Olaf Aagedal

2

Den nye nattverden

Tolv tesar om endringar i nattverdsyn og nattverdpraksis i Den norske kyrkja.

Publisert: 26. mar 2019  /  1016 visninger.

Når den Den norske ­kyrkja i denne veka samlast til sitt årlege kyrkjemøte, er guds­tenestordninga ei av sakene. Eit av dei elementa i guds­tenesta der praksis er under sterk endring, er nattverden. Kyrkje­statistikk og resultat frå ein ny survey der trusopplærarar har ­rapportert om nattverdspraksis i sin kyrkje­lyd, tyder på at ein ny nattverdstradisjon er i ferd med å vekse fram. Basert på trendar i dette materialet legge vi fram tolv tesar om «Den nye natt­verden».

«Den nye nattverden» er:

1. Ikkje berre reservert for «vedkjennande kristne». Nattverdgang blei på 1900-talet av mange oppfatta som eit ritual berre for dei personleg eller vedkjennande kristne. Dette synet har ikkje lenger støtte hjå fleir­talet av dei kyrkjeleg tilsette vi har spurt. Ni av ti meiner at alle som ønskjer det, kan gå til nattverd.

2. Eit velsigningsritual meir enn eit vedkjenningsritual. Å gå til nattverd har fått ny og ­utvida meining. Det er ikkje ­berre ei handling for dei som veit at dei er «truande», den nye natt­verden er også for dei som ikkje veit kva dei er, og dermed ein måte å kome til tru på. Prestar og trusopplærarar omtalar nattverdgang som «truspraksis» og nattverden som «trusmat». Slik sett blir ikkje nattverdgang eit vedkjenningsitual, men meir å likne med eit velsigningsritual.

3. Prega av «oppdragelseskristendom» meir enn «omvendingskristendom». Når nattverdgang ikkje lenger får same betydning som teikn på å vere «personleg» eller «ved­kjennande kristen», heng ­dette truleg saman med at desse ­kategoriane har mista noko av si betydning og oppslutning. Det heng igjen saman med at 
«omvendingskristendomen» har 
fått mindre plass i Den ­norske kyrkja, og «oppdragelses-
kristendom» større plass. Å gå til nattverd er ikkje noko ein må vente med til ein er blitt ­omvendt og vedkjennande kristen. Å lære å gå til nattverd blir oppfatta som ein del av oppsedinga i kristendom, som læring av ein god ­kristen vane.

4. Nattverd utan kneling og drikking. Forma på nattverdgangen har endra seg. I den gamle nattverdforma knelte ein rundt alterringen. I den nye nattverden er ei ny form i ferd med å ta over; nattverd ved intinksjon der ein mottek nattverd ståande på ein stasjon i kyrkjerommet. I dag er intinksjon blitt den vanlegaste nattverdsforma i meir enn halvparten av kyrkjelydane.

5. Nattverd blanda med lystenning. I meir enn halvparten av kyrkjelydane er det også blitt vanleg å kombinere nattverd med lystenning. ­Tradisjonen med at gudstenstedeltakarar tenner lys i kyrkjerommet ­starta som eit meir individualisert ­ritual ved at ein tente lys i lysglober som ofte var plassert bak i kyrkje­rommet. I den nye nattverden blir det ­invitert til lys­tenning ­saman med invitasjon til nattverd. Ein kan gjere ein av ­delane, eller begge. Blandinga av nattverd og lys­tenning gjer det mindre synleg kven som går til nattverd.

6. Ein veksande ­tradisjon medan andre kyrkjelege ­tradisjonar går tilbake. Den norske kyrkja inneheld ulike tradisjonar og fellesskap. Vi kan snakke om ein "folkekyrkjelyd", ein "gudstenestekyrkjelyd" og ein "nattverdskyrkjelyd". Folke­kyrkjelyden (som også blir kalla seremonikyrkja fordi den ­brukar kyrkja til å markere viktige overgangar i livssyklus og året), er den største. Folkekyrkjelyden er på tilbakegang. Gudsteneste­kyrkjelyden er langt mindre og går også tilbake.

Den minste og mest eksklusive kyrkjelyden er nattverdkyrkje­lyden og den veks. Den viktigaste grunnen til veksten ligg truleg i endringar i gudstenestekyrkjelyden. Når gudstenestekyrkje­lyden feirar nattverden oftare, og når ein større del av gudteneste­kyrkjelyden går til nattverd, ­skaper dette nattverdsvekst. Men dersom dette er forklaringa er vekstpotensialet også sterkt ­begrensa. Dersom guds­tenestekyrkjelyden held fram med å minke, vil nattverd­kyrkjelyden snart møte «guds­teneste-kyrkjelyd-veggen».

7. Krev ikkje dåp. I ordninga for gudsteneste for Den norske kyrkja heiter det at «alle som er døypte kan ta del i nattverden». Denne delen av kyrkja si lære blir ikkje praktisert. Dei fleste trusopplærarane seier at dei ikkje veit kven som er døypt, og om dei veit det, kan dei ikkje ta omsyn til det og ekskludere dei udøypte.

8. Har inga aldersgrense. I 1993 vart aldersgrensa som ekskluderte barn frå natt­verden, fjerna og i dag har barnenattverd slått igjennom som ein vanleg praksis i ni av ti norske kyrkjelydar. Våre informantar ­rapporterer at mange av barna synest nattverd er spennande og at dei lett lærer nye ritual. Barn er blitt integrert i natt­verden, ikkje berre som mottakarar, men ofte også som medhjelparar og ­utdelarar.

9. Er gladare og meir ­uformell. Den gamle nattverden var ofte eit svært alvorstyngd ritual. Barn si deltaking har gjort nattverdstemninga lettare og meir uformell.

10. Er også blitt eit familie­ritual. Barnenattverd opnar for at familien kan gå saman til nattverd. Dette gjev nattverds­tradisjonen eit kollektivt preg og fører til at foreldre kan ta med seg barn og barn kan ta med seg foreldre.

11. Blir spreidd gjennom ­kyrkja si trusopplæring. ­Tiåret då barn fekk tilgang til nattverd var også starten på ei ­omfattande planlegging og ­satsing på ­kyrkjeleg ­arbeid for barn og ungdom. ­Dagens ­trusopplærings-pedagogikk legg vekt på at barna skal bli kjent med kyrkja sine symbol og ­ritual, inkludert nattverd. Trusopp­læringa spreier kjennskap til «den nye nattverden» til ein ny generasjon av barn og foreldre.

12. I ferd med å bli ein ny folke­kyrkjeleg vane? Vi har tidlegare sagt at så lenge nattverdgang er knytt til regel­messig deltaking i gudsteneste­kyrkjelyden, er vekst­potensialet begrensa. Eit alternativet for større vekst kan ligge i om nattverdgang blir meir fråkopla frå regelmessig guds­tenestebesøk og meir oppfatta som ein del av dei kyrkjelege handlingane på linje med dåp, konfirmasjon og gravferd. Som ein av fleire ­seremoniar som ­folkekyrkja kan tilby sine medlemmer i løpet av livet. Eit ­eksempel på dette kan vere ­tendensen som nokre prestar rapporterer, at det blir ­vanlegare at dåpsfølgje også går til nattverd, og at nattverdgang dermed kan bli ein del av dåpsfeiringa. Om «den nye nattverden» har dette vekstpotensialet og kan bli ein ny folkekyrkjeleg vane, er det enno for tidleg å seie noko om.

Olaf Aagedal

Forskar I ved KIFO (Institutt for kyrkje-, religions og livssynsforsking)

3 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Glansbilder av Sjømannskirken?
av
Arnfinn Eng
23 dager siden / 1838 visninger
Servietter og skam
av
Merete Thomassen
15 dager siden / 1593 visninger
Tenåringstrass i regjeringen
av
Usman Rana
23 dager siden / 1568 visninger
Idiotforklarer kristen høyreside
av
Espen Ottosen
22 dager siden / 1515 visninger
Ord som truer vår religionsfrihet
av
Trond Bakkevig
14 dager siden / 1404 visninger
En samfunnsskapende kraft
av
Berit Hustad Nilsen
16 dager siden / 1348 visninger
Hva skjer Hanvold?
av
Bendik Storøy Hermansen
12 dager siden / 1270 visninger
Stolthet er undervurdert
av
Magne Nylenna
27 dager siden / 1165 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere