Arne-Ivar Kjerland

1

Ei gate etter Marta Steinsvik

At Marta Steinsvik provoserte mange, kan ikkje diskvalifisere ho til å få ei gate i Mandal kalla opp etter seg.

Publisert: 7. apr 2019

 Grunngjevinga for dette er at ho hadde antisemittiske haldningar. Ja, det hadde ho, som så mange i den tida ho levde. Men ho hadde sterke synspunkt i mange saker. Ho var ei stridskvinne, uredd både i skrift og tale. Om ein ser nærare på livet og arbeidet til Marta Steinsvik, så vil ein sjå at ho fekk gjort meir enn dei fleste. Redaktøren, forfattaren, foredragshaldaren, omsetjaren og fembarnsmora var ei viktig stemme i si tid. Ho kjempa mot urettferd på så mange felt. Teologen og antroposofen hadde også ei tydeleg stemme i kampen for kvinnelege prestar. Ho var ein uredd systemkritikar, særs utfordra ho den rådande mannskulturen på viktige fagområde innan helse, skule og rettsvesen. Om nokon har mykje å takke Marta Steinsvik for, så er det nettopp dagens kvinnelege teologar.

Gyrid Gunnes går ikkje berre inn for å hindre at Mandal kallar opp ei gate etter Marta Steinsvik, nei feministteologen Gunnes vil også at Oslo kommune skal skifte namnet på «Marta Steinsvik vei» i Oslo. Det ville verte mange namnebyte på vegar her i landet, om alle jødekritiske menn gjennom tidene skulle diskvalifiserast til å gje namn til gater og vegar. Er ikkje dette noko å sjå nærare på for forskaren og feministen Gunnes? At Marta Steinsvik provoserte mange, kan ikkje diskvalifisere ho til å få ei gate i Mandal kalla opp etter seg.

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Bli i kirken, Märtha Louise!
av
Vårt Land
7 dager siden / 4994 visninger
Fra utskudd til kraft?
av
Vårt Land
18 dager siden / 4756 visninger
Slutt å gjøre kirken kul!
av
Merete Thomassen
7 dager siden / 2620 visninger
Bekreftet allerede
av
Joanna Bjerga
23 dager siden / 2310 visninger
Befri oss fra 1. mai
av
Ole Jakob Warlo
21 dager siden / 1796 visninger
Barns frihet til å velge
av
Berit Hustad Nilsen
8 dager siden / 1760 visninger
Hauge og Marx
av
Vårt Land
20 dager siden / 1516 visninger
Biskoper som blir realpolitikere
av
Espen Ottosen
13 dager siden / 1376 visninger
Taper-gutta
av
Vårt Land
12 dager siden / 1305 visninger
Bryllup med bismak
av
Trond Langen
2 dager siden / 1208 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere