Verdidebatt

KRIGEN I JEMEN. Norge er medskuldig i tragedien.

Jemen er eit land på den arabiske halvøy med eit folketal på på 27 millionar menneske. Krigen starta i 2015 og var først og fremst ei konflikt mellom styresmaktene og opprørsstyrkar frå Houthi rørsla i nord.Styresmaktene får støtte frå ein koalisjons - styrke leia av Saudi Arabia og der fleire land i Midt Austen og Nord Afrika deltar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Denne krigen er ei frykteleg tragedie som   diverre er  totalt gløymt i våre massemedia.   Likevel ber Vesten eit tungt ansvar for det som skjer ved sin støtte til den Saudi Arabia leia koalisjonen si brutale krigføring.

Også Norge har eit tungt  ansvar  for det som skjer.  Den sterke bindinga til USA og vårt medlemskap i NATO har ført til at vi lar oss bruke på ein slik måte at vi er blitt  medskuldige.  Og  ansvaret bør først og fremst bli lagt på den norske  våpenindustrien som tener store pengar på denne krigen. Store pengar.   Død og lemlesting AS.                                                                                  Våpenindustrien bør absolutt kunne bere det  namnet. Det står veldig godt til det produktet dei produserer.

Vi lever under paradokset sin himmel.   Stadig vekk fordømmer våre politiske  leiarar brot på menneskerettane utført av andre.   Det på sin plass og bra..  Men på den andre sida tener Norge og andre NATO land store pengar på våpensal til land som driv krig og undertrykking.

Difor er det viktig at vi IKKJE dømer våre politiske leiarar etter talemåtane.  Vi må dømme dei etter deira  handlingar.

Som kjent er våpenindustrien «Big Business» og må helst  ikkje rørast eller rettast kritikk mot.  I 2015 var freds nasjonen Norge  den 6 største produsenten av våpen  i verda  (nrk.no 20/6 – 16).

Ein avdeling av  Død og Lemlesting AS   er Nammo på Raufoss.   Bak det flotte namnet skjuler det seg ei bedrift som produserer og eksporterer ammunisjon og forsvarsmateriell.    Bedrifta er 50% eigd av den norske stat.

Norge sel fortsatt i 2019 militært utstyr og  komponentar til dei krigførande partane i Jemen sjølv om situasjonen er desperat for sivilbefolkninga.   I følgje Redd Barna så døyr det folk heile tida av svolt,  11 millionar barn er avhengige av humanitær hjelp utafrå og 1500 skular er heilt  øydelagt.

I staden for  våpen må vi bry oss om folket sine behov.   Folk i Jemen treng ikkje meir kuler og krut.  Dei treng humanitær hjelp, mat, utdanning og kjærleik.  Våre politikarar må straks  innsjå dette og ta grep.  Sal av våpen gjev  pengar på bok, men det gjev oss  ikkje  reint  samvit.

Norge som produsent av våpen er medskuldig i tragedien.  Sjølv om vi hevdar at vi har stansa våpensalet til dei krigførande partane  så er det  IKKJE korrekt.   Vi sel framleis våpenkomponentar til fleire av landa i koalisjonen, mellom anna  Emiratene  (Dagsavisen 27/10 - 17).

Det må stillast klare krav om  at Norge stanser alt sal av ammunisjon og våpen  til dei landa som deltek i krigen i Jemen.

Vi må grundig granske det som alt  er selt og finne ut om noko er brukt slik at menneskerettane er krenka, og straffe dei som står bak slikt sal og dermed er direkte ansvarleg for andre sin tragedie.

Det skal ikkje lønne seg å tene pengar på andre si liding og  død.

Sjølv om utanriksminister Søreide sa i Stortinget 9 januar i år at våpeneksporten til desse landa er liten så er det ikkje  godt nok.  Våre styresmakter veit meir enn nok til å forby alt sal og ikkje berre seie nei til dei såkalla nye kontraktane.   Eller er dei fanga av eige spel?

Ein partnar i koalisjonen,  Dei sameinte Arabiske Emirater,  mottok våpen frå Norge for 63 millionar kroner i 2017.    Talet for 2016 var på 100 millionar kroner.

Salet til Saudi Arabia var på 41 millionar kroner i 2017.  (VG 22/6 –18).

Krigen er brutal.  Koalisjonen bombar marknadsplassar,  bryllaup og andre samlingar av sivile.  Så katastrofen er  menneskeskapt.  Den er skapt av dei mest brutale diktaturland vi idag kjenner. 

Og utan støtte frå Vesten kunne ikkje den Saudi leia koalisjonen ha ført denne krigen så lenge.  Det bør vere eit tankekors når vi hyllar fridom og menneskeverd.

Vi kan nemne at den  norske våpenprodusenten, Kongsberggruppa, har eige kontor i Riad,  Saudi Arabia og i Abu Dhabi,  Emiratene.   Kva varer dei har  treng man ikkje stor fantasi for å vite. Det er neppe fred, fridom og folk til folk relasjonar dei tilbyr.  (https://www.kongsberg.com/en/kog/contactus/officearoundtheworld/).

Kva kostar ein tallerken med ris.  Dei fleste av oss ristar på hovudet av eit slikt banalt spørsmål.

Man gjer det fordi prisen hos oss ligg rundt 10 kroner.

Men for folk i Jemen er spørsmålet høgst relevant.  For her  prisen rundt 600.    Det same som vi betalar for eit tre rettar måltid på ein finare restaurant.

Mat er blitt eit viktig våpen i denne krigen og folk svelt.   Dette er dokumentert i det svenske TV programmet Konflikt.    (SverigesRadio).

Og koalisjonen bombar systematisk  gardar,  dyr,  infrastruktur for vatning, matbutikkar,   marked og transport av  matvarer.  Klarare indikasjonar på at mat blir brukt som våpen kan vi vel ikkje få dokumentert.

Og det har gitt resultat.  Vi har nå ei svelt katastrofe som er den verste som verda har sett på mange år.   Og vi ber eit tungt ansvar for det som skjer.  Vi må slutte å marknadsføre vår verdsgalskap som inngrep for menneskerettar,  utvikling og demokrati.

Tida er nå  moden for å velje ei anna retning.




Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt