har tittelen «Trygg i eget uttrykk - jenter, gutter og alle andre» og handlar om kjønn, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og seksuell orientering. Dette betyr at barn heilt ned i 3-4-årsalderen, med Statens velsigning og støtte, faktisk er gjort til målskive i eit identitetspolitisk prosjekt.

Kritiske spørsmål

Det er på høg tid å stille kritiske spørsmål også ved det som skjer i barnehagar og skular her i landet. Liksom den svenske psykiateren David Eberhard har gjort om tilhøva i Sverige. I boka Det stora kønsexperimentet (2018) kjem han med eit klart bodskap om at dei må gjere slutt på det store kjønnseksperimentet som, i likestillingens namn, skjer i svenske barnehagar og skoler, og som medfører meir skade enn gagn.

Med utviklinga vi no ser i Norge, er det grunn til å spørje om opplæringa i den radikale kjønnsideologien i barnehagar og skular kan bidra til å skape meir forvirring og usikkerheit om kjønnsidentitet hos dei sårbare barna/dei unge?

NBTS (Nasjonal behandlingstjeneste for Transseksualisme) har landsfunksjonen for utgreiing og behandling av transseksuelle personar her til lands. Fagfolka der har høgaste kompetanse og lengst og breiast erfaring med denne problematikken. Dei har sett det naudsynt å gå ut i media med si bekymring for at sexologar og andre behandlarar som eit lavterskeltilbud startar opp behandling av yngre personar. Syner til deira kronikk i Aftenposten 21. mars 2018 med overskrifta «Behandlingsivrige sexologer spanderer hårvekst og mørk stemme på najonens døtre».

Skjer for raskt

I eit oppslag i svenske Expressen 4. april i år (også gjengjeve i Nettavisen), kan ein lese om ei gruppe fagfolk og pårørande av barn/unge som har gjennomgått kjønnsbekreftande behandling, som åtvarar mot den same utviklinga i Sverige. Gruppa er samansett av leger, psykologar, forskarar og pårørande (derav også nokre norske). Dei åtvarar om at utredning skjer for raskt og er for lite omfattande og at førekomsten av «angrarar» vert fornekta eller neglisjert. I oppslaget i Expressen vert det referert frå eit brev til svenske Socialstyrelsen i november 2018, der gruppa også uttaler at ein ikkje kan utelukke at kjønnsdysfori kan «smitte» på same måte som spiseforstyrringar og annan sjølskadingsatferd. Det vert også vist til at i tillegg til dei med «ekte» kjønsdysfori, finst det unge som søker løysingar på andre underliggande problem, og at kjønnsbekreftande behandling ikkje vil hjelpe dei på lengre sikt.

Eitt trist døme på dette er å sjå i programserien «Uppdrag granskning» som vart vist på svensk tv i april i år. Dokumentaren har tittelen «Tranståget og tenårsflickorna». Den viser den vonde historia til ei ung finsk jente som har gjennomgått hormonbehandling og kjønnskirurgi. Ho angrar og må leve med dei irreversible forandringane resten av livet. Ei anna ung svensk jente som også angrar på kjønnsskiftet, blir intervjua. Men ho vågar ikkje stå fram med namn og ansikt av frykt for negative reaksjonar frå transmiljøet.

Grundige utgreiingar

Vi treng meir forskingsbasert kunnskap på dette viktige og vanskelege feltet. Særleg fordi der er ein høg førekomst av samanfall i diagnosar hos barn med plutseleg debuterande kjønnsdysfori. Diagnoser innan autismespekteret er overrepresenterte. Det er behov for spisskompetanse, grundige utgreiingar og tilpassa trygg behandling. Det kviler eit stort ansvar på fagfolka som jobbar i dette feltet på å klare å skilje kjønnsdysfori frå andre tilstandar, slik at dei som treng det, vert gitt rett behandling før dei når vaksen alder.

Ved Tavistock Centre i London, ein statleg spesialistteneste for transseksualisme, har nyleg fem leger valt å seie opp jobben fordi dei meinar at den medisinske behandlinga av ungdommane er etisk uforsvarleg, og at veksten i kjønnsdysfori ofte skuldast andre forhold enn eit reelt behov for kjønnsskifte.

D. Eberhard gir i den nemnde boka uttrykk for at i den postmoderne verda er følelsar blitt like viktige som fakta, og at ingen stader blir dette meir tydeleg enn i debatten om mannleg og kvinneleg.

Ideologisk motiverte angrep

Det er svært urovekkande å lese at innan det internasjonale akademiske miljøet og blant forskarar innan transfeltet har fleire opplevd å bli trakasserte, motarbeidd og freista knebla og sensurert. I England har det gått så langt at i oktober 2018 bad ei gruppe på over 100 akademikarar/forskarar frå ulike fagområde styresmaktene om beskyttelse mot ideologisk motiverte angrep innan dette feltet.

Barn og unge med utfordringar knytta til kjønnsidentitet er ei samansett gruppe vi treng å møte med omsorg og respekt, men også med god og sikker informasjon. Både i undervisingsamanheng, i det førebyggande arbeidet og i behandling er det viktig å hente informasjon frå oppdaterte, kunnskapsbaserte og pålitelege kjelder. Dessverre er dette langt ifrå situasjonen slik den framstår i dag.

Eitt lite lyspunkt er at journalist Ingunn Økland i sin kommentar i Aftenposten den 27. april i år uttalte at transbevegelsen må tåle debatt.

Marit Johanne Bruset

Psykologspesialist

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt