Verdidebatt

Å kome heimatt til seg sjølv som kyrkje

Tida om statskyrkja er over. No kan kyrkja finne tilbake til ei god sjølvforståing.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kva er det å vere ei kyrkje eller ein kyrkjelyd? Det er å vere eit fellesskap av Jesus-truande og Jesus-søkjande menneske som kjem saman for å byggjast opp og bli sette i stand til teneste, slik NT skildrar det. Og det er her fokuset må vere, for det er dette fellesskapet som i ei stadig rikare tru på Jesus kan bane veg for evangeliet inn i eit sekularisert folk. Dei som faktisk samlast til gudsteneste bør òg ha leiinga av kyrkja og velje inn dei som skal sitje i ulike råd. Og då er det iallfall eit par ting ein må lausrive seg frå.

Arv frå dansketida

Det eine er handhevinga av folkekyrkja som referanse for kva ei kyrkje er. For folkekyrkjetanken er ein arv frå dansketida og statskyrkja, då alle var nøydde til å høyre til den same kyrkja som kongen og fyrsten, og religiøs praksis bar preg av tvang. Faren her er at trua lett berre vert eit livssyn og ikkje ei kraft til liv og teneste. Folkekyrkja kan altså ikkje identitetsskapande for mange­ kyrkjegjengarar. Kyrkja skal likevel ha ei open dør for alle og ha som mål å nå folket med evangeliet. Dnk må heller forstå seg som fellesskapet av dei lokale kyrkjelydane rundt om og med dei ordningane som dette krev, som biskoppeleg tilsyn og ulike råd.

Når ein tredel av kyrkjemedlemmane, seier om seg sjølve at dei er ateistar (Aftenposten 22.03.16), ser vi kor meiningslaust det er. Kva politisk parti vil tillate folk å røyste ved eit partival om dei seier nei til partiprogrammet? Men i kyrkja skal det vere greitt? Om dei fungerer juridisk, så må nok slike val i kyrkja eigentleg seiast å vere ugyldige, kyrkjeleg og teologisk, for skal det bli eit kyrkjeval, er det naturlegvis kyrkjelyden som må røyste, og den er å finne ved gudstenesta.

Frikopling 

Skal kyrkja bli ei kraft i samfunnet, gjer vi lurt i å kople oss heilt frå den konstantinske og statskyrkjelege æraen og hente inspirasjon frå den tida då kyrkja verkeleg var ei åndeleg kraft, nemleg i oldtida. I ei religiøst sett pluralistisk tid breidde kristentrua og kristenlivet seg utover i eit stadig større omfang. Ei slik kyrkje vil i dag òg ha store sjansar til å lukkast med å gjere menneske til læresveinar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt