Johannes Morken

Redaktør
433

Kina: Du skal ikkje ha andre gudar enn Xi Jinping

Dei mest hardhendte truskontrollørane i Kina har pålagt ei kyrkje i Henan-provinsen å fjerna det første av dei ti bodorda frå lovtavla på preikestolen.

Publisert: 3. apr 2019

Det er eit sterkt uttrykk for den nye religionspolitikken i Kina.

Det er Bitter Winter, eit anerkjent magasin for trusfridom og menneskerettar i Kina, som fortel om hendinga. Frå andre godt informerte kjelder får vi vi vita at sjølv om dei ikkje kan stadfesta akkurat denne meldinga, kan dette godt ha skjedd nettopp i Henan-provinsen. Der vert den urovekkjande innstramminga av den kinesiske religionspolitikken praktisert mest hardhendt.

«Dette må fjernast», sa ein av dei 30 tenestemennene som var på truskontroll, då han såg «Du skal ikkje ha andre gudar enn meg». Pastoren protesterte mot å forfalska Guds ord. Men kontrolløren svarte: «Kven vågar å ikkje samarbeida? Den som ikkje er samd, kjempar mot landet. Dette er nasjonal politikk. Ikkje gå imot regjeringa.»

Det skal ikkje ha gått ut eit sentralt direktiv om å redigera Dei ti boda. Men bodskapen er likevel tydeleg og talande.

Hardhendt
Dei totalitære tendensane og undertrykking av menneskerettar i Kina har vore tydelege lenge. I eit dystert år har vi sett veksande angrep også på religionsfridommen – for alle truande. Støvskyene frå då den store kyrkja Den gylne lysestake vart jamna med jorda 18. januar i fjor – med dynamitt og gravemaskiner – har sendt frykt over Kina og oss.

President Xi Jinping har brukt dette året til å krevja ein kinesisk variant av alle dei godkjende religionane: protestantisk og katolsk kristendom, buddhisme, islam og taoisme. Kravet om at dei truande må læra grunnlov og kinesisk lovverk, kan vera i orden. Men det blir verre når gudshusa må ha flaggseremoniar med synging av nasjonale songar. Forkynninga må dessutan inkludera viktige sosialistiske verdiar. Og trussamfunna må framheva at kinesisk kultur står over alle andre.

Tusenvis av kyrkjer har fått fjerna kross-symbolet og erstatta det med det kinesiske flagget. Søndagsskular er blitt til søndagsklubbar.  

Rammar alle
Den statsgodkjende Tre sjølv-kyrkja blir også ramma. Den registrerte protestantiske kyrkja, vart godteken av kommunistregimet på 50-talet, med klare krav til patriotisk teologi – og utan band til aktørar utanfor Kina. Kyrkja vart forboden under den blodige Kulturrevolusjonen frå 1966 til 1976, men opna igjen etter denne traumatiske tida for Kina.

På 90-talet fekk dei internasjonale bibelselskapa opna eit stort bibeltrykkeri i Nanjing, og Tre sjølv-kyrkja er lovleg distributør av fire millionar biblar i året. Bibeldistribusjonen skjer for fullt. Men i april i fjor blei det forbode å selja biblar i butikk og på nett.

Det er i høgste grad liv i kinesiske kristne. Men dei ber om at Kina ikkje vender tilbake til klimaet under Kulturrevolusjonen.

Krev lojalitet
Pastorar i den statsgodkjende Tre-sjølv-kyrkja blir sjekka for lojalitet til Partiet. Dersom dei viser teikn til motstand, blir dei fjerna, melder Bitter Winter. Det anerkjende magasinet sit på kopien av ei liste frå slutten av 2018. Dette er ei liste frå Jilin-provinsen der 118 prestar var fjerna fordi dei ikkje tilfredsstilte kvalifikasjonane. Ifølgje kjelder Bitter Winter refererer til, var nokre fjerna fordi dei var engasjert i «utanlandsk religiøs» innflytelse i Kina. Nokre vart fjerna for band til sør-koreanske kristne grupper, andre til grupper som kommunistregjeringa undertrykkjer.

I  eit fylke i Henan-provinsen vart kring 170 prestar i Tre-sjølv-kyrkja fjerna i desember. I henan blir prestar sjekka for politiske synspunkt og korleis dei følgjer religionslovgjevinga.

«Krig mot religion»

Vilkåra for religionsfridommen er dei verste som har vore nettopp sidan Kulturrevolusjonen. Religionslova som blei stramma til frå 1. februar i fjor, rammar ikkje minst uregistrerte trussamfunn. Mange av dei uregistrerte kyrkjene er huskyrkjer – eller undergrunnskyrkjer. Men i eit par tiår har regjeringa sett mellom fingrane med uregistrerte kyrkjer som har fått operera på gateplan. Mange har også uoffisielt, men synleg, fått biblar gjennom Tre sjølv-kyrkjer i nabolaget, og folk har mange stader veksla på å gå i den registrerte og den uregistrerte kyrkja. Andre stader har dei uregistrerte si frykt for statskontrollen vore sterkare.

Og no vert det stramma til. Det er til dømes ikkje lov å vera meir enn 50 i ei forsamling. Ei totalitær makt blir redd av store forsamlingar der makta ikkje har kontroll.

Siste året er fleire uregistrerte kyrkjer øydelagde. Den store Zion-kyrkja i Beijing blei stengt i august i fjor, den nekta å installera overvakingskamera. «Dette er ein krig mot religion. Dei ønskjer at vi alle skal lova lojalitet til kommunistpartiet,» uttalte pastor Jin Mingri til Washington Post.

Før jul ramma jerngrepet Early Rain i Chengdu. Over 100 blei taua inn, kan New York Times fortelja. Pastoren vart skulda for å undergrava staten. Han og kona sit framleis i varetekt. Medan vi feira julaftan, vart kyrkjesalen gjort om til politistasjon.

Fleire hundre kinesiske pastorar har signert ei felles fråsegn om at den nye religionslova inneber forfølging av kristne, og at dei vil motsetja seg presset.

Stengde tempel

Innstramminga rammar alle minoritetar og truande. Verst har dei muslimske uigurane det, sperra inne i politiske omskoleringsleiarar i Xinjiang, i Beijing-frykt for politisk separatisme. Der skjer det grove overgrep mot ein serie andre menneskerettar enn trusfridommen også.

I byen Xinmi i Henan stengde styresmaktene 35 buddhistiske tempel og minnestader frå 28. oktober til 1. november. I slutten av desember blei tre nye moskear stengde i Yunnan – fordi moskeane heldt på med «ulovleg religiøs opplæring».

Partiet
Marco Respinti, direktør i Bitter Winter, får sagt det: «Målet er at religion skal vera eit patriotisk ritual kontrollert av staten. I siste instans skal folk tilby den same guden: den kinesiske staten og nasjonen.»

I Romarriket vart dei første kristne forfølgde fordi dei nekta å tilbe keisaren. I dagens Kina vil også ein totalitær herskar sikra kontrollen over eit stort og samansett rike. I slike rike er det ikkje rom for å dyrka andre enn keisaren – og Partiet.

 

FØRST TRYKT SOM KRONIKK I DAGEN

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Pride har nådd sin peak
av
Tonje Gjevjon
26 dager siden / 8366 visninger
Vi som ikkje forstår Pride
av
Emil André Erstad
27 dager siden / 6320 visninger
10 grunner for ikke å delta i Pride-parader
av
Øivind Benestad
rundt 1 måned siden / 5234 visninger
Sangens elv stopper opp
av
Harald Bjørkøy
21 dager siden / 3367 visninger
Isolerte menigheter
av
Vårt Land
16 dager siden / 2646 visninger
Det er normalt å bli eldre
av
Magne Nylenna
24 dager siden / 2165 visninger
Sant og usant fra Lomheim
av
Merete Thomassen
12 dager siden / 1985 visninger
Oase og snever kritikk
av
Vårt Land
10 dager siden / 1739 visninger
En verdig død for alle
av
Marie Aakre
14 dager siden / 1714 visninger
Den tunge arven
av
Ingrid Nyhus
10 dager siden / 1570 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere