Barnet
I 1978 vart abortlova innført, og biskopane kom med eit hyrdebrev. På ein truverdig måte forkynner dette brevet menneskeverdet til det ufødte livet. Samstundes løfta det fram omsorga for mødrene. Det var slett ikkje noko hardt og kaldt bispebrev, det var tvert om både tydeleg og omsorgsfullt på same tid.
No skriv riktig nok òg dagens biskopar at fosteret «er fra unnfangelsen et liv med verdi og krav på vern». Problemet er at denne setninga blir overdøyvd av det andre biskopane skriv og seier. I bispefråsegna heiter det m.a. at biskopane ikkje har som fokus «å reise spørsmål om lovens berettigelse». Og biskopane skriv at eit samfunn med tilgang til legal abort er betre enn eit samfunn utan. Då sit eg igjen med spørsmålet om kva slags «verdi» biskopane meiner det ufødde barnet har, kva slags «vern» dei meiner det har krav på og kor det er blitt av barneperspektivet. Eit ufødt barn kan ifølgje norsk lov drepast utan nokon spesiell grunn dei tolv første vekene av livet. Men biskopane vil altså ikkje fokusera på lova som tillet dette. Kan ein tenkja seg ei slik haldning frå biskopane dersom det var ei anna gruppe medmenneske som var heilt utan vern i lovverket?
Bispane si formulering om vern og verdi blir i stor grad motsagt av resten av fråsegna deira. Som om ikkje det var nok, er det nokon av biskopane som støttar dagens friabortlov, som tek frå barnet alt vern dei tre første månadene av livet. Dei same biskopane har altså skrive under på at dei ufødte borna «frå unfangelsen» har «krav på vern».
Derfor er det god grunn til å spørja kva biskopane meiner:
(1) Har det ufødde barnet same verdi som oss andre?
(2) Kva slags konkret vern meiner biskopane at fosteret har krav på?
Dialogen.
Biskopane har som uttalt mål å få til ein betre dialog om abort. Det er alltid godt å søkja den gode samtalen først. No har vi det siste halve året hatt nokre rundar med abortdebatt. Då har det handla om tvillingabortar, og dels om abort av menneske med funksjonshemming og sjukdomar. I tillegg har det heile vore vikla inn i det politiske spelet rundt regjeringssamarbeidet.
Noko av det mest slåande i denne diskusjonen har vore intensiteten i motstanden mot sjølv svært små endringar i norsk abortlov og -praksis. Forsøk på å reisa desse spørsmåla har møtt ein mur av indignasjon og makt-feminisme.
På same måten var det òg då diskusjonen gjekk om fastlegar skulle kunna reservera seg mot tilvising til abort. Reaksjonane var sterke og harde, og det var lite som vitna om vilje til lyttande dialog.
Eg trur sjansane er svært små for at biskopar eller andre kan få til ein reell og respektfull dialog om abortspørsmålet i samfunnet slik klimaet er no. Endå mindre sannsynleg er det dersom dei vil utfordra det norske samfunnet si frårøving av ufødte born sitt menneskeverd. Ingen ting tyder på at dei som forsvarar dagens abortpraksis, ønskjer ein open dialog der òg den grunnleggjande kritikken av norsk abortpraksis får sleppa fram.
Surdeigen.
Med lov skal landet byggjast, heiter det. Eg forventar ikkje at biskopane skal forma ut desse lovene, den børa treng dei ikkje bera. Derimot skal dei forkynna det ukrenkelege menneskeverdet som er gitt oss av Gud, og dei skal tala tydeleg når dette menneskeverdet blir krenka. Sjølv når det blir krenka av staten og lovene. Dei norske biskopane greidde det i 1978. Den katolske kyrkja greier det i dag. Dagens norske biskopar har dessverre ikkje greidd det. Biskop Nordhaug skriv at han sjølv har sans for ei abortlov meir av den tyske typen, der den abortsøkjande kvinna må ha ein rådgjevande samtale med legen før ho bestemmer seg. Men den tyske abortlova er berre ein variant av fri abort, ho gjev ikkje noko eigentleg vern av det ufødte barnet.
Ingen kan heller forlanga at biskopar eller andre skal kunna leggja fram ei lov som i dagens situasjon både gjev fosteret vern og har ein realistisk sjanse til å bli vedteken. Vi lever i eit demokrati der eit klart fleirtal av opinionen og dei politiske partia er imot å gje det ufødde barnet vern dei første månadene av livet. Det er nakne fakta. Ingen kan krevja at biskopane finn ei løysing på dette på kort sikt. Men både biskopar og andre kristne kan be om forandring, forkynna Guds vilje tydeleg, forsvara dei minste små, og gjera godt mot alle. Så må vi satsa på at surdeig-effekten vil påverka samfunnet slik at det veks fram eit nytt og meir humant syn på ufødte medmenneske. I mellomtida blir det altså å gå mot straumen og våga å tenkja langsiktig. Straumar kan snu.