Verdidebatt

Forkynnande retorikk

Bibeltruskap og bibelforståing

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg vil lansera eit nytt begrep: Forkynnande retorikk. Det kan vera med å byggja ned motsetnadane mellom bibellesarar som vil vera bibeltru – og som kjem i konflikt med andre som vil det same, - men som kjem til ein heilt annan slutning.

Forkynnande retorikk går på å kunna skilja ut det som skal takast bokstaveleg og det som er uttrykt i bilettale – i metaforar og aforismer som er meint til oppvakning, omvending og oppbygging.

Uttrykk som «logande sverd», «vreides vin», «evig eld», «røyk som stig opp i all æve» - er ikkje meir bokstaveleg meint enn at den «evige» svovelelden over Sodoma er slokna for fleire tusen år sidan, og at den «usløkkjande» helveteselden i Hinnoms dal har brent ut for lenge sidan.

Skal me ta ordet i Op 14,10: «… han skal drikka av Guds vreidesvin,  som er skjenkt ublanda i hans harmes skål »  bokstaveleg?   Ser me for oss at Gud svingar opp med karaffel og flaske og skjenkjer i glasskåler eller stettglas til kvar og ein som har hatt dyrets merke på seg? Neppe. Men kvifor må me ta resten av utsegna bokstaveleg når det står: «Røyken frå pinsla deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag…».   Spesielt når me veit at det ikkje skal vera natt og dag lenger, - etter at tida er endt?

 «Logande sverd» . - Hadde denne teksten vore skriven i dag, ville vel meir tidsmessige våpen blitt nemnt: «Knatrande Kalashnikov» og  kulesprutande maskingevær?

Og når endetidsskildringane omtalar «eldsjøen» som det mest definitive utslettingsmiddelet, så er det vel meir rimeleg å tru at Gud vil bruka ei moderne og tidsmessig hydrogenbombe der alt liv og stoff fordampar i eit einaste lysglimt?

«Så lenge det er tid» er eit bibelsk uttrykk som fortel oss at ein gong er det slutt på netter- og dagetal. Like fullt står metaforen «natt og dag»  like attmed ordet: «Det skal ikkje vera dag og natt lenger – for Gud skal vera lys…»

Etter Den Siste Dag er dei sæle gått inn til Paradis i dei Evige Salar til eit liv i Guds nærleik. Dei usæle er gått inn i det Evige Mørker til eit Inkjetilvere som var før alt vart skapt.  Til den totale utsletting.

Me som lever nå, i Tidsdimensjonen, har ikkje termar for tidløyse  og den nye dimensjonen:  Æva. Men då må me ikkje setja namn på den nye «tida» - og bruka utgådde termar som: «Ei lang tid som aldri tek slutt».  Det blir berre misvisande og fører til villfaring. Og det er det som har skjedd.

Me flokar det heile til med ikkje å skilja mellom Tida og Æva, tidsdimensjonen og Guds dimensjon/evigheita, - straff og evig pine, – ei heller er me flinke til å skilja mellom «forkynnande retorikk»: - preiker og åtvaringar/ forkynning med bruk av gjengse fyndord, ordspel  og sterke overdrivingar som «bjelke i auga» -  og bokstaveleg, konkret skildring av ting og tilhøve.

Dette gjer seg gjeldande ikkje minst når det omhandler Jesu liding. Straffa for vår vantru og avvising av Gud er ikkje fysisk pine knytt til eld og svovel, men ei mental/åndeleg kvide. 

Paulus definerer det så klårt i det lite påakta ordet i 2. Tess 1,9: «Straffa deira skal vera ei evig fortaping borte frå Herrens åsyn og frå hans herlegdom og makt.»

Ikkje eitt ord om fysisk pine og helvetes eld. Og det klåre dømet er Jesu eiga lidingssoge: Han klagar seg i døds-angsten i Getsemane, før Golgata,-  men seier ingenting for gjennomspikra hender og føter på krossen.  Det han ynkar seg over då, er den same straffa som sidan skal henda alle dei ugudelege:  Å bli skild frå Gud og hans nærvere.

Jesus sette ord på det med klageropet:  «Min Gud, min Gud kvifor har du forlate meg!».  Det var det ulidelege, – helvetet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt