Verdidebatt

Ingen energi å miste

Dagens ordning for val og utnemning av biskop fører med seg for stor energilekkasje. Den energien treng vi, så vi kan kanalisera den i byggande menighetsarbeid og konstruktivt folkekyrkjeleg engasjement.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den verste støvskya har lagt seg etter siste bispeutnemning i Stavanger. Kjenner eg bispedømmet rett – og det gjer eg – vil den nye biskopen bli tatt imot med omsorg og samarbeid. Bispedømet har interesse av at forholdet mellom biskop, presteskap og tilsette, og kyrkjelydar faktisk fungerer.

Men det gjer ikkje behovet for å drøfta kor fornuftig den nåverande ordninga for val eller utnemning av biskop er, mindre aktuelt.

Men først: Ingen har trekt i tvil at kyrkjerådet har formell rett til å gjera som dei gjorde. Men det tar ikkje bort den lokale opplevinga av å ikkje bli tatt på alvor. Og den blir særleg sterk når det opplevast som om dette er eit fenomen som gjentar seg. Det kan godt henda at bakgrunnen for valet denne gongen heng saman med andre saker enn ulike nyansar i syn på samlivs- og ekteskapsordning, slik Alf Gjøsund hevdar i sin sympatiske refleksjon på side 2-3 i Vårt Land den 2. februar.

Fangar ikkje nyansane. 

Men heller ikkje det bidrar til å dempa frustrasjonen. Det heng blant anna saman med at det truleg er mange her i bispedømet som ikkje heilt kjenner seg igjen i Gjøsund si framstilling: Det er to frontar der den eine på eit formalistisk folkekyrkjeleg grunnlag tenker i hovudsak ordning, og den andre nærast lever i eit bedehus-fangenskap. Dette fangar ikkje heilt nyansane eller kyrkjebiletet der for eksempel impulsane frå den anglosaksiske verda kan vera like sterke som frå bedehusrørsla.

Eg er elles rimeleg trygg på at den nye biskopen har altfor god bakkekontakt til at ho vil starta si teneste ved å krevja omfattande innstraming av gjeldande liturgisk praksis.

Men spørsmålet om det kyrkjerådet gjorde var fornuftig i eit lengre perspektiv, blir like fullt ståande. Og i forlenginga av det – om den ordninga som altså opnar for at ei profilert teologisk gruppe kan komma i ein posisjon der dei har nasjonal utnemningsrett, er ei ordning med bærekraft.

Eg vil argumentera for at prosessen i Stavanger demonstrerer at dette er ei ordning som over tid vil vera krevjande.

Rygg til å bera. 

Direktøren i kyrkjerådet, Ingrid Vad Nilsen, forsvarte kyrkjerådets vedtak på førebiletleg vis i debatt med Jostein Ådna, nestleiar i Stavanger bispedømeråd, i Dagsnytt atten nyleg. Samtidig viste ho til at dette var ei ordning som hadde overlevd frå den tida då biskopar blei utnemnde i statsråd. Og så la ho til: Staten hadde rygg til å bera slike vedtak. Det naturlege oppfølgingsspørsmålet lot ho henga: om ei folkekyrkje fråkopla frå staten har det same.

Eg trur Vad Nilsen har viktige poeng: Vi treng ei ordning som sikrar at vi får gode leiarar i kyrkja, og som sikrar at vi får leiarar og biskopar, med variert teologisk profil og ulik erfaringsbakgrunn. Skal dei styra og leia ei mangfaldig kyrkje, er det nødvendig.

Men vår nye kyrkjeordning bygger på frivillig innsats. Både styringsansvar og økonomisk ansvar heng i aukande grad på at menneske lokalt stiller tid og ressursar til disposisjon for den kyrkja dei er medlemmer av. I dette perspektivet trur eg ikkje at den ordninga vi nå har, og som vi nettopp opplevde praktisert, har bærekraft over tid.

Tatt på alvor. 

Vi treng ei ordning som fører til at både det sentrale ansvaret for kyrkjas totale behov og det lokale (bispedømebaserte) votumet blir opplevd tatt på alvor, slik at det bygger, og ikkje undergrev viljen til og ønsket om å støtta og yta for denne kyrkja. Det er i tillegg ein opplevd diskrepans mellom ei omfattande valordning – bispedømevis og nasjonalt - og ein utnemninsgmåte som kan overprøva resultatet av denne omfattande og krevjande prosessen.

Dagens ordning fører med seg for stor energilekkasje. Den energien treng vi, så vi kan kanalisera den i byggande menighetsarbeid og konstruktivt folkekyrkjeleg engasjement.

Eg vil oppmoda dei sentralkyrkjelege organa til å arbeida vidare med dette, for å laga ei val- og/eller utnemningsordning som i høgare grad enn i dag møter desse behova.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt