Spaltist Emil André Erstad

Karta teiknast på ny

Vi må ikkje vere naive og tru at fridomen vår er immun mot autoritære krefter.

Publisert: 6. feb 2019.

Då eg vaks opp på 1990-talet, var det ein gryande optimisme på demokratiets vegne som prega oss. Eg hugsar korleis lærarane på skulen heile tida måtte oppdatere karta sine, fordi dei viste ei utdatert verd. Utdatert på den positive måten, der endringane stort sett berre gjekk i retning av meir demokrati og meir respekt for grunnleggande menneskerettar.

Les også: Flere kristne blir forfulgt

Intensivert forfølginga. 

Det kan hende lærarane til sonen min må oppdatere sine kart også, når han byrjar på skulen til hausten. Men det er i så fall endringar av den negative sorten. For eksempel kan det hende at lista over liberale demokrati i Europa ikkje vil vere like lang om tre eller fem år, som den var i fjor? Det er mykje som tyder på at endringane i negativ retning vil halde fram.

Det er etter kvart velkjent at Ungarn dei siste åra har fått ein kraftig forverra menneskerettssituasjon. Styresmaktene har intensivert forfølginga av uavhengige grupper blant sivilsamfunnet og opposisjonelle, noko som har ført til at vanlege ungarske borgarar er blitt meir forsiktige med å uttale seg om politiske emne i offentlegheita. Det sentraleuropeiske universitetet vart regelrett kasta ut av Budapest.

Mørke skuggar. 

I Polen veit vi at styresmaktene sitt arbeid med å svekke og underminere rettsstaten og menneskerettane heldt fram med full styrke i 2018, og sannsynlegvis også i 2019. Det høgrepopulistiske regjeringspartiet og dets leiar Jaroslaw Kaczynski er på veg til å ta Polen i klar autoritær retning.

Demokrati- og menneskerettssituasjonen blir stadig verre også i andre EU-land. Grunnleggande rettar vi lenge har tatt for gitt blir tatt frå vanlege borgarar i Slovakia, Slovenia, Bulgaria, Romania og Tsjekkia. Eksempelvis har drapa på gravejournalisten Jan Kuzak i Slovakia og Daphne Galizia på Malta kasta mørke skuggar over pressefridomen i hjartet av Europa. Det er skitskummelt.

I ei slik verd, der tilsynelatande liberale demokrati ser ut til å rakne i sømmene, er det grunn til å vere på vakt overfor alle innskrenkingar i grunnleggande fridomar. Det er grunn til å passe seg for alle illiberale haldningar og trekk. Det er grunn til å lytte når FN og andre internasjonale aktørar tar bladet frå munnen og ropar varsku.

Les også: Rapport om krigsforbrytelser som «råtner i en skuff i New York» må bli tatt fram, ber fredsprisvinner. Vi har begrenset kapasitet, sier utenriksministeren.

Nører opp om frykt. 

Nettopp det skjedde førre veke, og reaksjonen frå norske politikarar var ikkje oppløftande. «I Europa er det blitt et fiendtlig politisk klima. Uansvarlige og skruppelløse politikarar nører opp om frykt for flyktningar og migranter, for å manipulere veljarar». Kraftsalven kom frå FN sin høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi, på tampen av eit besøk til Norge førre veke.

Få norske politikarar reagerte på utsegna, utanom Frp sin innvandringspolitiske talsmann Jon Helgheim. Det vanlege i slike kontroversielle saker er at politikarar svarar på spørsmål frå media, men VG kunne opplyse at Helgheim sjølv tok kontakt med dei for å servere følgjande bodskap:

«Han (Filippo Grandi) framsto som en typisk FN-pamp uten bakkekontakt. Han henger ut europeiske og norske politikarar som vil begrense innvandring. Han fremstiller vår politikk som umoralsk, på en måte som jeg er sjokkert over (…). Det er hårreisende å komme til Norge og gi instrukser for hvordan vi skal diskutere. Jeg vil ha meg frabedt å bli belært på en kunnskapsløs og spekulativ måte (…)». Dette til tross for at Grandi ikkje nemnte Frp eller andre høgrepopulistar ved namn i sin kritikk.

Del av oppskrifta. 

Den knallharde tonen mot FN og andre internasjonale aktørar er ein del av oppskrifta dei illiberale og autoritære kreftene nyttar i sin strategi. Det er ikkje rettferdig mot Helgheim å sei at han er ein del av slike krefter, men då bør også han og andre politikarar slutte å skape eit inntrykk av at dei er det.

For i ei tid der autoritære krefter breier om seg, er det ingen grunn til å tru at dette fenomenet ikkje kan kome til Norge.

Les også: USA har siste uken hatt gjennombrudd i fredssamtaler med de afghanske islamistene i Taliban. Donald Trumps store mål er å trekke USA ut av landets lengstvarende krig.

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere