Verdidebatt

Ein stad å bu etter Brexit

Britane klarer ikkje å gi alle som treng det ein stad å bu, og enno verre kan det bli etter Brexit.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

14. juni 2017 braut det ut brann i Grenfell Tower i London. 71 menneske døydde og 108 vart skada. Etterforskinga av kva som eigentleg skjedde er enno ikkje ferdig, men noko veit me allereie: Kledninga utanpå bygget hadde brennbar kjerne og er i USA forbode på bygg som er på over tolv etasjar, altså halvparten av dei 24 etasjane i Grenfell. Over lang tid hadde Grenfell Action Group (GAG) prøvd å åtvare om dårleg branntryggleik i bygget.

Ingen bryr seg. Korleis kunne dei neglisjere ein så høg bygning i ein av dei mest sentrale og velståande bydelane i London? Den harde sanninga er truleg at fleire av husværa i bygget var sosialbustader og at mange av dei som budde i desse sosialbustadane høyrer til etniske minoritetar i Storbritannia. Det er ingen som bryr seg om å vedlikehalde bygg for dei som er nedst på rangstigen.

Etterspurnaden etter sosialbustader er høg i Storbritannia. Ein analyse frå 2017 viser fem nye familiar blir heimlause kvar time i landet. Mange av dei som budde i Grenfell var nokre av dei «heldige» som hadde fått tildelt sosialbustad av bydelen. Men vegen dit er lang.

Heimlaus. Fram til 2018 måtte ein for å få hjelp kunne gi prov på at ein heilt reelt sett var heimlaus den dagen ein bad om hjelp – om ein skulle få hjelp. Viss ein gjekk til kommunen og sa: «Eg blir heimlaus om to veker, de må hjelpe meg» var svaret: «Du kan kome tilbake om to veker når du faktisker heimlaus.» I ettertid har dette blitt endra for at kommunane skal kunne gi betre hjelp, men framleis er det å bli anerkjent som heimlaus vanskeleg nok i seg sjølv.

Om ein etterkvart får status som heimlaus og kjem inn i hjelpeapparatet må ein først bu seg på å bu i ein mellombels bustad i lang tid, kanskje over fleire år. I 2020 kan opptil 100.000 heimlause bu i mellombelse sosialbustadar, som til dømes pensjonat, vandreheimar eller dårleg vedlikehaldne husvære. Ni månadar etter brannen i Grenfell var dette røyndommen for over 100 av familiane som budde der då det brann.

Vilje. «Leige til eige»-ordninga som vart innført under Margaret Thatcher, og som gir folk lov til å kjøpe sosialbustaden sin frå det offentlege for under marknadspris, har i mange år ført til at sosialbustadar blir kjøpt vekk frå det offentlege. I tillegg har det under både Labour-styrte regjeringar og konservativt styrte regjeringar vist manglande vilje til å bygge eit tilstrekkeleg tal nye sosialbustadar. Truleg kjem ikkje situasjonen til å endre seg med det første.

Tvert i mot vil problemet med å finne nok sosialbustadar til alle berre auke etter Brexit. Allereie opplever byggebransjen at det er mangel på faglært arbeidskraft frå EU. Truleg vil kostnaden på importert byggemateriale auke, og det blir vanskeleg å søke om pengar får europeiske støtteordningar. Med slike føresetnadar blir det stadig vanskelegare å snu situasjonen og gi permanent bustad til fleire.

Prioritert. Mange vil heller ikkje innsjå at Brexit råkar dei heimlause og andre sosialt utsette grupper hardt. Tvert i mot har mange ei oppfatning av at det vil bli enklare å få jobb og enklare å få sosialbustad når berre innvandrarar frå EU flyttar. Allereie i 2007 skreiv Labour-representant Margaret Hodge eit innlegg i The Observerkor ho hevda at migrantar vart prioritert framfor etnisk britiske familiar i fordeling av sosialbustadar. Fram til då var dei einaste som hevda dette høgrevridde, innvandringsskeptiske organisasjonar som British National Party og Migration Watch.

Trua på at EU er skuld i mange av dei sosiale problema i Storbritannia og  at alt kan fiksast med redusert innvandring har vore sterkt dei siste åra. Trass i rapportar frå til dømes Equality and Human Rights Commission om at innvandrarar ikkje blir favorisert i fordeling av sosialbustadar, er det ei utbreidd oppfatning av at det motsette er tilfellet. Når både politikarar og media skyv ansvaret for manglande sosialbustadar over på innvandrarar, kjem det ikkje fram at den eigentlege grunnen til at så mange heimlause held fram med å bu i mellombelse bustadar er bruken av sosialbustadar som ein salderingspost. Til og med pengane som blir brukt til brannsikring etter Grenfell blir tatt frå budsjettet for sosialbustadar.

Til sjuande og sist er enkeltmenneske som betaler for politikken ei regjering fører. Store og omfattande samfunnsendringar råkar dei som sit nedst ved bordet hardast. Brexit er ikkje eit unntak.

Denne kommtaren vart  publisert i Vårt Lands papiravis 4. februar 2018

Bilete: Matt Dunham/AP Photo/NTB Scanpix

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt