Kommentator Sofie Braut

Nødvendig dialogkritikk

Paulus gjekk i dialog med sitt publikum på meisterleg vis, men ikkje utan klar agenda. Det manglar dialogverksemda til Den norske kirke.

Publisert: 2. mai 2019  /  698 visninger.

Takk til dialogmiljøet, både ved dei ulike dialogsentera i Noreg (VL 26.4.) og ved Raag Rolfsen, direktør i Areopagos (VL 27.4.) for rask respons på min dialogkritiske kommentar i VL onsdag 24. april.

I mitt opphavlege innlegg «Dialog- misjonens arvtakar?» stiller eg spørsmålet om kva som ville skjedd med evangeliet si utbreiing om dei første kristne satsa på religionsdialog i staden for misjon. Konklusjonen min om at den kristne trua ville ha forsvunne utan ei offensiv og tydeleg forkynning, står ved lag, sjølv om eg har lese svara frå både dialogmiljøa rundt i Noreg og Areopagos’ direktør, som meiner Bibelen viser at det nettopp var dialog som gjorde misjon mogleg.

Misvisande definisjon

Det er særleg interessant å lesa at Rolfsen trekkjer fram Paulus’ tale på Areopagos som eksempel på at dialog var eit viktig verktøy for dei første kristne. Paulus areopagostale er eit stjernedøme på den dyktige og dedikerte forkynnaren som bruker kjennskap til samfunnet, poesien og kulturen han forkynner inn i, for å visa kor aktuell Sanninga om den krossfeste og oppståtte Jesus Kristus er for alle, same kva bakgrunn dei har. Han kontekstualiserer evangeliet inn i samanhengen der han forkynte, slik ein kvar god forkynnar etter han har prøvd å la seg inspirera til å gjera. Tok han dermed, i tråd med moderne dialogtenking, til orde for «gjensidig forandring» gjennom møtet med dei han underviste og forkynte for i Athen?

Dersom dialog berre handlar om å relatera evangeliet til samtida og utnytta konteksten rundt seg strategisk, slik Paulus gjer i sin vidgjetne tale, verkar dialogdefinisjonen til dømes på heimesida til Kirkelig dialogsenter nokså misvisande.

Klar agenda

At Paulus ikkje hadde ein skjult agenda om å endra nokon rundt seg, synest heilt klart. Han gjorde nemleg denne agendaen heilt tydeleg. Som han seier litt ut i talen på Areopagos: «Gud har bore over med dei tidene då folk var uvitande. Men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om. For han har fastsett ein dag då han vil dømma verda med rettferd, og til det har han innsett ein mann (…)». Dette er flammande tale, frå ein mann som risikerer alt for evangeliet. Det verkar eit lite stykke herfrå til opninga av ein av dagens dialogdefinisjonar: «Jeg går inn i en dialog, ikke for å forandre den andre…».

Rolfsens sluttsats, «(…) Braut er redd for å forandres i møte med den som tror annerledes», tyder på at det trengst fleire dialogkritiske innfallsvinklar. Kvifor gjera seg uangripeleg ved å påstå at nokon som tenkjer annleis er redde? For denne samtalen bør det vera uinteressant å karakterisera kritikarane sine, det er langt viktigare at Areopagos og andre, som eg trur er flinke nettopp til å lytta, også lyttar til kritiske røyster. For det er verkeleg påfallande i kor lita grad dei kommenterer aktuelle problemstillingar knytt til dialogverksemda, til dømes «Prinsessa og Sjamanen» i St Petrikyrkja i Stavanger. Mange, eg sjølv inkludert, er nettopp opptekne av å drøfta slike utslag av dialogtenkinga og kva dei gjer med kyrkja.

Uklare dialogar

Det er nødvendig og nydeleg at vi møtest og snakkast djupt og godt på tvers av tru. Og om «dialog» berre betydde «samtale», hadde ingen kritisk innfallsvinkel vore nødvendig. Omgrepet dialog, slik det no er brukt i kyrkja, har derimot fått eit svært uklart preg, og eg er neppe åleine om å oppleva at Dnk med dialogarrangement av typen «Prinsessa og Sjamanen» legitimerer alle typar åndelegheit og erstattar det enkle Jesus-vitnesbyrdet med kommersialiserte arrangement som fortel publikum at ein kvar vert salig i si tru. Men kva treng ein då kyrkja til?

12 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Kristen kamelsluking
av
Espen Ottosen
20 dager siden / 3303 visninger
For kort for Jesus?
av
Øyvind Hadland
26 dager siden / 2425 visninger
En prest og en gave
av
Anita Reitan
14 dager siden / 2362 visninger
Om Gud vil
av
Vårt Land
28 dager siden / 2355 visninger
Fem om dagen: en sunn tro
av
Berit Hustad Nilsen
14 dager siden / 1812 visninger
Politikk og religion sauses sammen
av
Helge Simonnes
11 dager siden / 1641 visninger
Å trene motstandskraften
av
Knut Arild Hareide
27 dager siden / 1494 visninger
Jakt og offer
av
Hilde Løvdal Stephens
8 dager siden / 1393 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere