Verdidebatt

Individ og rettsstat

Er det Siv Jensen seier i samsvar med Høgres syn på forholdet mellom individ og rettsstat?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

16. mars  i Dagbladet snakkar Siv Jensen direkte til IS -kvinne. “Jeg har ingen sympati med deg og lover at Norge ikke vil løfte en finger for å hjelpe.”

Det er aldri noko vakkert syn når mennesker med makt, her den politiske elite , går til åtak på enkelt borgar, eit individ som vassar rundt i søle som enke med to sjuke barn.

Det er menneskets vonde ord og handlingar ein skal avsky ,ikkje mennesket .Som mennesket er vi meir enn summen av våre ugjerningar  Vi er heller ikkje summen av våre gode gjerningar. Som borgar av ein rettsstat er vårt rettsvern ikkje avhengig om vi har sympati eller ikkje hos politisk myndighet.

Ja, det er når personar frå feil side, som få sympatiserer med ,tryglar om hjelp,at rettstaten og våre demokratiske verdiar vert sett på prøve.

Gir vi dei same rettsgarantier og humatitær hjelp til den svake og utstøtte som til dei sterke og dei som kjempa vår kamp?

Når vi møter mennesker som har vore med i arbeid som har trampa under fot det rettsstat,demokrati og respekt for mennesket bygger på, nett då ,er det viktig at vi ikkje går på akkord med bærande prinsipp i rettsstaten Viss ikkje har tankegodset deira oppnådd ein delseier, å svekke vårt demokrati.

Uavhengig om ein har politisk sympati eller ikkje ,bør regjeringa hjelpe sine borgarar ,så dei i praksis får den konsulære bistand og humanitere hjelp dei treng.

“Du har sett to uskuldige barn til verden i IS-kalifatet og er ansvarleg for den situasjonen dei er. Dei er ikke statens ansvar “. Dette er ikkje etisk tenking men moralisme . Moral brukt av ein som har makt ,til å trakke på den som har trødd alvorleg feil , men no er i naud og ber om hjelp.

At foreldre,her mor,far er død ,har ansvar for sine barn er sant ,derfor ber ho om hjelp,Det er ikkje noko gyldig argument mot at staten Norge også har ansvar for å hjelpe. Staten Norge har gjennom Barnekonvensjonen  forplikta seg til å gje barn rettsleg vern og gje dei rettar dei har krav etter lov ,sjølv om mor manglar partileiar og visestatsministers sympati. Det som smertar meg ide-politisk ,er at  Høgre  med sin historiske bakgrunn frå embetsmannstaten , dermed har sett på vern av rettstaten som viktig ,ikkje har kommentert Frp leiaren sitt syn .

Gjev visestatsministeren her verkeleg uttrykk for regjeringkollegiets  rettsstats syn?

Eg vonar og trur at synet smertar og bryt med dei andre parti i regjeringa sine  grunnsyn, Men då bør de som politiske vener kunne sei i frå. Er det Siv Jensen seier  i samsvar med Høgres syn på forholdet mellom individ og rettsstat?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt