Verdidebatt

Folkemord

25 år etter folkemordet i Rwanda er det to vesentlege spørsmål som står att: Korleis var det mogleg? Og kva relevans har folkemordet for nordmenn i dag, i 2019?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det rwandiske folkemordet er av dei aller mest brutale. Det som skjedde i ein hundredagarsperiode frå april til juli 1994 er framleis vanskeleg å gripa. Dag og natt i over tre månader vart menneske slakta ned, fem i minuttet, i landsby etter landsby. Korkje ung eller gammal vart spart; høyrde dei til feil gruppe, gjekk det berre sekundar før blodet rann.

Drapsmetodane var grufulle. Rifle og hammar vart brukte, men det mest vanlege var machetekniven, av den enkle grunnen at alle har den heime, uunnverleg som den er i det daglege arbeidet på bananplantasjen. Macheten ligg lett i handa på den rwandiske bonden, han svingar den presist og målretta.

Kigali april 1994

Kvelden før folkemordet braut laus, 6. april 1994, vart eit småfly skote ned utanfor Kigali. Der sat Juvénal Habyarimana, hutupresidenten. Timar etterpå var brutalitetane i gang. Hutuopprørarar omringa hovudstaden og skaut alle tutsiar dei kunne finna. Moderate hutuar vart òg rydda av vegen.

Dagar etterpå hadde massakrane spreidd seg til landsbyane utanfor hovudstaden, godt hjelpne av propagandasendingane til Radio Télévision Libre des Mille Collines (RTLM). Folk som tidlegare hadde levd i fredeleg samkvem, opplevde at naboen kom på døra med ein machetekniv i handa.

Då raidet var over i juli 1994, var ikkje landet til å kjenna att. Dei tusen haugane var ikkje lenger grøne, dei var raude av blod. I elvane flaut det lik. Kyrkjer og skulebygningar var lagringsplass for kroppar som ingen hadde gravlagt.

Kvar sjuande innbyggjar av det vesle landet hadde måtta bøta med livet. 70 prosent av tutsiane var vekke. Eit av dei mest effektive forsøka på utrydding av ei folkegruppe gjennom tidene var eit faktum. Og det er altså ikkje meir enn 25 år sidan.

Dehumanisering

Korleis var det mogleg? I utgangspunktet er det absurd. Folk som tidlegare vaska klede saman og drakk av same nattverdbegeret, byrja med eitt å slå kvarandre i hel, tilsynelatande over natta.

Men folkemordet var planlagt. I månadene før det braut laus, hadde hutumilitsen lagt ein slagplan for å bli kvitt tutsiminoriteten. Med på laget var den populære radiostasjonen RTLM. Tutsiane vart omtala i hatefulle ordelag, dei var ikkje å rekna som menneske, dei var dyr.

Ifølgje Genocide Watch er dehumaniseringsretorikken ein føresetnad for alle folkemord. Mennesket har ein ibuande motstand mot å ta livet av andre menneske, hevdar Gregory Stanton, presidenten i den nemnde organisasjonen.

Skal ein godta å ta liv systematisk og kollektivt, må det essensielle ved mennesket skiljast frå den fysiske kroppen. Menneskeverdet er då ikkje lenger knytt til individet, men relativisert og betinga av den som står på utsida. Etter denne tankegangen er det mogleg å forsvara å ta eit liv. Eller mange.

Folkemordmuseet

Folkemordet i Rwanda har fått sitt eige museum. Det ligg fredfullt i utkanten av Kigali, med massegraver i hagen. Her er ingenting freista gøymt vekk.

Eg vitja sjølv museet i 2017. Det gjorde djupt inntrykk. Di lenger ein rører seg innover i utstillinga, di meir pressar ein fysisk reaksjon seg fram.

I eit av dei siste romma er det utstilt beinrestar og kranium. Det er ikkje unikt. Fleire andre folkemordmuseum og torturmuseum har liknande bevismateriale å syna fram.

Men beinsamlinga i Kigali er annleis. Desse hovudskallane … dei er så små? Tankane fell på veslejenta heime, toåringen med dei lyse krøllane. Eg kan ikkje fullføra resonnementet.

Utrekningar viser at 53,7 prosent av dei drepne i folkemordet var born og unge under 24 år.

Men det stoppar ikkje der. Hovudskallane i utstillingshylla vert mindre og mindre. Ved hylleslutt slår det meg at det er hakket før eg står andsynes ein seinabort.

Folkemordlitteraturen konkretiserer tanken. Gravide kvinner skulle ikkje sparast. Heller tvert om: Ved å ta ei gravid kvinne tok ein i realiteten to liv, difor måtte dei prioriterast, var bodskapen frå RTLM-radioen.

FN-general Roméo Dallaire – som aldri fekk ressursane han trong for å stoppa folkemordet – har i eit intervju fortalt korleis han gjekk i likhaugane og talde kvinner som var kutta opp med fosteret liggjande ved sida av.

Noreg april 2019

Spranget frå Rwanda 1994 til Noreg 2019 synest å vera så langt som tenkjast kan. Ingenting tyder på at eit folkemord er i emning. Ingen etniske motsetnader. Ingen militsar. Ingen macheteknivar.

Hendingane i Rwanda har tilsynelatande liten relevans for oss, utover taleretoriske poeng om at ein «aldri må gløyma».

Men kva er det ein aldri må gløyma? Og kvifor?

Sjølv vil eg halda fram at noko ein aldri bør gløyma, er at menneskeverdet i eit samfunn står skjørt, og at det lett kan rasjonaliserast vekk. Vegen tykkjest ikkje å ha vore lang frå at hutuar flest hadde respekt for tutsinaboane sine, til at dei såg på dei som individ utan menneskeverd. Endringa i opinionen på kort tid er forstemmande.

Og beinsamlinga i folkemordmuseet utfordrar. Di mindre hovudskalle, di meir skrekkeleg å vita at den vesle kroppen måtte bøta med livet. Men kor langt kan ein tenkja slik? Hadde hovudet vore berre litt mindre, ville hadde det vore legalt at individet vart fjerna, ifølgje mange lands «familieplanleggingslover».

Paradoks

Her er det eit paradoks. Mange vil kjenna det som djup urett om eit ufødd barn endar livet sitt i eit folkemord. Men ein kjem ikkje vekk frå at det for fosteret har same konsekvensen om det vert gjenstand for ein machetekniv eller eit medisinsk inngrep.

Like eins utfordrar fosteret som ligg ved sida av mor i likhaugen. Kor lite kan det vera for at det skal med i statistikken? Dette er ein umenneskeleg grenseoppgang som neppe mange vil drøfta – men er det ikkje akkurat den grenseoppgangen fleire prøver å diskutera politisk i desse dagar, rett nok med andre ord?

Folkemordet i Rwanda var ein ufatteleg tragedie. Det skjedde i vår tid, og det bør ikkje omtalast som ei historisk hending med relevans for Afrika åleine.

Terje Skjerdal

Førsteamanuensis i journalistikk, NLA Høgskolen

Afrika-forskar

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt