Mai Lene Fløysvik Hæåk

Kommentator i Vårt Land
41

Britisk parti-skilsmisse

Utbrytarane i Labour kan ufriviljug kome til å styrke Corbyn meir enn si eiga sak.

Publisert: 20. feb 2019

Måndag vart ein hard dag for sju av parlamentsmedlemmane i det største opposisjonspartiet i Storbritannia. Labour-representantane kunngjorde i ein eigen pressekonferanse at dei hadde bestemt seg for å gå ut av Labour og danne ei uavhengig gruppe i det britiske parlamentet. Ingen av dei såg ut til å ta lett på avgjersla, og den underliggande bodskapen var klar: Me hadde ikkje forlate Labour om ikkje Labour første hadde forlate oss og det me står for. ­Tysdag blei Joan Ryan den åttande til å gå ut.

Antisemittisme

Sjølv om Chuka Umunna kanskje var den mest profilerte som gjekk ut, var det kanskje avgangen til Luciana­ Berger som var mest symbolsk. Berger var i likskap med Umunna­ medlem av det såkalla skuggekabinettet, altså­ oppo­sisjonen sitt svar på ei ­regjering, frå 2010 til 2015, men i tillegg til dette er ho òg jødisk. Ho har over lengre tid opplevd anti­semittisk mobbing frå partifeller. Under presse­konferansen sa ho at Labour har blitt institusjonelt antisemittisk og at ho hadde vore flau og skamma seg over å bli verande i partiet.

Antisemittisme er likevel ikkje den einaste grunnen til at Labour-­gruppa i det britiske parlamentet har blitt redusert. Parti­leiar Jeremy Corbyn har lenge hevda at eit nyval er ein betre måte for folket å uttrykke­ meininga si om Brexit enn ­
gjennom ei ny folkeavstemming. Eit fellestrekk for dei sju representantane i den uavhengige gruppa er at alle har uttrykt 
stort støtte til ei ny folkeavstemming.

LES OGSÅ: Britene trenger litt Churchill-format nå

Ingen har fleirtal

Konteksten splittinga skjer i er såpass spesiell at hendinga ikkje kan ignorerast. Med Brexit står det britiske parlamentet overfor den største utfordringa på fleire tiår, og slik situasjonen er no er det ­ingen som har reint fleirtal. Ei ny gruppe i parlamentet kan gjere det heile enno meir uføreseieleg, og særleg når ein veit at det går rykte om at konservative representantar kan komme til å skilje lag med eige parti og gå over til den uavhengige gruppa om kort tid.

Fleire snakkar om at Brexit kan kome til å skape heilt nye skiljelinjer i britisk politikk og bryte opp eksisterande struk­turar. I eit slikt perspektiv kan splittinga i Labour bli sett på som viktig for kva politisk landskap som vil prege Storbritannia i lang tid.

Samstundes skal det svært mykje til for at denne spådommen skal bli oppfylt. I snart hundre år har fleirtalet i det britisk­e parlamentet skifta mellom to parti: Labour og Conservatives. Då fire Labour-representantar braut ut av Labour-partiet i 1981 og danna The Social Democratic Party (SDP) vart det snakka høgt om at dette kunne endre britisk politikk radikalt. SDP vart der­imot ingen suksess, og i 1988 slo dei seg saman med det liberale partiet og vart til The Liberal D­emocrats.

Dei sju representantane som gjekk ut av Labour-partiet på måndag var klare på at dei ikkje danna eit nytt parti, og dei a­vviste òg alle parallellar til SDP og splittinga på 80-talet. Likevel er det lett å sjå likskapane med dei som i 1982 gjekk ut av Labour fordi dei meinte partiet hadde gått for langt til venstre og var for EU-skeptiske. I likskap med splittinga på 80-talet kan det som skjer no bidra til å svekke eiga sak.

LES OGSÅ: Britene kan krasje ut av EU

Corbyn

På den andre sida kan det kome til å styrke posisjonen til Corbyn innetter i partiet. Dei mest lojale vil sjå på splittinga som nok eit døme på at dei sentrumsorienterte er ute etter å ta Corbyn og øydelegge prosjektet­ hans. Truleg vil desse samle seg enno meir om han. Allereie ser me tendensar til nedlatande ­ordbruk om dei som har gått ut og ein enno sterkare brodd mot Corbyn-motstandarane.

Det er ingen tvil om at det er retninga han har ført partiet i som har trigga hendingane på måndag. Sjølv seier han at han er skuffa over at representantane ikkje kan stå inne for programmet dei er valt på og minnar nok ein gong om det gode valresultatet i 2017 kor «the many, not the few» fekk noko dei skulle ha sagt. Men Labour gjorde ikkje noko godt val i 2017. Dei vann knapt nok tilbake setene som dei tapte to år tidlegare, og til slutt enda dei på berre fire fleire mandat enn ved katastrofevalet i 2010.

Svak leiar 

Storbritannia har aldri hatt eit så stort behov for god leiarskap og eit styrings­dyktig alternativ som det dei har no. Då er det trist at Corbyn er den svakaste leiaren Labour har hatt på lenge. Når til og med hans eigne har så lite trua at dei vel han bort, er det vanskeleg å sjå kvifor veljarane skal tenke annleis.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Glansbilder av Sjømannskirken?
av
Arnfinn Eng
22 dager siden / 1828 visninger
Servietter og skam
av
Merete Thomassen
14 dager siden / 1589 visninger
Tenåringstrass i regjeringen
av
Usman Rana
22 dager siden / 1566 visninger
Idiotforklarer kristen høyreside
av
Espen Ottosen
21 dager siden / 1497 visninger
Ord som truer vår religionsfrihet
av
Trond Bakkevig
13 dager siden / 1395 visninger
En samfunnsskapende kraft
av
Berit Hustad Nilsen
15 dager siden / 1343 visninger
Hva skjer Hanvold?
av
Bendik Storøy Hermansen
11 dager siden / 1257 visninger
Stolthet er undervurdert
av
Magne Nylenna
26 dager siden / 1164 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere