Ingrid Valkvæ Knardal

1

Kjønnsroller og underordning

Kan ordet tene vere ein nøkkel til å forstå?

Publisert: 29. mai 2019

Kjønnsroller og underordning


Berre ordet underordne får meg til å grøsse. Og det til tross for at eg veit at i mange situasjonar i samfunn og arbeidsliv må ein berre tilpasse og underordne seg lover og vedtak. Enkelte gonger også når ein er ueinig.

Språkleg er ordet å forstå som noko annanrangs og mindre viktig. Du blir plassert, sortert under noko. Vi har mykje trist kvinnehistorie i kyrkje og kristne organisasjonar nettopp fordi ordet er oppfatta og praktisert slik.

Blir det i tillegg kobla på at ei kvinne skal teie i forsamlinga, aukar presset.

I heim og ekteskap kan mann og kvinne ha ulike ansvarsområde. Ein del forskjellar er der automatisk av biologiske grunnar. Men korleis min kjære og eg løyser oppgåver i samlivet vårt, kan vi ikkje overføre som fasit for andre par. 


For meg har avsnittet i Efesarbrevet 5, blitt ein nøkkel til fridom, likeverdig fellesskap og glede - ikkje det motsette.

Her blir det sagt at ei kvinne skal underordne seg mannen sin i alle ting. Med andre ord skal ei kvinne tene mannen sin. Ein mann skal elske kona si som Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne. Med andre ord skal mannen tene kona si. Treng det å vere vanskelegare å forstå enn dette? 

Og ja, er vi opptekne med å tene kvarandre blir der lite tid til å herske og føle seg undertrykt. 


2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere