Vemund Viken

Fylkesstyremedlem, AUF i Oppland
3

Skulen må ta klimaengasjementet på alvor

Ungdom tar klimaendringane på alvor. Det engasjementet må skulen også ta på alvor.

Publisert: 13. apr 2019

Det begynte i det små, med idealisten Greta Thunberg som prioriterte klimaet foran skulen. Så voks det til noko stort. Thunberg talte til FN, blei nominert til Nobels fredspris og inspirerte flere titalls tusen norske ungdommar til å seie klart frå om kva dei meiner om en handlingslamma klimapolitikk.

Det engasjementet må skulen ta på alvor, også etter klimastreiken.

Det handlar ikkje berre om at undervisninga er enklare når elevene er engasjerte i det timen handlar om (det har eg opplevd både som elev og lærar), men like mykje om kva som skal vere det overordna målet med skulen generelt, og med historie- og samfunnsfaget mer spesielt. 

Læreplanens generelle del peiker på at mykje av det som en før lærte gjennom praktisk arbeid heime eller ute i arbeidslivet, no må lærast i skulen. Eller for å la læreplanen snakke for seg sjølv:

«Skolen er eit miniatyrsamfunn som bør brukast aktivt for å lære slik dugleik. Elevane må dragast med i mange avgjerder; evna til å delta styrkast ved bruk. I eit samfunn med så komplekse skipnader som vårt, er dette vesentleg»

Når eg les ein del av kritikken som har komme mot streiken, sit eg at med eit inntrykk av at mange har eit smalt syn på læring, der ein skal sitte ved pulten sin og ta det som det kjem. Men læring kan gå for seg på andre måtar også, å delta i samfunnslivet er éin av dei.

Kort sagt: skulen er ikkje ei øy, han er ein del av samfunnet. Og som samfunnsfagslærar er det noko av ei rettesnor for meg. Ikkje gjer undervisninga til noko teoretisk og verkelegheitsfjernt, sei det som det er og vis fram samfunnet som det er, anten det er behageleg eller ikkje. 

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere