Signe Myklebust

1

Det er i mørket flammene blir sett

«Påskemorgen med bismak. Jesus stod opp, bomber i kirker. Bønn er fremdeles en menneskerett», skriv Kirsten M. Aase Finch, diakon i Grønland menigheit, på Facebook 21. april. Igjen har terroren ramma truande i bøn, og det med ein enorm brutalitet.

Publisert: 30. apr 2019

Tankane mine går tilbake til 22. mars. Ei veke etter terrorhandlinga mot Christchurch, New Zealand, der 50 muslimar vart drepne under fredagsbønna, troppa vi opp utanfor moskear i Drammen for å vise vår sympati og støtte til norske muslimar.

Vi stod med enkle plakatar med teksten «Vær trygg mens du ber». Vi var der som enkeltpersonar, nokre representerte eit trus- eller livssynssamfunn, andre var politikarar. Eg veit ikkje kva eg hadde forventa, men den takksemda og gjestfridommen vi vart møtt med, var heilt utan sidestykke!

Takksam 

Utanfor Det Islamske kultursenter, den tyrkiske moskeen ved Motorveibrua, fekk vi kaffi, snacks og tyrkisk lefse, etter bønna kom dei også med roser til oss. Både ungdom og vaksne var tydeleg takksame. Ein 14-åring eg kjenner, fekk eit bilde av oss tilsendt på Snapchat, med påskrifta: «Lsm jeg var med en fetter og bare chilte utenfor moskeen så ser vi disse. Men fyf ass det er så flått :>».

Vi gjekk vidare til Buskerud og Vestfold Muslimske trossamfunn, den somaliske moskeen i Smithestrømveien. Også der var folk heilt overvelda, dei visste ikkje kva godt dei skulle gjere for oss. «Da jeg så dere måtte jeg stoppe opp og tørke noen tårer», sa ein ung fyr. Ein annan stilte i refleksvest, han var parkeringsvakt og dessutan sikkerheitsvakt, ei ordning som var ny av veka. Han svarte stadfestande på spørsmål om dei er bekymra: «Ja. Og ikke bare vi, muslimer i hele Europa er redde».

Om ikkje før gjekk det opp for meg da kor viktig det var at vi faktisk var der. Ein av leiarane inviterte oss inn, han sa: «Det er når vi møtes vi blir kjent. Det er først da vi kan snakke sammen». Dei viste oss moskeen, vi fekk herleg te og meir mat enn vi klarte å ete. Vi kom i snakk med fleire. Ei ung jente sa: «Jeg blir skikkelig rørt, jeg hadde ikke forventa noe sånt. Det er godt å se at det er så mange der ute som støtter oss».

Enkel handling 

Eg jobbar med kyrkja sitt omsorgsarbeid. Oppgåva mi er å spreie Guds kjærleik og Guds lys. Vi diakonar gjer mykje forskjellig i forsøk på det. Men at ei slik enkel handling, å stå med ein plakat, kan gje ein så massiv respons? Først da eg las dette verset i salmen «Se, mørket vinner aldri over lyset», av Sindre Skeie, forstod eg ordentleg kva det handla om.

«Se, freden finnes i den gode striden, så reis deg opp til kamp for andres rett, da skal du aldri frykte mørkets makter, det er i mørket flammene blir sett».  

La oss fortsette å stå saman i den gode striden. Også når dei som er hardast ramma, bur langt unna eller er ulike oss sjølve. Berre slik held vi lyset levande.

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
rundt 2 måneder siden / 3815 visninger
Sover heile regjeringa?
av
Lisbeth Marie Austnes
16 dager siden / 1244 visninger
Når fest blir dom
av
Kristine Sandmæl
22 dager siden / 898 visninger
Er jeg rett kalt prest?
av
Julie Schjøth-Jovik
14 dager siden / 850 visninger
Takk og farvel, KrF
av
Kristofer Olai Ravn Stavseng
14 dager siden / 646 visninger
Nei, Lægdene, vi er ikke i mot kvinner
av
Mikael Bruun
rundt 1 måned siden / 579 visninger
Det viktigste er et godt arbeidsmiljø
av
Martin Enstad
26 dager siden / 571 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere