Svein Volle

5

Pensjonistekteskapet – eit økonomisk tapsprosjekt

Publisert: 12. feb 2019

Åste Dokka skriv prisverdig i laurdags­avisa om føremonane ved ekteskapet i høve til ­sambuarskapen når det gjeld tryggleik i ­økonomien. Ikkje minst for kvinner: «(…) og derfor bør det også være en feministsak at flere gifter seg». Så langt, så bra.

Men for pensjonistar er det omvendt, her er det nærast ein økonomisk katastrofe å gifte seg. Det går særleg ut over kvinna, dersom ho er den fattigaste parten, noko ho som regel er. Ho misser ein eventuell ektefellepensjon frå tidlegare avdød mann. Og straks er også Nav på pletten og reduserer hennar pensjon frå folketrygda med 25 prosent. Ein reknar visst med at paret flyttar saman og at ­mannen er hovudforsørgjar. I 2019!

Men blir pensjonistar sambuande utan å gifte seg, beheld dei alt! Økonomisk må altså rådet til pensjonistar bli: gift dykk ikkje! Det er eit økonomisk tapsprosjekt! Lev heller i ein ordna sambuarskap!

Men for meg og mi nye kone er ekte­skapet noko meir enn økonomi. Det er etter vårt ­kristne livssyn den rette ordninga for samliv. Derfor gifta vi oss i høg alder, kjærleiken trumfa økonomiske konsekvensar. Vi gifta oss i kyrkja med orgelbrus og alt som høyrer til. Lykka var fullkomen.

Ein månad etterpå må vi innsjå at kona mi misser ca ein tredel av sin pensjon. Det er ­krevjande for ho som er minste­pensjonist og som har som mål å framleis vere ein ­økonomisk sjølvstendig person. Men vi vil ­likevel halde fram med å vere gift, vi tar ikkje ut skilsmisse av økonomiske grunnar.

Vi forstår likevel meir enn før ­pensjonistar som av økonomiske grunnar vel å leve i ­sambuarskap. For vi ser no at Staten ­gjennom lov fremjar sambuarskapen framfor ekte­skapet.

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere