Verdidebatt

Den verkeleg raude fare

Kvifor er det slik at norske politikarar med makt er meir villige til å kritisere eit norsk miniparti med kommunistisk tankegods, enn verdas største kommunistiske regime?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
Dei siste vekene har vi kunne følge ein ytst interessant debatt om kommunismens plass i prinsipprogrammet til partiet Raudt. Det store spørsmålet var: Skal partiet på ytre venstre flanke halde fram med å sjå på seg sjølv som kommunistisk? Svaret frå landsmøtet i partiet vart ja, til stor og rettmessig kritikk frå nesten alt som kunne krype og gå av kommentatorar og synsarar.

Mange slengte seg på med treffande analysar av kommunismen og dei forferdelege konsekvensane denne ideologien har ført til opp gjennom historia. Drap på millionar, tvangsarbeid, grov undertrykking. Mest treffande var Bernt Hagtvet når han skreiv: «Å si at kommunisme er en retningsgivende impuls i dagens politiske klima er å assosiere seg med de verste folkemorderiske regimer og tankemønstre i historien». Det er ikkje akkurat ei historie av hundre blomstrar som blomstrar og hundre tankeretningar som stridast, slik Mao formulerte det.

Det vart ein befriande debatt om menneskesyn og ideologi, ikkje akkurat kvardagskost her på berget.

Men så skjedde det noko som skulle avsløre at ein del av som engasjerte seg, ikkje meinte eit ord av det dei sa.

For plutseleg - så plutseleg at berre den kinesiske handelsforeininga i Norge hadde fått det med seg og nesten ingen menneskerettsorganisasjonar fekk tid til å områ seg - kom det prominent besøk til Norge. Det kinesiske kommunistpartiet sende sin tredje mektigaste person for å besøke oss, formannen for den kinesiske Folkekongressen Li Zhanshu. To stortingsrepresentantar som hadde påskriften «fridom» på T-skjorta si, skrive med kinesiske teikn, slapp ikkje inn i Stortinget. Eit lite ord som vert nytta flittig i Stortinget, særleg i mai, vart plutseleg oppfatta som ein tryggleikstrussel og provokasjon.

Kanskje kom besøket i stand for å vise kor godt forholdet mellom Kina og Norge no har blitt, ettersom Norge på tru og ære har lova å ikkje offentlege kritisere Kina etter fredpristildelinga til Liu Xiabo i 2010. Ikkje mange dagane etter besøket blei det i alle fall tydeleg at Norge fekk betalt for den lydige stillheita: Norge og Kina inngjekk ei ny avtale om eksport av laks.

Det var nesten som besøket frå den kinesiske formannen føregjekk i eit heilt anna land enn det landet som omtrent samstundes debatterte Raudt sitt prinsipprogram med den største innleving og iver. For når kinesarane kom, vart det tyst. Ikkje om det knøttlille norske kommunistpartiet, men om det kinesiske. Spesielt vart det stille frå dei partia som hadde hatt den største ideologiske motstanden mot den kommunismen Raudt kviskra om at dei ville ha.

Forskjellen på Kina og partiet Raudt er kanskje at Raudt ikkje er «et av våre største vekstmarkeder», som fiskeriminister Harald T. Nesvik uttalte i forbindelse med den nye eksportavtalen. Då blir det kanskje lettare å sjå bort ifrå at Kina er eit av verdas verste diktatur, så lenge laksen er flyt fritt. Det opplevast kanskje betre å hamne i fengsel for å skrive meininga si i avisa eller på sosiale medier, viss ein veit at ein kan ete norsk laks i fengselskantina. Norsk laks er jo ikkje autoritær.

Og så kan norske politikarar lette på samvitet sitt ved å heller kritisere Raudt, partiet med ein representant i Stortinget, for deira autoritære trekk.

For kva var det eigentleg vi var redd for med den kommunismen Raudt står for?

Var det at Raudt skulle innføre eit «Storebror ser deg»-samfunn som kontrollerer innbyggarane i Norge så sterkt at styresmaktene nesten har oversikt over kva alle nordmenn tenker?

Var det at Raudt ville sende alle minoritetar og annleistenkande i såkalla «skuleringsleirar», for å lære seg å bli gode kommunistar?

Var det at dei ville sette uavhengige journalistar i fengsel?

Var det at dei ville sørge for at folk som kritiserte dei plutseleg forsvann?

Var det at dei ville stenge internett for alle moglegheiter til å kritisere dei?

Var det at dei ville bruke norsk utanrikspolitikk til å kneble frie og demokratiske stemmer også i andre land?

Då kan det vere godt å tenke på at det heldigvis ikkje er slik i Norge. Det er kanskje litt verre å tenke på at Kina nok er ein større trussel for at det ein gong kan bli slik, enn det Raudt er. Men pyttsann.

Det er forskjell på folk. Og på kommunistparti.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt