Verdidebatt

Teologielitens bortforklarande byråkratspråk

Det verkar ikkje logisk, dette. At kvinner, for å verkeleg vera frie og myndiggjorte skal garanterast full råderett over eit anna menneske sitt liv.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei seinare dagane har gitt oss eit innblikk i bispemøtets tilnærming til spørsmålet om abort. Mange har påpeikt at det har vore stilt altfor lenge, mellom dei er Aud Valborg Tønnessen, professor ved TF som i sitt innlegg i VL (19.2.) hyllar Bispemøtets nye linje, og kallar den «historisk».

Interessant. 

Dette er interessant av to grunnar- minst. For det første slår Tønnessen fast det mange av oss såg omgåande, men som fleire i bispekollegiet prøvde å avvisa etter at uttalen kom: nemleg at han dramatisk endrar Bispemøtets (og dermed kyrkja) si haldning i abortsaka. Mange er glade for dette, men mange av oss sørgjer djupt.  Eg trur etterkvart uansett alle, også biskopane Nordhaug, Reinertsen og Midttømme i ettertid må innsjå at dokumentet formulerer eit radikalt linjeskifte i abortspørsmålet. Eg aksepterer at intensjonen kan ha vore ein annan, men det hjelper ikkje stort.

Det andre viktige momentet er der Tønnessen ikkje treffer heilt, ho påstår nemleg at uttalen til BM fører nye premiss inn i debatten. Eg er usamd. Bispemøtet tilfører med uttalen ingen nye premiss. Dei har berre overteke premissen som mange andre i debatten har. Når eg les Tønnessens respons, vert dette overtydeleg: hennar fokus er nokså einsidig på at kyrkja i for lita grad har kjempa for kvinners rettar og filtrerer dermed omsynet til fosteret gjennom kvinnesaka. Grunnen for at Tønnessen vel denne tilnærminga må vera at kvinnekampen hos henne er den mest grunnleggande premissen. Fosteret forsvinn som part i saken, og den verdien fosteret måtte ha er berre den relative og subjektive verdien ei kvinne vel å tillegga det. Men er det eigentleg menneskeverd?

Grunnleggende. 

I møte med språket og den feministiske premissen hos Tønnessen (som no også hos biskopane får forrang), kjenner eg meg som ein tiggar framfor eit formidabelt byråkrati. Eg spør etter det heilt grunnleggande, nærare bestemt vern av liv, men vert møtt med ord og uttrykk frå bortforklarande byråkratspråk. «Sammensatte levde kvinneliv» og «…det komplekse kvinnelivets betydning, de formende erfaringer og kvinnens myndighet», er eit par døme. Eitt produkt av den «kvinnefrigjøringen» som Tønnessen lovpriser, ser dessverre ut til å vera eit språk som ikkje eigentleg rommar fosteret som subjekt. Det verkar ikkje logisk, dette. At kvinner, for å verkeleg vera frie og myndiggjorte skal garanterast full råderett over eit anna menneske sitt liv.

Ikke ærlig. 

Endeleg stussar eg over Tønnessens påstand om at uttalen til biskopane er «ærlig». For meg verkar det nettopp ikkje ærleg når biskopane stuar vekk sitt nydelege og livsviktige bodskap «Fosteret er frå unnfangelsen et liv med verdi og krav på vern», langt uti dokumentet. For korleis kan dette utsagnet bli noko anna enn det grunnleggande, det utslagsgjevande, det som endrar alt? Det er dette livet som ropar til oss, «fra unnfangelsen», som biskopane seier. Eller seier dei det? Biskopen i Oslo seier at ho ser abortlova som «eit gode», og Nidarosbispen at «mora er fosterets beste vern». Frå fosterets synsvinkel må dette sjå annleis ut. Det å sikrast rett til liv ville jo vore deira beste vern, slik det er for resten av oss.

Tønnessen håpar no på «fornyet samtale» etter det biskoppelege linjeskiftet. Men skrivet frå kyrkjetoppane manglar dessverre fornyande kraft og vitalitet; det er ei bleik avskrift av slikt vi har høyrt andre seia før.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt