Gunnhild Skjold

1

Nynorsk teksting no!

Nynorsk filmteksting er unntaket, ikkje regelen. Det bør Trine Skei Grande gjere noko med.

Publisert: 27. mar 2019

Nyleg kom filmen «Skammarens dotter 2 – Slangens gåve» på kino, og det med teksting på både nynorsk og bokmål. Det er ei storhending at det kjem ein film med nynorskteksting og slik bør det ikkje vere. Kvifor skal det alltid vere verdt ein fest at nynorskbrukarane ein sjeldan gong får sjå språket sitt på kino – når det skjer kvar dag for bokmålsbrukarane?

Soga om nynorsk filmteksting handlar om eldsjeler. I perioden mellom «Ronia Røverdotter» i 1984 og «Tropa de Elite» i 2008 kom det ingen filmar med nynorsk filmteksting. Dei siste åra har det heldigvis kome fleire, men det vert framleis ein fest kvar gong det skjer. Filmdistributøren Euforia film har gjort mest for å gjere nynorsk synleg på kinolerretet. Sjølv om det finst filmdistributørar som ønskjer å tekste filmar på både bokmål og nynorsk, legg ikkje distribusjonsystema og infrastrukturen kring film i Noreg til rette for det.


Spørsmålet er: Kvar er staten sin språkpolitikk i filmpolitikken? Nynorsk og bokmål er jamstilte skriftspråk i Noreg. I andre deler av mediepolitikken kvir ikkje politikarane seg for å stille krav, som når NRK har krav på seg å bruke minst 25 prosent nynorsk. Filmbransjen får støtte frå staten til å produsere og lansere filmar i Noreg, og det vert seld om lag tolv millionar kinobillettar kvart år. Likevel får ikkje nynorskbrukarane sjansen til å sjå film med nynorsk teksting, og kinoane i nynorskområda får ikkje syne filmar med nynorsk teksting til pubikummet sitt. Filmstøtteordningane må ta høgde for at norsk er både nynorsk og bokmål.


Nynorskelevar og bokmålselevar har ein ting felles: Dei treng meir nynorsk. Når nynorskelevar byter til bokmål fordi dei synest bokmål er enklare, så er ikkje det tilfeldig. Det er fordi bokmålet dominerer på mange samfunnsområde – som på kinolerreta. Likeins er det mykje vanskelegare for bokmålselevar å lære nynorsk som sidemål, sidan dei ikkje møter nynorsk i kvardagen. Nynorsk filmteksting vil gjere det lettare både for dei som lærer nynorsk som hovudmål og som sidemål.


Den raudgrøne regjeringa valde i 2011 å ikkje stille krav om nynorsk då det kom krav om teksting inn i filmstøtteordningane. Difor blir nesten alle filmar berre teksta på bokmål. I samband med språkmeldinga som kjem i 2020 bør kulturminister Trine Skei Grande syne at regjeringa ho er ein del av er betre enn dei raudgrøne. Gje kinopublikummet meir valfridom, og gjer det mogleg å velje nynorsk. Lat Skammarens dotter vere regelen, ikkje unntaket! 


Gunnhild Skjold

nestleiar i Norsk Målungdom

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Pride har nådd sin peak
av
Tonje Gjevjon
26 dager siden / 8366 visninger
Vi som ikkje forstår Pride
av
Emil André Erstad
27 dager siden / 6320 visninger
10 grunner for ikke å delta i Pride-parader
av
Øivind Benestad
rundt 1 måned siden / 5234 visninger
Sangens elv stopper opp
av
Harald Bjørkøy
21 dager siden / 3367 visninger
Isolerte menigheter
av
Vårt Land
16 dager siden / 2646 visninger
Det er normalt å bli eldre
av
Magne Nylenna
24 dager siden / 2165 visninger
Sant og usant fra Lomheim
av
Merete Thomassen
12 dager siden / 1985 visninger
Oase og snever kritikk
av
Vårt Land
10 dager siden / 1739 visninger
En verdig død for alle
av
Marie Aakre
14 dager siden / 1714 visninger
Den tunge arven
av
Ingrid Nyhus
10 dager siden / 1570 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere