Verdidebatt

Modige kristne kjempar i dag den same kampen som Hauge kjempa mot makta

I Kina, India blir det brukt truslar og vald for å knusa dei som vil samlast om trua si utan å bøyga kne for makta. Modige kristne står i dag i den kampen Hans Nielsen Hauges kjempa.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Oddbjørn Johannessen ved Høgskulen i Agder fortalde for tre år sidan om vemodet han kjende på då det gamle og nedslitne bedehuset hans frå barndommens søndagsskule i Strengereid vart lagt ut for sal på finn.no. Det var rett nok tiår sidan siste besøk. Men likevel vart han trist, mellom anna fordi dette markerte slutten på bygda som sosialt sentrum.

Johannessens tekst utløyste mange redaksjonelle saker om bedehus til sals. Også Fædrelandsvennen skreiv om bedehus som var selde.

Bedehusa har i mange bygder gått ut på dato. Kristenlivet er fornya. Eg skal ikkje her analysera dette. Men eg finn grunn til å dvela ved at retten til å samlast på det som blei frikyrkjer og bedehus, vart kjempa fram i ein hard og brutal strid. Det er viktig også når debatten no går om arven etter Hauge i dag.

Fengsla
Noreg var ved inngangen til 1800-talet religiøst sett autoritært. Hans Nielsen Hauge som grunnla rørsla som seinare bygde bedehus, utfordra den dansknorske statsreligionen. Han nekta å bøya seg for forbodet for lekpredikantar å forkynna utan løyve frå presten.

Så kom det vanheilage tospannet – presten med lensmannen på slep – til samlingane Hauge heldt i private heimar. På sju år, før 1804, hamna Hauge ti gonger i fengsel, nokre veker kvar gong.

Ekstremist-trussel
I 1804 hadde biskop Peder Hansen i Kristiansand fått nok. I eit harmdirrande brev til Det Danske Kanselli åtvara han mot Hauges «fanatiske lære». Biskopen refsa «svermeren» og emissærane hans. Dei skapte «mistillit mot Statens øverste autoriteter og særlig lærerstanden». Det var prestane si makt biskopen var uroleg for. Faren var uhyrleg, for det ser «ut som Hauge har valgt å ligne muhammedaneren Abdul Vechab».

Abdul Vechab heitte eigentleg Muhammad ibn Abd al-Wahhab. Han grunnla wahabismen, den strenge og «reinsa» forma for islam som er statsreligionen i Saudi Arabia. Åtvaringane som sultanen i Istanbul spreidde mot wahabismen, stod å lesa i avisene på den tida Hauge verka.

Tek vi Kristiansand-biskopens samanlikning inn i vår tid, likna altså Hauge på mannen som vart ideologisk grunnleggjar av terrorrørsla IS. Så grovkorna og uhyrlege åtvaringar tydde altså ei livredd og kontrollerande religiøs makt til for å stogga ein strikkande predikant som forkynte Guds ord og skapte arbeidsplassar.

I 1804 blei Hauge dømt og sat i fengsel fram til 1811. I grunnlovsåret 1814 var Hauge midtvegs i eit to år langt slaveri. Hugs på det under feiringa av 17. mai. Først i 1842 vart konventikkelplakaten oppheva. Tre år etter blei det lov å etablera frikyrkjer.

Mørke flekkar
Den kristne arven har gjennom hundreåra gitt landet viktige bidrag til utviklinga av samfunnet. Men statsstyret har mørke og vonde flekkar i møte med minoritetar – både kristne med avvikande syn og menneske av anna tru, som jødar.

I mange norske bygder er det ikkje lenger trong for bedehus – kanskje treng ikkje folket Gud, eller kanskje har dei for mange hus. Kristne i land som Iran og India står i våre dagar i ein kamp som tidvis går på liv og helse laus, for retten til å tru og å samlast i heimar eller på bedehus.

Prestestyre

Det shia-muslimske prestestyret i Iran har godkjent historiske kyrkjer for etniske minoritetar som kan ha gudstenester og feira jul og påske. Men dei er andreklasses borgarar som må leve ut trua innandørs og bruka sitt eige etniske språk. Nasjonalspråket farsi må dei halda seg unna.

Folk som evangeliserer blant muslimar, vert taua inn i vekelange arrestasjonar, slik Hauge altså blei før 1804. Akkurat no sit fleire iranske kyrkjeleiarar fengsla med straffer på lengde med straffa som ramma Hans Nielsen Hauge i 1804: Pastor Yusuf Nadarkhani er dømt til ti års fengsel to to års indre eksil. Iran er ikkje eit «ferieparadis» for dei som opponerer. Bahaiar har det like ille som konvertittar.

Truslar og vald
India er midt inne eit nasjonalt val, vi får valresultatet 23. mai. Landet har lenge verdsett religiøs fridom. Men det hindunasjonalistiske partiet BJP, som har styrt sidan 2014, har fyrt opp ein farleg religiøs nasjonalistideologi: for å vera ein god indar, må du vera hindu. Politisk og religiøs makt går hand i hand, ekstremistane får ofte straffefritt driva med truslar og vald mot religiøse minoritetar.

2018 vart eit toppår for verbale og fysiske åtak på muslimar og kristne, melder organisasjonen Open Doors i rapporten «Vi er også indarar». Åtte indiske delstatar har dei siste åra vedteke forbod mot å skifta tru – frå hinduisme til kristendom eller islam, den andre vegen er derimot heilt i orden.

I delstaten Tamil Nadu braut politiet i eitt tilfelle og ekstremistar i eit anna nyleg opp bønemøte. 19. mars drog inntrengjarar bedande kristne ned trappene i ein heim som var gjort til bedehus. Dei sette fyr på biblar og songbøker, melder organisasjonen Christian Solidarity Worldwide.

Det er mange saker med vald mot og drap av muslimar som sel eller slaktar kyr.

Sviktar
Vi nordmenn kan feira 17. mai i fridom. Vi kan tru og la vera å tru – utan at religiøs og politisk makt eller ekstremistar brasar inn.

Mange regime, Kina ikkje minst, brukar truslar og vald for å knusa det som hos oss etter kamp blei retten til å samlast, først for menneske med avvikande kristen tru, seinare for minoritetar med anna tru. Den fridommen må vi kjempa for, same kva vi tenkjer om livet som for nokre tiår sidan utspelte seg på dei bedehusa som i våre dagar blir selde på finn.no.

Lett redigert utgåve av kronikk i Fædrelandsvennen 16.5.2019

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt