Spaltist Emil André Erstad

Eit Europa verd å forsvare

Er det Festning Europa eller den store respekten for menneskerettane vi europearar ønskjer å bli hugsa for?

Publisert: 2. apr 2019

Vi må forsvare oss! Vi må verne om verdiane våre! Europa først! Omtrent slik går fleire av verselinjene i dei høgrepopulistiske kampropa, som for tida vert utbasunert i demonstrasjonstog over heile kontinentet. Høgrepopulismen er blitt så sjølvsikker at den ikkje lar seg stoppe av fakta og motargument. Den er triumferande faktaresistent – og latterleg sjølvmotseiande. Forholdet den har til menneskerettane er ein god illustrasjon på nettopp det.

For kva er det eigentleg høgrepopulistane vil forsvare i Europa, som desse ikkje-vestlege innvandrarane visstnok vil frårøve oss? Av ein eller annan grunn er det ikkje dei innarbeidde og stålsterke menneskerettsinstitusjonane eg får først opp i pannebrasken når eg tenker på høgrepopulismens fanesaker.

Naudsynt jordsmonn

Det er jo ikkje høgrepopulistane som ropar at vi må trå til for å styrke menneskerettane i Europa. At vi må gjere det vi kan for å reversere dei autoritære trekka som breier om seg i fleire europeiske land. At vi bør auke støtte til sivilsamfunnet og uavhengige journalistar, for å sikre eit naudsynt jordsmonn for ytringsfridomen. Det er jo ikkje noko av dette høgrepopulistane snakkar om.

Tvert om er høgrepopulistar over heile kontinentet – òg dei som held hus i Norge – opptekne av å svekke dei grunnleggande menneskerettane. Det er ikkje småtteri vi snakkar om: Dei vil bryte ned og øydelegge dei felles gjerdestolpane vi har sett opp for korleis vi skal behandle kvarandre. I Norge har dei til og med fått gjennomslag for at det skal vere offisiell norsk politikk å ville reforhandle internasjonale menneskerettskonvensjonar.

Den eineståande stillinga

Men ser ikkje folk kor komisk dette er? Dei som vil forsvare Europa, er dei same folka som står i fremste ned for å bryte ned det som er unikt med Europa – den eineståande stillinga menneskerettane har her. Ingen annan stad i verda er statane sterkare forplikta på å respektere menneskerettane enn det statane som er tilknytt Europarådet og Den europeiske menneskerettsdomstolen er. Det er desse stolte institusjonane som gjer Europa så fritt og så attraktivt.

Dei som er høgrepopulismens fremste offerlam – flyktningane, asylsøkarane og migrantane – er langt betre til å forstå kva som bør kjenneteikne Europa, enn det høgrepopulistane er. Dei ser fridomen vår. Dei ser det sterke vernet alle menneske i Europa har mot urett og overgrep. Dei ser at vegen hit ikkje har kome utan omkostningar i form av blodige slag mellom europeiske naboland, omsynslause diktatur og deira fangekjellarar.

Sterkt press

Vi europearar burde ikkje vere i tvil om kva Europa som er verd å forsvare, og då er det ikkje Festning Europa eg tenker på. Vi ser korleis Europarådet til dømes er utsett for sterkt press frå nokre av sine autoritære medlemer, som Russland, Aserbajdsjan og Tyrkia.

Europarådet. EU. Den europeiske menneskerettsdomstolen. Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE). Det er desse institusjonane som er del av det Europa som er verd å forsvare. Sjølv om desse institusjonane har ei stolt historie, er dei sårbare for undergraving som kan svekke arbeidet for demokrati og menneskerettar. Demokrati og menneskerettar.

Vi ser korleis spesielt Russland trugar og manipulerer Europarådet gjennom trugsmål om å slutte å betale kontingenten sin.

Styrke institusjonane

I staden for å bruke denne våren på å diskutere om menneskerettane er ein god idé, burde vi bruke tida på å diskutere korleis Norge og andre venlegsinna land kan jobbe for å styrke dei institusjonane som gjer Europa til det kontinentet der menneskerettane har det sterkaste vernet i verda.

Vi kan ikkje omskrive Europa for å forsvare Europa. Utan ideane om fridom og grunnleggande absolutte menneskerettar og institusjonane som beskyttar desse ideane, har vi lite. Det er denne kampen som treng festningsvern, ikkje yttergrensene i Middelhavet. For utan desse ideane, prinsippa og ideala er det ikkje noko Europa verd å forsvare.

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Kristen kamelsluking
av
Espen Ottosen
20 dager siden / 3303 visninger
For kort for Jesus?
av
Øyvind Hadland
26 dager siden / 2425 visninger
En prest og en gave
av
Anita Reitan
14 dager siden / 2362 visninger
Om Gud vil
av
Vårt Land
28 dager siden / 2355 visninger
Fem om dagen: en sunn tro
av
Berit Hustad Nilsen
14 dager siden / 1812 visninger
Politikk og religion sauses sammen
av
Helge Simonnes
11 dager siden / 1641 visninger
Å trene motstandskraften
av
Knut Arild Hareide
27 dager siden / 1494 visninger
Jakt og offer
av
Hilde Løvdal Stephens
8 dager siden / 1393 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere