Verdidebatt

Vindkraft: Natur mot klima?

Om det finnest løysingar som gjer at naturen ikkje må gå ned i kne for at me skal få eit betre klima, vil eg gjerne vera med å kjempa for det.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg skal innrømma det først som sist: Eg har meint at me skal byggja vindmøller. Fordi me treng rein kraft. I fire år har eg no vore ikkje-politikar og har tenkt at andre får ta vurderingane og debattane. Men samstundes som eg stiller til val på ny for KrF, kjem det ei nasjonal ramme for vindkraft frå NVE som peikar på eigna plassering av vindmøller. Så sit eg her, med ny plan som opnar for utbygging i mellom anna i mitt nærområde, og med andre tekniske og praktiske problemstillingar og løysingar enn då eg ein gong blei positiv til vindmøller på land der det var lokal støtte til det. Spørsmålet som dukkar opp er: Må eg gå imot straumen å støtta vidare utbygging fordi me er komne til eit punkt der me må velja mellom klima og natur?

Eg må inn i problemstillinga og leiter opp ulike artiklar, faglege og politiske, alle meir eller mindre argumenterande. Og heldigvis: Eg les meg til at me kan nytta vindmøller utan å ha dei på land. Me kan ha dei på havet. Gjerne flytande, og dermed truleg flyttbare og fjernbare. Prøveprosjekta gir håp. Det einaste motargumentet eg har funne, er at det er kostbart og løysingane er ikkje fullt utviklinga. Men desse hindringane er ikkje uoverstigelege. Derfor bør me satsa på havkraft. Trur eg.

Men vil me ikkje tapa tid og skitna ut lufta vår mens me ventar? Jo, derfor må ventetida bli kortast råd. Og det er beste argumentet for å satsa på havkraft straks. Me kan ikkje seia ja takk begge deler og først byggja ut større område på land når me treng konsentrasjonen, motivasjonen, framdrifta og pengane til å få på plass den beste løysinga, havturbinar.

Nokon meiner med kan spara naturlandskapet vårt fordi me har nok straum til eige bruk utan vindkraft. Men lufta og vatnet kjenner ingen landegrenser, og det kan heller ikkje miljøengasjementet gjera. Me tar for gitt at me kan setja på alle elektriske apparat me har i huset, så ofte me vil, kan ha varme i fleire rom i hytter og hus og lysa opp bygdene våre med julelys i vekevis. Kan henda har me eit forsprang på problemet samanlikna med andre land, men me et fort opp forspranget med vårt forbruk, privat og til næring.

Det blir spurt om kva me som land skal leva av etter olja. Me kan også spørja kva offshorenæringa skal ta seg til etter olja. Med havvindkraft har me noko av svaret. Teknologien, kompetansen og arbeidskrafta vil kunne tilpassast vindkraftutbygging og drift. Trur eg.

Mange artiklar eg har lese er svært nye, tydelegvis publiserte dei siste dagane etter at den nasjonale planane kom. Kanskje er dei einsidige. Men eg har fått tru på havvinden. Eg set ikkje to strekar under svaret, og ser gjerne at nokon skriv kritiske spørsmål i margen hos meg.

Eg ønskjer ikkje vindmøller i Kvinnheradfjella. Om det finnest løysingar som gjer at naturen ikkje må gå ned i kne for at me skal få eit betre klima, vil eg gjerne vera med å kjempa for det.

Marit Elisebet Høines Totland

Valen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt