Verdidebatt

Opplysningsvesenets fond og eigedomsretten.

Det er ikkje staten som eig Opplysningsvesenets fond.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Opplysningsvesenets fond (OVF) er igjen under politisk press. Direktør i OVF, Ole-Wilhelm Meyer  åtvarer i VL 14.02.19 mot å tappe fondet. Lovverket rundt OVF tillet ikkje at det vert teke ut midlar frå grunnkapitalen.

KrFs Kjell Ingolf Ropstad har ansvar for religionsfeltet i regjeringa og har varsla m.a. stortingsmelding om Opplysningsvesenets fond før sommarferien. Det er å forventa at uttalen frå FrP, H og KrF (2010) blir ført vidare: «det underliggende eierskapet til fondet skal ligge hos kirken».

Seniorrådgjevar Even Gran har i Verdidebatt VL 20.2.2019 frå sin synsstad trekt historiske liner og konkludert med at OVF ikkje er eit kyrkjefond.  Kva for argument er då bærekraftige? Er OVF eit statleg eller kyrkjeleg fond?

Spørsmålet om eigedomsretten til Opplysningsvesenets fond og prestegardane har ved sida av dei juridiske spørsmåla også ein teologisk, kulturell, historisk og politisk dimensjon. Difor kan spørsmålet om eigedomsretten til Opplysningsvesenets fond ikkje åleine avgjerast av eit politisk vedtak i Stortinget. Biskop Per Juvkam sa i ei spissformulering tidleg på 1970-talet: «Kyrkja er eldre enn nokon statsskipnad. Korleis kan då kyrkja leggjast under staten?» Skilje mellom kyrkje og stat har vakse fram også for di «staten» har endra seg. På luthersk mark blei reformasjonen gjennombrotet for statskyrkjesystemet. Fyrsten/Kongen vart leiar, også for kyrkja, som «fremste medlem» (praecipiuum membrum ecclesiae). Men det er det almenne prestedømme som gjev teologisk grunngjeving for ei slik mynde. Fyrsten trer ikkje inn i kyrkjestyret i kraft av sin eigen mynde (det verdslege regimentets mandat), men han fungerer med ein mynde som ligg prinsipielt på line med menighetens eigen rett til å ta dei nødvendige skritt for å sikre at truslivets funksjonar får dei rette utviklingsmuligheter. Grunnlaget vart lagt for eit samverke mellom kyrkje og stat. Denne «personale» kyrkjeleiinga vart endra i 1884 med innføring av parlamentarismen. Parlamentarismen opna augo for eit problem som nettop gjaldt kyrkjestyret: Korleis blei det med Kongens mynde som kyrkjestyrar, når hans Regjering blei avhengig av eit Storting som ikkje hadde den same forpliktinga på vedkjenninga som kongen sjølv og hans statsråd?

Brytningar i rettsoppfatninga i norsk mellomalder. 

Som embetsgardar har prestegardane lengre samanhengjande historie enn dei øvrige embetsgardane.  Det dominerande fram mot 1300-talet er kyrkjas markering av eigne rettar og sjølvstende i høve til verdslege styresmakter. Det godset som vart lagt til eit embete, høyrde då embetet til, og vart kalla beneficium (derav ordlaget benefisert gods). Det godset som låg til ei kyrkje eller eit kloster, høyrde kyrkja eller klosteret til.  Embetet, kyrkja og klosteret var då rettsleg særskilde stiftingar. Hjå oss synest det klårt at frå fyrst var det kyrkja, kyrkjestiftinga som åtte alt det kyrkjelege godset. Men dei laut tidleg skilja mellom gods som tente sjølve kyrkjehuset, til vedlikehald, lys og skrud,  og det som vart lagt til presteembetet til opphalde for embetsmannen. På 1300-talet er prestegardane vanlege. Donasjonar har førekjeme i heile mellomalderen. Prestebordsgodset vart etter kvart eige rettssubjekt.

Frå reformasjonen til 1814. 

I reformasjonen tok kongen lovgjevingsmakt og styringsmakt over kyrkja. Kongen drog inn til staten eiga og inntektene til dei rike katolske bispestolane og klostera. Men kyrkjer og presteembete fekk ha eiga si, med same heimel som før. Reformasjonen og den påfølgjande tida fram til 1814 hadde begrensa påverknad på prestegardane og prestebordenes rettar og rettsstilling. Prestane på landet hadde som før i det store og heile alle rettane sine.

Kyrkjeordinansen av 1539, som var den nye kyrkjelovgjevinga etter reformasjonen, fastsette følgjande for prestebordsgodset, for så vidt i tråd med reformatorenes råd:

”Deslige skal hver Sognepræst beholde sin Præstegaard med al sin Rettighed og rette Tilliggelse, som der af Arilds Tid tilligget haver….” dvs. før reformasjonen.

Ordinansen av 1539 blei gjentatt i Christian IV’s kyrkjeordinans av 1607. Ved innføring av eineveldet blei ”geistlighetens privilegier” stadfesta i 1661. Norsk lov av 1687 fører vidare denne lina med atterhald for skogen. I einevaldstida vart det sett i verk ymse tiltak over kyrkjegods og embetsgods. Desse tiltak vart gjorde med lovgjevingsmakt, ikkje av eigedomsrett, og den eiga som staten ikkje tok bort, vart verande eige åt embets- og kyrkjestiftingane.

Tida kring 1814 og Grunnlovas § 106. 

I 1811 kom det eit reskript om grunnlegging av universitet i Norge, og der blei det vist til ”det offentlige beneficerede Jordegods” som finansieringsmåte. I oppfølginga av reskriptet blei det føreslege at embetsinnehavaren til dekning av tapte inntekter skulle få 3/9 av avkastninga, universitetet 2/9, og til trengjande prestar og til almueskular skulle det gå 4/9. Forslaget blei godteke av kongen i 1812, men riksforsamlinga i 1814 vedtok å stanse salg. Spørsmål om korleis overskotet skulle nyttast kom opp igjen under Eidsvolls-forhandlingane i 1814 i samanheng med etablering av ein riksbank. Allereide i 1813 var det vedteke at ein 6% formuesskatt på matrikulert eigedom skulle danne grunnfond for ein dansk-norsk riksbank, og det blei føreslege å bruke det beneficerede godset, og at prestane skulle kome på fast løn.  Sannsynlegvis for å unngå dette gjekk fleirtalet i konstitusjonskomiteen, embetsmennene og borgarane saman om eit forslag som blei forløparen til grunnlovas § 106, og som ville binde framtidige Storting med omsyn til bruken av prestebordsgodset. Grunnlovas § 106 fekk slik utforming:

”Saavel Kjøbesummer som Indtægter af det Geistlighedens beneficerede Gods skal blot anvendes til Geistlighedens Bedste og til Oplysningens Fremme. Milde Stiftelsers Eiendomme skulle blot anvendes til disses Gavn.”

Avkastninga av prestegardsgodset skulle brukast til kyrkjeleg formål. På den tida låg skulestellet heilt under kyrkjeleg administrasjon, og når det difor er tale om at inntektene av kyrkjegodset skal brukast til «geistlighetens beste og opplysningens fremme», er det heilt ut kyrkjelege formål det er tale om. (Andreas Aarflot: Kirke og stat i Norge (1969)).

I 1821 sanksjonerte kongen ”Lov, angaaende det beneficerede Gods”. Lova etablerte også Opplysningsvesenets fond som skulle omfatte alle eingongsinntekter ved salg av prestebordsgods samt løpande inntekter av samme.

Kyrkjedepartementet forsvarar at kyrkja eig fonda. 

Kyrkjedepartementet har gjennom åra vore ein sterk forsvarar for at kyrkja var eigar av fonda. Det var eit vanleg syn at det benefiserte godset var ”kirkens eiendom”  og det måtte gje seg utslag i ei separat forvaltning av kyrkjelege fond og realverdiar. I 1897 vedtok Stortinget at regjeringa skulle røkje etter om  det ville vere heldigare å slå saman alle offentlege fond, både for å få ein billegare administrasjon og for å få i stand ein sentral offentleg utlånsinstitusjon. Alle departement gjekk imot framlegget. Kyrkje- og Undervisningsdepartementet hadde si spesielle grunngjeving. Departementet sa beint ut at grunnlovsparagraf 106 ved å legge ein del av salssummane for benefisert gods til opplysningsformål, ”hadde fordunklet begrepet om kirkens enerett til dette gods”.  Departementet sa vidare at skulle fonda bli samanslegne med andre fond, var det fare for at dei

”i strid med deres historiske oprindelse og Grundlovens bestemmelse, kunne forsvinde som kirkens særformue og indgaa i de almindelige statsmidler….”

Departementet hevda prinsipielt og med styrke at ”selve Grundlovens § 106 har stadfæstet kirkens særret til det omhandlede gods”.

Då det i 1923/24 vart gjort framlegg frå Statens forenklings- og sparekomite om å samle alle fonda og deretter å overføre forvaltninga til Finansdepartementet, kom det skarp reaksjon imot frå Kyrkjedepartementet. For det første avviste Kyrkjedepartementet all tale om at administrasjonen var dyr eller ineffektiv. For det andre hevda departementet ”at de midler, hvorav disse fonds er dannet, (har) i prinsippet vært uavbrutt anerkjent som kirkens eiendom her i landet helt fra Hellig Olavs tid og til nu – de er uttrykkelig anerkjent som sådan ved grunnlovens paragraf 106 og bekreftet i vår senere lovgivning”. Professor Nikolaus Gjelsvik uttala til ekspedisjonssjef Oftenæs i 1928 at han var samd i dei departementale synsmåtane:

"Eg meiner at ein aldri må gløyma at dei kyrkjelege fondi høyrer kyrkja til og ikkje Staten. Fær ein eingong ei fri folkekyrkje i staden for statskyrkje, må det vera ein sjølvsagd ting, at kyrkjefondi går yver til den frie folkekyrkja. Og dermed er det og avgjort at det vilde vera eit stort mistak, om ein ikkje i styret og rekneskapsførsla m.m. held kyrkjefondi og det andre kyrkjegodset vel skilt frå statsfond og annan statseigedom".

Lov om prestegardar 1955. Inga endring av eigedomsretten.

Prestegardslova av  9.desember 1955 opprettheld prestebustader og -gardar som eigedomsmasse under forvaltning av Kyrkjedepartementet. At prestane ikkje lenger får inntekter av prestegarden har samanheng med lønsordninga av 1950 som førte prestane over på lønsregulativet for statens tenestemenn. Lovrevisjonen tilsikta ikkje noka endring av eigedomsretten eller andre rettsforhold vedkomande prestegardane. Dette blei understreka både i lovproposisjonen (Inst. O. XVII for 1955) og under behandlinga av lova i Stortinget.

Opplysningsvesenets fond. 

Opplysningsvesenets fond blei etter kvart synonymt med heile prestebordsgodset og eit samlande uttrykk for dei faste eigedomar og kapitalar som fondet utgjer. I 1963 blei ulike fond, med unntak av særfondet, slått saman til Opplysningsvesenets fond. Samstundes fall ordninga med tilskot til Universitetet i Oslo bort. Avkastninga av det samla fond blei brukt på prestegardane. Denne endringa i forvaltninga skjedde med det tradisjonelle atterhaldet om at eigedomstilhøvet ikkje skulle endrast . Ved omlegging i 1985 (Stortingsmelding) av salgspolitikken for prestegardane og tomter blei det beslutta å opprette eit nytt særfond II. I den nye lova om Opplysningsvesenets fond blei så dei to særfonda slått saman med hovudfondet og skal brukast som følgjer:

”Avkastningen frå fondet skal først dekkje fondet sine utgifter. Utover dette kan avkastningen leggjast til kapitalen og gis til kyrkjelege formål etter nærare avgjerd av Kongen.”

Prestegardslova av 1955 er følgd opp i Lov om Opplysningsvesenets Fond, Lov av 7.juni 1996 nr.33. Når denne lova vart iverksett, vart Prestegardslova av 1955 oppheva. Det er tydeleg at intensjonen frå Prestegardslova § 16 er følgd opp i den nye Opplysningsvesenets Fonds lov.

Det har med den nye kyrkjelova og fondslova vorte ei opprydding og forenkling av det kyrkjelege lovverket. Det Kongen tidlegare beslutta om er i stor grad delegert anten til departementet eller til Kyrkjemøtet. Slik eg oppfatter «departementet» her, var det Kyrkjedepartementet, som før hadde «kyrkjelege fullmakter». No er ansvaret for OVF overført frå Kulturdepartementet til Barne- og likestillingsdepartementet.

Ikkje staten som eig OVF.

Til spørsmålet om eigedomsretten til Opplysningsvesenets fond kan vi følgjeleg svare: Det er ikkje staten som eig OVF. Stortinget kan såleis ikkje gjere enderingar på eigedomsretten til OVF. Fondet er eit eige rettssubjekt og i likskap med ei stifting eig seg sjølv. Fondets formål er uttrykt i § 2, der det heiter at ”Lova skal sikre at fondet kjem Den norske kyrkja til gode og at verdiane blir bevarte og gir avkastning i samsvar med Grunnlova § 106”.  Ut frå gjeldande lovverk er det tydeleg at det grunnlovfesta  Opplysningsvesenets fond vert å sjå på som eit kyrkjeleg fond. Kanskje er det då mest ryddig å overføre funksjonane Kyrkjedepartementet tidlegare har hatt vedk. OVF til rettssubjektet Den norske kyrkje?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt