Hallvard Jørgensen

70

Den moderne uro

Moderne vestlege samfunn synest å trenge nye og betre retningar. Ligg løysinga i å styrke dei kristne røtene?

Publisert: 11. apr 2019

Heim - det er eit varmt ord. Den djupe og varme resonansen i «m»-lyden skaper ei kjensle av tryggleik og ro og nærkontakt. Vi minnast om det djupe, menneskelege behovet for ein stad å høyre til. Men det er tankevekkande: Filosofar og sosiologar kan fortelje oss at det som framfor alt kjenneteikner det typisk «moderne, frie mennesket», er at det har vanskar med å finne ein stabil heim å høyre til i.

Som psykologen Finn Skårderud ein gong sa det i ein boktittel: «Uro – en reise i det moderne selvet.»


Ved eit vegskilje

Det er som med den den bortkomne sonen som Jesus fortel om. Han var også på kvilelaus vandring i framandt land. Han dempa uroa, og utforska fridomen, med å sløse bort farsarven på festing og eit vilt liv. Men så kom det uår og svolt. På same viset har også vestleg kultur i dei siste tiåra vore prega av overdrive konsum og marknadslevert nyting. Men det kunne heller ikkje vare.

No om dagen er fattigdomen og pessimismen sterkt utbreidd i USA, og Trump kan seie at den amerikanske draumen er død. Her i Europa fryktar born og unge for framtida, og går til skulestreik for klimaet. Statsministeren peikar på at vi får for få born i Noreg – under ei slik utsegn ligg det mykje uro.

For nokre tiår sidan var det mogleg å seie at det sekulære, liberale, kapitalistiske demokrati representerte høgdepunktet i historia. Vi hadde nådd enden, vart det sagt; vi hadde funne ideologien som ville gjere slutt på ideologiane. Men nokre tiår seinare måtte akademikarane «gå i seg sjølve». Dei hadde særleg undervurdert mennesket sitt behov for ein stabil sosial, moralsk, kulturell, biologisk, eksistensiell heim. Menneskerettar, marknad og byråkrati – viktige som dei er – er ikkje nok.


Attende til farshuset? 

Men den vestlege verda har også eit farshus, ein stor og mangfaldig kulturtradisjon. Det som nok i sterkast grad har sett sitt preg på dette farshuset, er den kristne tradisjonen. Hjå mange i vesten lever denne tradisjonen som eit minne, som eit bilete, som ei kjensle. Og no for tida kan ein stadig høyre spørsmålet: Kan – eller bør – det moderne vesten igjen nærme seg farshuset sitt?

Kva er det i så fall som ventar ein der? Blir det som å vende attende til eit undertrykkande og angstfylt fengsel, med ein fin fasade? Eller kanskje heller som ein varm og trygg heim der ein kan slå seg til ro i godt fellesskap, og sjå ljost på framtida? Skal kyrkja ta eit slikt tvisyn på alvor, så blir det viktig, trur eg, å vere medviten om kva form og karakter kyrkja bør ha. Dette er jo også noko som mange heldigvis er opptekne av, og arbeider med.


Kva karakter bør kyrkja ha? 

For meg er det fascinerande å sjå kva det er som driv den bortkomne sonen til å vende heim. Han hadde kort sagt røynt noko viktig og essensielt om korleis livet fungerer. Og han hadde fått innsikt i kva som verkeleg er viktig og verdifullt i livet. Samstundes hugsa han at dette verdifulle var å finne på heimstaden, hjå far hans. Dette handla ikkje berre om ord eller tankar – for sonen var det handgripeleg og reelt. Han var svolten og skiten og utrygg.

Men far hans møtte han med kyss, klem, ring, sandalar, kappe og det finaste steikte kjøt. Er ikkje dette også den bylgjelengda som kyrkja må vere på? At den på eitt eller anna vis kan leve ut ei slik kroppsleg, heilskapleg, varm oppleving av frelsa? At den kan hjelpe menneske å vere i nærkontakt med omgjevnadene – naturen, kulturen, fellesskapet, høgtidene?

Og eg tenker på faren i likninga; hans alder og visdom. Det er vanleg å seie at også kyrkja er som eit gamalt tre med djupe røter og mange store og små greiner. Treet må kunne stå i sterk vind og samstundes kunne gje ly og vern for fuglane under himmelen. Slik kjem også farens visdom til uttrykk ved at han er raus og økumenisk, og inviterer heile landsbyen til fest. Slik trur eg at kyrkja i dag også treng eit inkluderande og økumenisk sinnelag om den skal kunne huse moderne menneske med varierte bakgrunnar og identitetar.

3 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere