Hallvard Jørgensen

73

Det mystiske rommet

Kan kjelder djupt i kyrkjehistoria hjelpe oss til eit rikare, tryggare og meir fyldig kvardagsliv?

Publisert: 22. mai 2019

Noko av det eg i dag likar best å gjere i ei gudsteneste, er å tenne ljos i ein ljosglobe. Det opplevast både godt og meiningsfullt – og som ei trøyst. Det var ikkje alltid slik. Då eg var yngre, sat eg heller på kristne møte med penn og papir. Eg ville lytte, lære, forstå, tenke kritisk. Kva var i det heile poenget med å tenne eit ljos? Men eg endra haldning til dette kvart. Eit viktig steg på reisa, var opplevinga av å delta på ei messa i ei stor katolsk kyrkje, over tid. Det gjorde inntrykk.


Foran heilage ikon

Dei varme fargane i kyrkjearkitekturen. Dei friske blomane framme ved altaret. Mange store glasmåleri med bilete av norske helgenar. Ei altartavle full av fargar og symbolikk, med den krossfeste Kristus i sentrum. Inngangsprosesjon med born og vaksne kledd i kvite kapper. Det duftande røykjelseskaret som vart svinga over kyrkjelyden og evangelieboka og nattverdselementa. Eit kor som song fleirstemte bibelske salmar. Den vakre og unisone liturgiske songen. Klokkeringinga ved nattverdsliturgien. Og: Etter messa gjekk mange fram og tente sine eigne ljos, foran heilage ikon.

Mykje av dette kjente eg att frå den lutherske gudstenesta. Samstundes tala den katolske messa til fleire sansar, og den opererte på fleire ulike nivå, så å seie. Var dette berre «estetikk», berre ei «støtte for den ordlege bodskapen,» så å seie? Slik ville det vore lett for meg å tenke før. Den protestantiske tradisjonen har ofte vektlagt ordet og tanken som det viktigaste mediet for å møte, og kjenne, Gud. Med rette vil ein vise til «dei 4 b-ane» som nemnast i Apostelgjerningane: Bibel, bøn, brødsbryting, bror- og systerfellesskap.


Teikn og symbol

Teologisk verksemd, diskusjon, tenking, læring er også både nødvendig og viktig – både som intellektuelt rammeverk og som språkleg medium. Difor har kyrkja ei vedkjenning, den har bibeltekstar, den har tradisjonar. Etter tradisjonell forståing høyrer desse vel å merke fyrst og fremst heime i den liturgiske gudstenesta. Men: Kan språket og tanken «gripe» Gud og verkeleg seie kven Gud er? Moderne teologiske tradisjonar har ikkje sjeldan svara «ja» til dette. Men den antikke kristendomen, særleg på gresk side, kunne nærast insistere på det motsette. (Sjå til dømes Jaroslav Pelikans dogmehistorie, samt studiar om dei kappadokiske fedrane).

Skal vi møte gudsmysteriet i vår røyndom, vil ein då seie, treng vi teikn og symbol. Ord, ja. Sakrament. Men også: Ritual, kroppsgestar, musikk, kunst, lukt, drakter, brød og vin, vatn, og: ljos.  Som den moderne medieteoretikeren Marshall McLuhan sa det så minneverdig: «The medium is the message.» Dette ligg nær sjølve logikken i kristendomen. Gud – den ukjente som «ingen har sett», men som likevel er nær – gjer seg sjølv kjent. Ikkje som ei bok eller ein tekst, men som menneske, som eit teikn i vår kvardag.


Fast eksistensiell grunn

For meg har dreiinga mot denne meir «sakramentale» røyndomsforståinga vore grunnleggjande meiningsfull. Éi side av saka, er at mange år med studie for å finne «fast eksistensiell grunn» ofte berre leidde til meir kompleksitet – og meir utsliting av kropp og sinn. No lever eg ein del betre med slik kompleksitet og uvisse – eg trur jamvel den er naturleg og nødvendig. Teikn og symbol er trass alt i seg sjølv «opne»; dei gjev rikt med rom for personleg tolking, undring, tvil. Dette opplevast frigjerande.

Eg har ofte tenkt at det norske folk kanskje kunne trenge meir av det «mystiske rommet». Eit rom der det var trygt å vere med heile seg; der ein kunne verdsetje kvardagen sine små og store mysterium; der ein ikkje vart drive til verken irrasjonalisme eller eit låst system, det vere seg av teologisk eller vitskapleg art. Eg trur nok at lengselen etter eit slikt godt indre og ytre rom kan vere ein av nyklane til å forstå kvifor mange nordmenn trekkast mot den einslege hytta på fjellet, eller den eskapistiske ferien til Syden – men kan ha vanskar med å finne seg til rette i eigen kvardag, i eit stabilt fellesskap, eller i eige sinn og eigen kropp.


4 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere